10. oktober varsla Jonas Gahr Støre at han skrotar planane om Stad skipstunnel for godt.
Han grunngav skrinlegginga med at tunnelen var «blitt så dyr at det ikkje lenger er ansvarleg å gå vidare med prosjektet».
Det han ikkje sa var at prisanslaget var klart allereie i juni, og at regjeringa i mellomtida nekta byggherren (Kystverket) å gå i dialog om prisen.
Til avisa iLaks bekreftar Nærings- og fiskeridepartementet at dei stansa forhandlingane mellom Kystverket og dei tre aktørane som vil bygge tunnelen.
– Det er rett at vi bad Kystverket om å avvente igangsetting og gjennomføring av forhandlingar med tilbydarane, skriv statssekretær Even Tronstad Sagebakken (Ap) i ein e-post til iLaks.
– Føyer seg inn i rekka av Ap-bløffar
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum set «stopp-instruksen» i samanheng med ein systematisk nedvurdering av distrikta:
– Viljen til å stoppe Stad skipstunnel er så stor i Arbeidarpartiet at dei rett og slett har kortslutta prosessen. Stortinget sette av pengar for å få fram dei reelle kostnadene. Då er det forunderleg at regjeringa stoppar ein prosess som skal gi lågast mogleg pris.
Han legg til:
– Tilliten til Arbeidarparti-leiinga langs kysten blir enda meir tynnsliten no.
Sjå tilsvar frå regjeringa lengre ned.
Regjeringa nekta Kystverket å forhandle om kostnadskutt for Stad skipstunnel før valet. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner regjeringa «kortslutta» prosessen av taktiske omsyn.
Foto: Javad Parsa / NTB– Statsministeren snakker ikkje sant
Tidlegare Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) viser til «ferjebløffen» og meiner den nye «tunnel-bløffen» føyer seg inn i eit mønster der Støre-regjeringa prøver å skjule upopulære avgjerder som vart tatt allereie i sommar.
– Det er opplagt at dei bestemte seg for å vrake skipstunnelen lenge før valet, men lét vere å seie det høgt av taktiske omsyn.
– Statsministeren sa rett ut at det ikkje var mogleg å få prisen ned. Det er ikkje sant. Faktum er at regjeringa stoppa ein statleg etat frå å gå i forhandlingar.
Fredag varsla Kystverket at dei tar opp att forhandlingane – etter instruks frå Stortinget – og at dei tre tilbydarane har fått frist til 27. november med å komme tilbake med ei liste over kostnadssparande tiltak.
Teknisk Ukeblad har vore i kontakt med den eine tilbydaren, som seier at det er mogleg å redusere kostnadene med «store summar» (men ikkje milliardar).
Sjå fleire reaksjonar under.
Ismail Burak Akkan / NRK
Dag-Inge Ulstein, KrF-leiar
Dette er uryddig av regjeringa. Under valkampen blei det bede om innsyn i talet for prosjektet, men det blei avslått fordi anbodet gjekk føre seg. Dersom regjeringa allereie hadde stoppa prosjektet i juni, betyr det at dei valde å halde det skjult av taktiske omsyn. Det er ikkje slik ein bygger tillit, akkurat. Dette er ikkje berre dårleg handtering – det er å føre folk bak lyset.
Arne Flatin
Paul Sindre Vedeld (Sp), ordførar i Vanylven kommune
Eg synest det heile vitnar om ein useriøsitet som manglar sidestykke. Vi har lenge vore klar over at Stad skipstunnel aldri har vore ei prioritert sak for det sentrale Arbeidarpartiet, men at styrande organ opererer på slike måtar vitnar om taktikkeri og er usmakleg. Heile saka føyer seg inn i rekka av saker der samferdselskronene blir brukt på Austlandet, og berre smular på vestlandet.
Frederik Winness Ringnes / NRK
Frank Sve, Frp
Dette er enda ei sak der Støre og samferdselsministeren har rundlurt veljarane. I Møre og Romsdal reiste Ap sin førstekandidat rundt og lova at dette prosjektet skulle byggjast, og hevda at «Ap leverer der Frp sviktar, også på Stad». Korleis kan Noreg ha ei regjering som ikkje snakkar sant og fører veljarane bak lyset?
Arne Stubhaug
Frank Willy Djuvik, leiar i Måløy vekst
Eg trur alle forstår at regjeringa hadde bestemt seg for å foreslå å vrake Stad skipstunnel lenge før valet. Etter mitt syn er det likevel respektlaust å ikkje la Kystverket fullføre forhandlingane med entreprenørane. Heldigvis har eit fleirtal på Stortinget fått prosjektet inn på rett spor ved å be Kystverket om å fullføre forhandlingane og legge fram ei sak for Stortinget.
Christian Nygaard-Monsen / NRK
Remi Sølvberg (Raudt), medlem av transportkomiteen på Stortinget
Det kan hende det hadde vore klokt av regjeringa å la anbodskonkurransen fortsette, så det blir interessant å sjå kva prislappen til slutt blir. Men vi er bekymra for at kostnadene til staten for planlegging og arrangering av anbodskonkurranse berre aukar og aukar og kjem i vegen for andre gode tiltak på vestlandet og i heile Noreg.
Sunnmøre Regionråd
Sverre Øvrelid Steen, Dagleg leiar i Sunnmøre Regionråd IKS
Kunnskapen om skipstunnelen og ringverknadene er mangelfull austafjells, og vi registrerer at regjeringa handterer prosjektet på ein måte som viser uvilje til å ta ei viktig satsing på kysten på alvor. Her på Vestlandet har vi vanskeleg for å tru at dei ville gitt same behandling til Intercity – som dessutan slepp moms i rekneskapen, og der dei samfunnsøkonomiske krava er slappe.
Hans-Olav Landsverk / NRK
Trygve Slagsvold Vedum, Sp-leiar
Ap-leiinga har gått målretta etter å kutte i distriktstiltak, og har stoppa Kystverket sin moglegheit for å få lågast mogleg pris for Stad skipstunnel. Forunderleg nok har Jens Stoltenberg i same budsjett som han seier at skal vere så sparsam, sett av pengar til å bygge to ekstra bygg i regjeringskvartalet.
Thomas Fure / NTB
Alfred Bjørlo, Venstre
Det føyer seg inn i rekka av Ap-bløffar til veljarane før valet. Her har dei rett og slett stoppa ein statleg etat frå å gå i forhandlingar om å få prisen ned. Dette holder ikkje mål, og er enda eit eksempel på at Arbeidarpartiet prøver å lure veljarane langs kysten.
Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd
Dette er svært kritikkverdig at regjeringa. Førehandlingane ville etter alt å dømme fått prisen ned. I tillegg får staten tilbake momsen frå bygginga av Stad skipstunnel. Berre dette gjer at staten sine kostnader kjem ned i 7,5 milliardar kroner.
Remi Sagen / NRK
Britt Giske Andersen, Maritimt Forum Nordvest
Vi noterer ei handtering frå regjeringa som vi ikkje akkurat applauderer og registrerer igjen ein manglande vilje til å ta prosjektet seriøst. No er vi først og fremst glad for at forslaget frå Sp, KrF og V, fekk fleirtal på Stortinget og dermed fekk prosjektet på rett kjøl igjen, med at anbodsprosessen no blir fullført.
Silje Guddal
Ove Kjøllesdal, dagleg leiar i Stad Vekst AS
Støre burde sagt dette før valet. Men som med mykje anna informasjon så venta han til etterpå fordi det kunne påverke valet. Så er det rart at prisen blir gitt med moms. Det er ikkje regelen for andre prosjekt innan veg og jernbane. Utan moms er prisen rundt 7,5 milliardar kroner. Det er ikkje så høgt når vi er klare over dei store prisstigningane som har vert dei siste åra.
Vil ha statsråden inn på teppet
Leiar av transportkomiteen på Stortinget, Bård Hoksrud (Frp), forventar at samferdselsministeren sjølv tar initiativ til å komme til Stortinget for å forklare seg.
– Om ikkje vil eg ta initiativ til at han blir kalla inn på teppet på eigna måte, seier han.
– Vi må få klarlagt alle sider av dette, og få alle fakta på bordet.
NRK var i kontakt med Nærings- og fiskeridepartementet fredag ettermiddag.
Statssekretær Even Tronstad Sagebakken svarer at det var rett å stoppe forhandlingane før valet, og at departementet framleis står inne for den vurderinga.
Han vil ikkje tidfeste nøyaktig når i sommar stoppinstruksen blei send.
Sjå heile svaret under.
Regjeringa sa nei til Kystverket
Ifølge departementet var prisanslaga så høge – rundt 9,4 milliardar – at det ikkje var noko poeng for Kystverket å gå vidare. Til det var avstanden til den vedtatte kostnadsramma (5,3 milliardar kroner) ganske enkelt for stor.
Kystverket har brukt 290 millionar kroner
Skipstunnelen er greia ut 20 gongar sidan 1990. Berre sidan 2021 har Kystverket brukt 290 millionar kroner på grunnerverv, geologiske undersøkingar og prosjektering.
Regjeringa sette forhandlingane på pause
Regjeringa sette forhandlingane om skipstunnelen på pause før valet. Det skal ha skapt irritasjon i Kystverket, etter det NRK erfarer.
– Viser at Stortinget er større vestlandspatriotar enn regjeringa
Fire dagar etter at skipstunnelen skulle vore daud (14. oktober), tok Senterpartiet, KrF og Venstre eit felles initiativ i Stortinget om at Kystverket skal få lov til å forhandle om ein pris på skipstunnelen likevel.
Forslaget fekk støtte frå Frp og Høgre, og dermed fleirtal:
– Dette er godt nytt for kysten, og viser at Stortinget er større vestlandspatriotar enn regjeringa, sa Helge André Njåstad (Frp).
Ifølge Kystverket kan resultatet av den nye forhandlingsrunden vere klart «ved påsketider» neste år, og sånn sett tidsnok (med eit nødskrik) til revidert nasjonalbudsjett.
Publisert 24.10.2025, kl. 19.48





















English (US) ·