Salet skyt i vêret, og sykkelforeiningane opplever rekordstor pågang. Nordmenn har fått dilla på sykling.

Publisert 23.08.2025 13:40
Klokka er 05.40 fredags morgon.
Ein gjeng sykkelentusiastar har møtt opp i Bergen for å få inn ei fellesøkt før helga.
– Det varierer kor mange som er med, men det kan fort bli opp mot 20 personar, seier styreleiar i Bergen sykkelforeining, Reidar Thorstensen, til TV 2.
Morgonfuglane kallar seg Bergen Dawn Patrol og er ope for alle som vil. Den siste tida er tilbodet blitt meir populært, og ikkje berre i Bergen.
Noko heilt spesielt har skjedd, meiner Thorstensen.

– Vi har vore ei foreining i over 70 år. Det er artig å sjå at etter mange år med nedgang i medlemstal, har det no skote skikkeleg fart, seier styreleiaren.
Etterspurnaden aukar
Sykkeltrenden ser ut til å ha skote fart siste tida.
Nasjonalt har foreininga opplevd ein medlemsvekst på 34 prosent dei siste to åra.
– Eg trur mange er blitt meir opptatt av folkehelse, og sykling gir jo så mange helseeffektar, seier Thorstensen.
Ei utrekning frå Helsedirektoratet viser at for kvar km ein person syklar, sparar samfunnet 33 kroner i helseutgifter.
XXL bekreftar stor pågang
Ifølgje sportsforretningane, ser det også ut til at fleire har fått auga opp for sykling som treningsform.
– Vi kan stadfeste at sykling er i vinden som aldri før. Sykkel har hatt ein god vekst, og det er særleg etterspurnaden etter grussyklar vi merkar dette på, seier Jan Christian Thommesen, kommunikasjonsdirektør i XXL, til TV 2.

Hos XXL har dei lagt merke til at interessa for sykling har teke seg kraftig opp, og då spesielt for grussyklar.
– Det er lågterskel, familievennleg og gir mykje att i form av frisk luft og naturopplevingar, fortset Thommesen.
Han meiner den dårlege vinteren og tidlege vårfølelsen i år bidrog til ein ekstra tidleg start på sykkelsesongen.
Thommesen fortel at både dyre testvinnarar og rimelegare modellar har vore populære, og at mange gjer grundig research før kjøp.
Likevel er det ikkje slik at sykkeltrenden har gått utover andre aktivitetar.

– Det er ingenting i tala våre som tyder på at dette har gått på kostnad av løping. Det går så det susar det òg, så vi trur nordmenn vel begge delar, seier Thommesen.
Fleire løpeskadar
Løping har også vore ei heit potet over ein lengre periode.
Fysioterapeut og forfattar av boka «Skadefri løping», Kristian Brynestad, seier han ser ein klar auke i løpeskadar.
Fysioterapeutens tips for å unngå løpeskadar
– Hugs variasjon i trening, utstyr, underlag og intensitet
– Kontinuitet: Ein må springe ofte for å la kroppen tilpasse seg belastinga springing er. Så det å springe ofte og halde på det over tid er veldig bra for skadeførebygging.
– Ha fokus på restitusjon: Set av tid til søvn, ha fokus på kosthald og tør å ta ein pausedag i ny og ne. Det er då forma blir betre.
– Ein av dei viktigaste faktorane til det er nok rett og slett at fleire spring og fleire spring mykje, seier han til TV 2.
Han trur likevel ikkje sykkelbølgja ein ser no er ein konsekvens av alle løpeskadane.

– Vi ser framleis at alle løp i og rundt Noreg blir utseld fleire månader før dei blir arrangert. Den mest ekstreme toppar har kanskje lagt seg, men ikkje så mykje at det har ført til ei sykkelbølgje, trur eg, seier han.
Han meiner likevel at sykkeltrening er eit svært godt alternativ til løping, særleg når ein er skada.
– Ein får fjerna kompresjonskreftene og ein held forma ved like når det gjeld hjarte og lunger. Det løpsspesifikke blir ikkje halde like godt ved like, men sykkel er eit av dei mest brukte alternative treningsformene for løpera.
Fysioterapeutens tips til dei med løpeskadar:
– Oppsøk profesjonell hjelp for å få ei riktig og god diagnose. Ikkje stol på sosiale medium og ChatGPT i den samanhengen. Ofte må ein legge ein heilskapleg plan og ta tak i alt frå kosthald, søvn og belastningsstyring, så det er er viktig å finne nokon med kompetanse.
– Veldig mange blir stressa og uroa når dei blir skada, fordi dei ikkje får nok kilometer i veka, og dette er viktig inn mot eit løp. Hugs då at det er mykje viktigare å redusere antal dagar skada. Det kjem alltid eit nytt løp. Tør å ta ein pause for å la kroppen få tid til å fikse skaden.
Ber om tiltak frå politikarane
For Reidar Thorstensen i Bergen sykkelforeining handlar ikkje sykkelbølga berre om frisk luft og mosjon.
Han ser på det som ein unik sjanse til å setje syklistane sine behov høgare på dagsordenen.
– Det å sjå utviklinga, er noko av det kjekkaste vi kan tenkje oss, seier Thorstensen.

Han meiner det er no politikarane må gripe sjansen til å leggje betre til rette for sykling, både av omsyn til miljøet, framkomst og folkehelsa.
– Vi ønskjer momsfritak på syklar, 30 km/t som generell fartsgrense i tettbygde strøk og fleire fysisk separate sykkelvegar i dei største byane, forklarar han.
Thorstensen peikar på at betre tilrettelegging ikkje berre vil gagne dei som allereie syklar, men også lokke nye folk ut på setet.