Nullvisjonen for sjølv­mord er ein mørk fantasi

1 month ago 19



Jeswanthiny Mayooran er overlege i psykiatri på SUS. Ho meiner nullvisjonen for sjølvmord ikkje tek opp i seg kor komplekst dette feltet er. Foto: Magnus Kolstad
  • Jeswanthiny P. Mayooran

    Jeswanthiny P. Mayooran

    Overlege i akuttpsykiatri, SUS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Eg kjenner det i heile kroppen min. Heilt grusamt. Frykta for å vurdere feil, ligger spikra langt inn i nervesystemet mitt. «Sender du meg heim, skal eg gjere eit nytt forsøk. Du skal få kjenne på det, i heile deg.» Ho er så sint. Sint for at eg sender henne heim frå mottaket i psykiatri.

Eg forstår det. Det er nok ganske trygt og godt her. Nokon som tek vare, lagar rammar og lyttar når det trengs. Men samstundes skal vi jo gje adekvat behandling. Akutt innlegging i psykiatrien er ikkje alltid den beste behandlinga. Særskilt ikkje for henne.

Dessverre kan vi ikkje redde alle. Ja, og slik er det, som i alle andre medisinfelt.

Gruppa pasientar med vedvarande forhøga sjølvmordsrisiko, kan vere tunge å stå i. Risikoen for at det kan gå galt, er generelt høgare for desse, samanlikna med andre. Så prøver ein så godt ein kan for å førebyggje, utan at det alltid lykkast.

Nullvisjonen har blitt mykje snakka om. Ein mørk fantasi som set altfor høge krav til realistisk behandling. Faget står sterkt, forskninga står sterkt, men å predikere sjølvmord, er ikkje ei oppnåeleg oppgåve. Så kva skjer når sjølvmord blir eit risikofylt spel, som det kan vere for mange pasientar? Eller når ein pasient tek livet sitt, når du minst forventar det?

Dei fleste av oss kan kjenne på sjølvmordstankar i løpet av livet. Ein del av den melankolske fargepaletten livet har å tilby. Men det er ikkje alle tankar som blir til handlingar.

«Så eg skal sørgje for at du kjenner det i heile kroppen din. Ja, og eg skal få deg til å angre. Så når eg kjem neste gong, legg du meg inn.» Blikket hennar er festa i meg. Eg kan kjenne at det skjær seg i heile brystet mitt. Vi skal førebyggje, men også behandle. Med isklumpar stabla opp i magen, skriv eg henne ut. Ho har eit oppfølgingsnett som famnar henne utanfor institusjon. Jobben min blir å halde fast i denne isklumpen, og håpe på at han ikkje smeltar.

10. september er verdensdagen for sjølvmordsførebyggjing. Ein viktig dag som bør markerast. I Norge, har sjølvmordsraten halde seg stabil, til tross for nullvisjonen som vart innført i 2020.

Sjølvmord er sjeldan ei svart/kvitt handling. Noko som gjer at vurderingane vi gjer som fagfolk, også er meir komplekse, enn det både samfunnet og politikken har meiningar om. Dessverre kan vi ikkje redde alle. Ja, og slik er det, som i alle andre medisinfelt.

Eg ser på pasienten framfor meg. Gjev henne eit varmt smil. «Vi er her for å ta deg i mot att.»

Publisert:

Publisert: 10. september 2025 09:45

Oppdatert: 10. september 2025 09:57

Read Entire Article