Norsk medaljehåp knust etter tjuvstart: – Nei, nei, nei

1 month ago 30



– Nei, nei, nei. Om ho ikkje ventar 16 sekund, så er det disk, sa NRK-ekspert Birgit Skarstein etter feilen til Liseth.

Liseth var første nordmann ut i finalane i para-langrenn.

Men ho starta tidlegare enn ho skulle, og vart straffa for det.

– Det ser ut som ho skjønte at ho hadde gått for tidleg, sa NRK-kommentator Hans Solbakken.

Liseth enda etter tjuvstarten på sjetteplass av seks deltakarar i finalen – sjølv om ho var nummer fire i mål.

Ski-VM 2025.

FOR TIDLEG UTE: Indira Liseth i VM-finalen.

Foto: NTB

Fire norske i finalane

Norge stilte med fire utøvarar i finalane i para-langrenn onsdag føremiddag:

Vilde Nilsen, Indira Liseth, Thomas Oxaal (med følgjeperson Geir Lervik) og Kjartan Haugen.

Vilde Nilsen har ikkje tapt ein sprint sidan Paralympics i Pyeongchang i 2018.

Dette er første gong ei øving i paralangrenn blir lagt inn i eit ordinært ski-VM.

Ski-VM 2025

Kjartan Haugen under prologen tysdag.

Foto: NTB

Kritisk til formatet

Før og etter semifinalane var NRK-ekspert Birgit Skarstein kritisk til at paraøvingane vart fordelte på to dagar.

Prologane gjekk tysdag, semifinalane og finalane onsdag.

– Vanlegvis er det ein regel som seier at alt må skje på same dag, slik at berekningane blir korrekte. Her har ein gjort ei tilpassing for å skli paralangrenn inn på programmet. Den tilpassinga kan få store konsekvensar for kven som endar på pallen i dag, seier Skarstein.

Birgit Skarstein

KRITISK: NRK-ekspert Birgit Skarstein.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Kva tenker du om tilpassinga?

– Vi må tenke på det som at det er eit skritt i rett retning å få paralangrenn på programmet. Samtidig blør idrettsutøvarhjartet mitt litt når det går utover konkurransen, meiner NRK-eksperten.

– Stramt skjema

NRK har lagt fram kritikken til Georg Zipfel, rennleiar for para.

– Vi er glade for å vere ein del av VM-programmet, men tidsskjemaet er stramt. Her er både langrenn, kombinert, trening og para. Eg seier ikkje at tidsskjemaet vårt er ideelt, men dette er våre store sjanse til å få vist fram paraidretten på, seier Zipfel.

Og legg til at det er ein utandørssport, og at reglane blir følgt.

– Vi hadde ingen annan sjanse enn å fordele konkurransane våre på to dagar, seier rennleiaren.

Ski-VM 2025

Indira Liseth i prologen.

Foto: NTB

– Stor norsk dag

Sjølv om konkurransane vart lagt over to dagar, gjekk alle dei fire norske utøvarane vidare til finalane.

– Dette er ein stor dag norsk, dag, sa Birgit Skarstein då semifinale var unnagjort.

Både Vilde Nilsen, Thomas Oxaal og Kjartan Haugen tok seg greitt vidare frå sine semifinalar, medan Indira Liseth fekk finaleplass på walkover.

Ski-VM 2025

Thomas Oxaal under prologen.

Foto: NTB

Publisert 05.03.2025, kl. 12.24 Oppdatert 05.03.2025, kl. 12.29

Read Entire Article