DEBATT: Regjeringa sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord har nullvisjon – me har ingen å misse i sjølvmord! Men vil ikkje aktiv dødshjelp, eutanasi, assistert sjølvmord utfordra denne målsetjinga?
Sissel Marie Bjerga
Leiar Stavanger KrF
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
For korleis skal ein skilja eit assistert sjølvmord og eit sjølvmord? Kvifor skal me gjere alt me kan for å hjelpe menneske som synest livet er så altfor mørkt og som har ei kjensle av å vere ei bør for andre, når sju av ti meiner at aktiv dødshjelp er ei miskunnsam ordning samfunnet må legge til rette for?
Dokumentaren «Dødsenglene» gjev ei kjensle av at aktiv dødshjelp bør legaliserast, og programma treff oss i hjarte. Men er løysinga at samfunnet legg til rette for å hjelpe til å ta liv? Dokumentaren «Er det betre å dø?» på NRK, med skodespelar og aktivist Liz Carr, best kjend som rettsmedisinaren Clarissa i serien «Tause vitne», synleggjer dei etiske dilemma som assistert sjølvmord gjev i møte med sårbare menneske. Personar med funksjonsnedsetting som kjenner at deira verdi er truga i møte med eit velmeinande tilbod om assistert dødshjelp. I Canada har det på mindre enn ti år etter at det vart lovleg, blitt nesten 14.000 menneske som kvart år får innvilga statleg finansiert assistert sjølvmord. Årleg.
Les hele saken med abonnement