NRK Lokalen er blitt rauraddel med altfor mykje inkjeseiande musikk

2 hours ago 1



Bildet frå 2017 er tatt i radiostudioet til NRK Rogaland på Ullandhaug. Foto: Jonas Haarr Friestad

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Tidene då det berre blei spelt av ei ønskeplate frå ei bestemor på Ålgård per sending, er definitivt forbi i NRK Lokalen.

No byr NRK Rogaland på ei tre timars radiosending kvar morgon og ettermiddag frå mandag til fredag. Eg er klar over at det ikkje er ein fysisk grammofon dei har der oppe, men ei innretning på Tyholt i Trondheim, som lastar ned det dei kallar for musikk, og sender denne til lokalkontora rundt om i landet.

Slik det er blitt, så er sendingane berre speling av plater, heilt utan meining i samband med dei få innslaga dei har på programmet. 10–12 avspelingar i timen, ispedd rauaraddel mellom disse, er det me får «oppleva». Det er vel så langt ifrå journalistikk som det går an å komma?

Men sjølvsagt så kan dei om dei vil. Laugaland og Ellingsen slo til me 15-timars sending for å markera byens 900 års jubileum, med 900 år på 900 minutt. Heilt flott og kjekt, og vel blåst.

Tidene endre seg, og me med dei, men at det skal gå frå ei ønskeplate per sending, gjerne frå ei bestemor på Ålgård, med «Jeg vil ha en liten hund» som gjengangar, til eit barnebarn, til å vera ei sending der intervjuobjekta omtrent ikkje får tid til å snakka ferdig, før neste «låt» strøymer ut, kan vel knapt kallas utvikling? Ein vinn ikkje ungdommane, om det er målet, og dei litt eldre skrur ned volumet når støyen vert for sterk, og gløymer så heile sendinga.

Eg vil tru at NRK får betalt for å spela alle desse platene, då det går att i fleire program, der innslaga vert «ispedd» såkalla musikk. Som allmennkringkastar må me venta oss litt meir frå NRK enn frå lokalradiostasjonar. Blant den halve millionen rogalendingar som me er, må det vel vera stoff nok?

Publisert:

Publisert: 11. februar 2026 16:03

Read Entire Article