Regjeringa la torsdag fram sin nye nasjonale sikkerheitsstrategi.
Det skjer på dagen 80 år etter frigjeringa.
– Vi må igjen vere budd på at krig kan råke Noreg, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Kvifor akkurat no?
– Det er den mest alvorlege og usikre tida Noreg har stått i sidan andre verdskrig, seier Støre.
Kristoffer Thoner, utanriksminister Espen Barth Eide (Ap), justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap), forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) og satssekretær Eivind Vad Petersson (Ap) lyttar. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under lanseringa av Nasjonal sikkerheitsstrategi i Fanehallen ved Akershus festning i Oslo.
Foto: Lise Åserud / NTBStyrke forsvarsevnene og økonomisk sikkerheit
– Verda har blitt farlegare og meir uføreseieleg, seier statsministeren.
Strategien er basert på seks norske interesser:
- Eit fritt og sjølvstendig demokrati
- Eit sterkt demokrati
- Ein open og omstillingsdyktig økonomi
- Eit trygt og tillitsfullt samfunn
- Eit alliert fellesskap og samhald i Europa
- Ei verd som søker løysingar basert på folkeretten
Dette vil vere grunnlaget for regjeringa sine val og prioriteringar framover. Då er det spesielt tre ting på lista:
- Raskt styrke forsvarsevna
- Gjere samfunnet meir motstandsdyktig
- Styrke vår økonomiske sikkerheit
– Heile samfunnet må bidra: Offentlege styresmakter, næringslivet, fagrørsla, frivilligheita, og kvar enkelt. Strategien skal bidra til at alle dreg i same retning, seier Støre.
Statsminister Jonas Gahr Støre møtte USAs president Donald Trump i april.
Foto: Cornelius Poppe / NTB– Amerikansk militært nærvær i Europa kan ikkje bli tatt for gitt
Vi må ha fleire trygge bein å stå på, seier statsministeren. Natos forsvarsallianse er heilt avgjerande.
USAs president Donald Trump har ved fleire høve gjentatt at han ikkje vil forsvare Nato-land som ikkje bruker nok pengar på forsvar. Dette er i strid med sjølve alliansen.
– Vår næraste allierte, USA, opptrer på nye måtar og som skapar ei usikkerheit på mange område.
– Sjølvsagt er den politiske leiinga viktig, men det er ein stor infrastruktur i det statlege apparatet på begge statar som har nær kontakt, legg Støre til.
Europa må derfor ta meir ansvar, seier han:
– Omfattande amerikansk militært nærvær i Europa kan ikkje bli tatt for gitt.
Etter at Donald Trump gjekk inn i sin andre periode som USAs president, har også verdas handelspolitikk blitt snudd på hovudet.
– Noreg har verdas mest opne økonomi. Tollkrig har tidlegare ført til militære konfliktar, det må ikkje skje på nytt. Alt det som skjer internasjonalt, har stor betydning for Noreg, seier Støre.
I april reiste statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg til Det kvite hus for å diskutere dei varsla amerikanske tollsatsane mot Noreg og krigen i Ukraina. Eit godt møte, skildra partane det som.
Eit aggressivt og uføreseieleg Russland
«Russland prøver å tvinge fram ein alternativ sikkerheitsarkitektur i Europa», står det i strategien frå regjeringa som situasjonen.
– Vi er nabo til eit farlegare og meir militarisert Russland som har brakt storkrig til Europa, seier Støre når han skildrar den sikkerheitspolitiske situasjonen Noreg står i, seier Støre.
Russlands krig i Ukraina går føre seg med full styrke, trass i amerikanske forsøk på å få partane til forhandlingsbordet.
Russland bruker framgangsmåtar som trugslar om bruk av kjernevåpen, sabotasje, feilinformasjon. Dette råkar også Noreg, står det vidare i strategien.
Det var her Jonas Gahr Støre hadde eit møte med USAs president Donald Trump og resten av delegasjonen.
Foto: Cornelius Poppe / NTBDonald Trump har blitt kritisert for å snakke meir positivt om Russlands president Putin enn med mange andre. Då Støre besøkte Donald Trump i april skjøv han eit kart over bordet til presidenten. Det viste nordområda.
Støre seier det var viktig for han å sjå den amerikanske presidenten i auga og seie at i dette område er verdas største konsentrasjon av atomvåpen.
– Dette er ikkje retta mot oss, men for å seie det rett ut, mot deg, sa Støre til Trump ifølge han sjølv.
Publisert 08.05.2025, kl. 09.00 Oppdatert 08.05.2025, kl. 11.23