Null, null, null: Fleire kommunar vil ikkje busette ein einaste flyktning i år

1 hour ago 3



Foreløpig har vel halvparten av kommunane svart på oppfordringa frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), som har ansvar for å busette flyktningar her i landet.

Dette er foreløpig status:

  • 322 kommunar er bedne om å busette 13.000 flyktningar i år.

  • Kommunane som har svart, blei bedne om å busette 7891 flyktningar. Dei har vedtatt å busette 6778.

  • Foreløpig er det altså eit «underskot» på 1113 busettingsplassar.

 Tonje Lavik Pederssen (Frp) står foran en mikrofon i Debatten-studioet i NRK.

Frps gruppeleiar i Asker, Tonje Lavik Pederssen.

Foto: n653058

I Asker ville Frp seie null flyktningar – og fekk langt på veg gjennomslag.

– Vi foreslo full busettingsstopp i 2026, altså å ta imot null flyktningar i kommunen, seier Frp sin gruppeleiar Tonje Lavik Pedersen i Asker.

Kompromisset blei 28, men oppfordringa var å busette 103 flyktningar i år.

– Vi har sagt at nå må vi sette det på pause, ein stopp. Vi må ta vare på dei som allereie har komme til kommunen vår, og fokusere på det før vi tar imot enda fleire som vi ikkje har midlar til å integrere på ein god nok måte.

Seier nei

Ei rekke kommunar har nå sagt nei og vil ikkje busette ein einaste flyktning i 2026.

Blant dei er Sarpsborg, Fredrikstad, Nord-Odal, Åsnes, Våler i Innlandet, Midt-Telemark og Evje og Hornnes.

Heller ikkje Lyngdal, Ullensvang, Birkenes, Ulvik, Ås eller Lørenskog vil busette nokon flyktningar i 2026, ifølge KS si oversikt.

På Sørlandet seier Bykle-ordførar Hans Blattmann (Ap) og kollegaen hans i Lillesand, Einar Holmer Hoven (H), nei til å busette flyktningar i år.

I Bykle har embetsverket varsla om at tolegrensa for mottak av flyktningar er nådd, ifølge Blattmann.

– Nå var det eit tydeleg signal frå administrasjonen at nå trong dei berre ein fot i bakken. Og ikkje med smil rundt munnen. Vi synest ikkje det er greitt, men sånn er det akkurat nå, sa Blattmann nyleg til NRK.

– Vi har ikkje råd til det med den økonomiske situasjonen i kommunen vår, som er at vi er heilt på felgen, seier Holmer-Hoven.

Råde

Viss kommunane ikkje tar imot flyktningane, kan det bli lenger tid i mottak, varslar IMDi.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

– Pressa økonomi

Storbyar som Oslo, Stavanger og Trondheim har sagt ja til det talet dei blei bedne om. Og enkelte kommunar vil ta imot fleire.

Men mange kommunar vil altså ta imot langt færre, eller null.

– Vi ser at Asker kommune står i ein pressa økonomisk situasjon. Vi står i krevjande omstilling og har svake økonomiske bufferar, seier Lavik Pederssen frå Frp.

– Da må ein prioritere knallhardt for å klare å sikre gode tenester til innbyggarane. Det er fem år i eit introduksjonsløp. Når dei fem åra er over, blir kostnadene lempa over på kommunane, seier ho.

– Er det slik at de nå melder dykk ut av den dugnaden dette er?

– Absolutt ikkje. Da vil eg heller seie at dette er noko ein må sette rikspolitisk søkelys på òg. Det er faktisk sånn at rammene kommunane får å styre etter blir sette av staten.

322 kommunar har fått oppfordring om å busette 13.000 flyktningar i år. Men det går ikkje, seier fagdirektør Nina Gran i interesseorganisasjonen til kommunane KS.

– Vi kjem ikkje til å nå måla for vedtak i 2026. Så det kan nok bli ei utfordring viss behovet framleis er 13.000 som skal busettast, seier ho.

– Det er lenge sidan vi har hatt ei såpass utfordring med å dekke behovet.

Gran uttalte seg først om dette til Kommunal Rapport denne veka.

En person med grått, bølget hår hviler hånden under haken. Bakgrunnen viser et blått opplyst rom med en gulvlampe. Personen har på seg en grønn genser over en svart skjorte. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fagdirektør Nina Gran i KS.

Foto: Jon Petrusson / NRK

Utsett frist

Direktør Libe Rieber-Mohn i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet forklarer at fristen til kommunane for å svare på kor mange flyktningar dei kan ta imot, var 10. februar.

– Så langt har rundt halvparten svart. Vi har ikkje sett nokon ny frist, men får løpande tilbakemeldingar frå kommunane, seier ho til NRK.

– Normalt pleier vi å få svar frå dei fleste kommunane dei neste vekene. Det har vi tru på at vil skje i år òg. Først da vil vi kunne seie om vi klarer å dekke behovet, og korleis prosessen blir vidare, seier Rieber-Mohn.

En kvinne i rosa skjorte (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

IMDi-sjef Libe Rieber-Mohn.

Foto: Erik Thallaug / IMDi

– Kva skjer viss behovet ikkje er dekt?

Dersom det viser seg at det blir for få plassar totalt når alle kommunane har svart, vil det føre til at flyktningar med opphaldsløyve må bu lenger på mottak.

– Kvifor seier kommunar nei til å busette?

– Nokre kommunar har meldt at dei opplever press på det kommunale tenesteapparatet som følge av den høge busettinga dei siste åra. Det kan vere press på å skaffe bustader, helsetenester, skole og barnehage.

Publisert 20.02.2026, kl. 07.09

Read Entire Article