Valdtektsmannen delte videoar på Snapchat. Påtalemakta meiner ein anna mann svara med å oppmuntre han.
I vår vart ein mann i 20-åra dømd for å ha valdteke ei medvitslaus kvinne i ein leilegheit i Bergen.
Han fekk 5,5 års fengsel og måtte betale 300.000 kroner i erstatning til offeret.
Retten skildra handlingane som «svært alvorlege» og meinte mannen opptredde på ein hånleg og nedverdigande måte mot ei fullstendig hjelpelaus kvinne.
Siterte frå massemordar-film
Den unge mannen hadde nemleg filma valdtektshandlingane og sendt fleire titals videoar til over 30 personar på Snapchat.
I ein av videoane framførte han ein monolog frå «American Psycho», der hovudkarakteren Patrick Bateman drep karakteren Paul Allen med øks.
I bakgrunnen på videoen låg kvinna medvitslaus i senga hans.
Fleire av dei som fekk videoane tilsendt på Snapchat, reagerte kraftig og kontakta politiet.
Meiner han oppfordra
Men ikkje alle som mottok videoane på Snapchat reagerte slik.
No er ein ny mann i 20-åra tiltalt i saka, melder Bergensavisen.
Påtalemakta meiner han medverka til valdtekta.
I tiltalen skriv statsadvokat May Britt Erstad at mannen, etter å ha motteke film og bilde på Snapchat, «oppmuntret og oppfordret han til seksuell omgang».
Nokre av meldingane han skal ha sendt er for grove til å referere her.
Men mannen skal mellom anna ha skrive «Mann bare film istedenfor, samme greiene», «Ta på den då» og «Bare isje gi hon for mye merker».
Ifølge BA nektar han straffskuld. TV 2 har ikkje lukkast i å få kommentar frå hans forsvarar.
Mannen som er dømd for sjølve valdtekta, gav i retten uttrykk for at han angra.
– Det er ille, grufullt og jævlig å sitte og høyre på alt eg har gjort, sa han i retten.
Det er sett av to dagar i Hordaland tingrett til den nye rettssaka i januar neste år.


















English (US) ·