I ein ny studie, publisert i Scientific Reports, har forskarar frå Norsk Polarinstitutt og andre samarbeidspartnarar undersøkt korleis Kongsfjorden tek opp og gir frå seg klimagassar og næringssalt.
Ved hjelp av ein ny metode for å måle «nitrogenbudsjettet» i fjorden, kunne dei kartlegge korleis vatnet sirkulerer, og korleis dette påverkar mengda av karbon og nitrogen.
– Kongsfjorden tek opp meir karbon og nitrogen enn den slepp ut. Dersom dette mønsteret gjeld for andre fjordar også, er det gode nyheiter for både klimaet og økosystema, seier Pedro Duarte.
Han er seniorforskar ved Norsk Polarinstitutt og førsteforfattar av studien.
– Kongsfjorden er ein fjord i endring, så den kan brukast som ein modell for større endringar i Arktis, seier Philipp Assmy ved Norsk Polarinstitutt.
Foto: Geir Wing Gabrielsen / Norsk Polarinstitutt– Eit levande laboratorium
Forskarane meiner at den arktiske fjorden kan gje viktige svar på korleis naturen sjølv bidreg til å bremse klimaendringane.
Kongsfjorden ved forskingsbyen Ny-Ålesund har blitt overvaka av forskarar i mange år.
– Kongsfjorden er som eit levande laboratorium. Det er lenge sidan folk begynte med forskingsarbeid i Kongsfjorden. Steg for steg har dette blitt eit område som er under forsking. Det er ein fjord som endrar seg raskare enn andre fjordar rundt Svalbard, seier Duarte.
Med seg i forskinga, har Duarte mellom anna Philipp Assmy, som er doktor i marinbiologi ved Norsk Polarinstitutt.
– Kongsfjorden er ein fjord i endring, så den kan brukast som ein modell for større endringar i Arktis, seier han.
- Pedro Duarte- Seniorforskar ved Norsk Polarinstitutt 
- Philipp Assmy- Marinbiolog ved Norsk Polarinstitutt 
– Vil hjelpe oss mot klimaendringar
Metoden forskarane brukar, baserer seg på overvakingsdata. Kvart år reiser forskarane til Kongsfjorden på vestkysten av Spitsbergen og tek vassprøver.
Basert på denne dataen, har Duarte brukt ein havmodell for å lage eit karbon- og nitrogenbudsjett for Kongsfjorden.
– Nitrogen er ei essensielt næringsstoff for alle plantar som veks i havet, som heiter planteplankton. Vi har brukt ein metode der vi kan sjå på nitrogenbudsjettet i fjorden, basert på målingar vi har hatt i mange år, seier Assmy.
Han seier at dette vil hjelpe oss mot klimaendringar.
– Fleire klimagassar tekne opp i havet, hjelper jo oss mykje. Havet er ei stor støtte for oss, fordi det tek opp ein fjerdedel av alle klimagassar som blir sleppte ut kvart år.
Vil utvide overvakinga av Kongsfjorden
Assmy seier at forskinga kan brukast til å informere myndigheitene om «dei prosessane som føregår».
– At havet framleis tek opp klimagassane, men at denne prosessen også er trua av klimaendringar. Når Kongsfjorden blir varmare og varmare i framtida, blir evna til å ta opp klimagassar og næringssalt mindre og mindre.
Isbrear ved Kongsfjorden.
Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt– Kvifor skal folk bry seg om denne forskinga?
– Fordi det har betydning for alle. Klimaet endrar seg, og vi ser det jo i mange deler av verda. Det er ekstreme vêrforhold. Isen på land og breane minkar og minkar. Viss breane forsvinn, er det ei stor utfordring, seier han og held fram:
– Dette er berre eit eksempel på korleis klimaendringar påverkar menneske. Derfor treng vi forsking for ei betre forståing av påverkingane av klimaendringane både for samfunnet, men også for økosystemet. Vi lever jo i ei verd med masse artar, og vi er også avhengige av mat frå sjøen.
Duarte håpar forskarane prøver å bruke det dei har lært av denne studien.
– Vi planlegg å ekspandere litt overvakinga i Kongsfjorden. Det er ei av pliktene Norsk Polarinstitutt har frå Klima- og miljødepartementet. Vi brukar vitskap til å optimalisere framtida si overvaking.
Klima- og miljødepartementet: – Gir oss viktig kunnskap
Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Kristoffer Hansen skriv i ein e-post til NRK at Ny-Ålesund med Kongsfjorden er eit unikt naturleg laboratorium for forsking på klima- og miljøendringar i Arktis.
– Gjennom miljøovervaking i Kongsfjorden kan forskarane følgje utviklinga i området over tid. Det gir oss viktig kunnskap om klimaendringane sine verknader på det marine miljøet i Arktis.
Han meiner forsking på opptak av klimagassar i naturen er viktig for å forstå dei globale karbonendringane.
– Denne forskinga gir oss eit betre kunnskapsgrunnlag om dei konkrete verknadene av klimaendringane. Det er positivt at naturen tek opp karbon og næringsstoff, og bidreg til å avgrense dei negative effektane av utslepp. Samstundes endrar det ikkje på det faktum at vi må avgrense utsleppa, konstaterer han.
Publisert 31.10.2025, kl. 08.24 Oppdatert 31.10.2025, kl. 08.32




















 English (US)  ·
                        English (US)  ·