Ekspert på etterretning meiner USA sin strategi gir Russland ein fordel. – Kan gjere Russland til den dominerande militærmakta, seier Tom Røseth.

Publisert 25.05.2025 15:15
Natt til søndag gjennomførte Russland det som blir omtala som det største angrepet mot Ukraina så langt i krigen.
Det skjedde dagen etter ein tre dagars fangeutveksling, der både Russland og Ukraina utveksla 1000 fangar kvar.
– Angrepet er ein klar beskjed frå Russland. Det er for å vise Ukraina at dei ikkje skal få forhåpningar om ei våpenkvile i nær framtid, seier Tom Røseth, hovudlærar i etterretning ved Forsvarets høgskole.

Bøn til USA
I etterkant av søndagens angrep, bad Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj det internasjonale samfunnet om å innføre kraftige sanksjonar mot Russland, og kom samstundes med stikk mot USA.
– USAs stille, og stilla frå andre, oppmuntrar Putin, skriv Zelenskyj på Telegram.

Det er Røseth einig i.
Han meiner Russland får ein sterk fordel av at USA ser ut til å gå med på at Russland drar våpenforhandlingane ut i tid.
– USA sit stille i båten og trekk seg litt unna forhandlingane. Dette utnyttar Moskva, som føler dei har fullt handlingsrom til å angripe med full kraft, seier Røseth.
Han viser mellom anna til at Trump fleire gongar har trua med å innføre sanksjonar mot Russland, men ikkje gått med på å gjennomføre.
I mars stansa Trump militærhjelpa til Ukraina, etter den famøse kranglen med Zelenskyj på Det ovale kontor.
– Det at Trump pressar ukrainarane i våpenkvileforhandlingane, men ikkje ser ut til å presse russarane, er ganske karakteristisk for den manglande amerikanske villigheita til å bruke verkemiddel mot Russland, seier Røseth.
EU vil auke presset
Minst tolv personar er drepne og over 60 skadd i angrepet natt til søndag. Blant dei døde er tre barn i alderen åtte, tolv og 17 år.

Angrepet har ført til sterke internasjonale reaksjonar.
– Vi treng eit maksimalt press mot Russland for å stanse denne krigen, skriv Kaja Kallas, EUs utanrikssjef på X.
Også utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) fordømmer angrepa.
– Russland viser ingen reell vilje til fred eller forhandlingar. Russland må gå med på ei vilkårslaus våpenkvile, slik Ukraina allereie har gjort, uttalar han til TV 2 søndag.

Røseth meiner det blir svært vanskeleg å få til våpenkvile eller ein slutt på krigen, utan at USA kjem på bana.
– Russland kjem aldri til å inngå kompromissar når dei ser at Vesten, og særleg USA, er krigstrøytte og viser svakheit.
Kortsiktig gevinst
Røseth seier ein kan stille store spørsmål ved USA sin strategi, som handlar meir om å vere tøff mot Kina enn å støtte Europa og svekke Russland.
– Eg trur Trump-administrasjonen manglar kompetanse på Russland. Dei har eit dilemma dei sjølv ikkje innser at dei har, seier Røseth.
Han trur USA prøver å tene sine kortsiktige interesser ved å spare ressursar på å ikkje støtte Ukraina, og at dei ikkje heilt forstår at dette vil svekke USA på lang sikt.
– Dette gir Russland ein langsiktig fordel i Europa, og kan gjere Russland til den dominerande militærmakta om ikkje Europa klarar å reise seg.
– Korleis ser du på Ukraina sine sjansar til å vinne denne krigen no?
– Den er mørk. Ukraina klarar å halde stand, men det ser vanskeleg ut utan amerikansk våpenstøtte.