Ny rapport: – Lite å spare på hurtigbåtkutt

2 hours ago 1



Nordlandsforsking har over tid undersøkt effekten av dei foreslåtte hurtigbåtkutta i Nordland.

No er rapporten klar.

Han er levert av Nordlandsforsking, på bestilling for NHO Nordland og dei kommunale råda Salten Regionråd, Lofotrådet, Polarsirkelrådet og Helgelandsrådet.

Rapporten konkluderer blant anna med:

• Talgrunnlaget er for dårleg.

Fylkeskommunen samlar data om tal påstigingar på kvar hurtigbåtrute ved anløpshamnane. Likevel er desse dataene lite pålitlege på grunn av endringar i billettsystem, mangel på teljing i nokre passasjerkategoriar og ulik praksis over tid.

• Talet innstillingar aukar kraftig på NEX2, altså Bodø-Steigen-Skutvik-Svolvær.

På denne ruta er det betydeleg sesongvariasjon når det gjeld innstillingar. Også her er det flest i vintermånadane, særleg mot slutten av 2024. Talet dagar med innstillingar har auka kraftig frå 37 i 2022 til 67 i 2024.

• Det er lite å spare på kutt viss ein tar med tapte billettinntekter.

Dei samla kutta i NEX2-tilbodet i sommarsesongen, ifølge rapporten, vil gi eit nettotap ved gjennomføring på om lag ein halv million kroner. Mens eit kutt i NEX1 (Bodø-Sandnessjøen) ser ut til å kunne gi ein gevinst på om lag 900.000 kroner på årsbasis. Utrekningane konkluderer med at 2025 vil kunne medføre eit nettotap på 1,4 millionar, og om lag 2,6 millionar i 2026.

• Folk flest vil betale meir for eit stabilt tilbod, enn billege billettar.

Frå dei fleste brukargruppene som forskarane bak rapporten har vore i kontakt med, blir det hevda at ein set pris på lågare billettprisar. Folk vil likevel prioritere å betale for tenester dersom dette kan sikre at ein får halde oppe dagens tilbod, som ein frå før oppfattar som eit minimum.

Fleire selskap reagerer på at fylkeskommunen ikkje har gjort grundig nok arbeid før hurtigbåtkutta blei eit faktum. Det ytrar Cermaq, Nova Sea, Ellingsen Seafood og Salten Aqua i ei felles pressemelding.

– Fylkestinget har kutta utan å vite noko som helst om kva det betyr for verdiskapinga og dermed skatteinngangen til den same fylkeskassa som dei forsøker å redde.

Dei meiner at rapporten langt på veg slår fast at konsekvensane for arbeidsplassar, lokalsamfunn og verdiskaping langs kysten ikkje vart tatt med i vurderinga.

– Verdiskapinga langs kysten må vege mykje tyngre når hurtigbåttilbodet skal bli utforma.

Selskapa kjem med tre oppfordringar både lokalt og nasjonalt framover:

• Stopp kutta

• Vektlegg verdiskaping høgt

• Båtane må gå, ikkje vere gratis

Read Entire Article