Nye tal avslørar Noregs VM-sjansar: – Gapet krympar fort

3 days ago 16



Belgia, Marokko, Sveits, Noreg, England, Argentina, Spania og Frankrike.

– Det er ganske vilt.

NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg snakkar om Noreg sine sjansar til å ta seg vidare i VM.

Lenge har Ståle Solbakkens menn blitt nemnt som ein utfordrar i årets meisterskap.

No er det berre åtte lag igjen i verdas største turnering, og nye tal avslørar Noregs moglegheiter vidare.

Lagene i VM

Skjermdump frå NRKs turneringstre.

Grafikk: NRK

Talknusarane er ueinige, både om kven som er VM-favoritten og om sjansane til Noreg.

Ein meir konservativ haldning

Neste test for landslaget blir England, med Harry Kane og Jude Bellingham i spissen, i kvartfinalen.

– Gapet mellom England og Noreg krympar fort. Men framleis vurderer vi England som eit hakket betre lag, seier Torstein Mæland Fjeldstad i Norsk Regnesentral.

Harry Kane og Jude Bellingham

STJERNER: England sine to største stjerner, Harry Kane og Jude Bellingham.

Deira prognosar gir Noreg 39,9 prosent sjanse til å gå vidare til semifinale.

– Før Brasil-kampen var sjansen 40 prosent for å nå kvartfinalen. No er sjansen 40 prosent for å slå England og gå til semifinale.

Den engelske profilen Wayne Rooney hadde ikkje trua på at Noreg skulle møte England i ein kvartfinale.

Reknesentralen gir Noreg 5 prosent sjanse til å vinne heile VM.

– Vi har ein litt meir konservativ haldning. Noreg har ikkje møtt så mange av dei absolutt største nasjonane dei siste åra og vunne dei kampane. Bortsett frå Italia i VM-kvalifiseringa. Så vi har vel vore litt forsiktige på grunn av det, fortset Fjeldstad.

fjeldstad

TALKNUSAR: Seniorforskar i Norsk Regnesentral, Torstein Mæland Fjeldstad.

Foto: Norsk Regnesentral

Han seier at det kan vere grunnen til at andre vurderar Noregs sjansar som større.

– Ekspertane har nok tillagt Noregs prestasjonar i forkant av meisterskapet større verdi enn vi har gjort.

Dei vurderar Spania som VM-favoritt framfor Argentina og Frankrike.

Større sjansar hos NRK

– Tenk at eit norsk lag er med i VM for første gang på 28 år, skal opp mot sjølvaste England i ein kvartfinale og vi kan sei – ikkje berre med hjartet, men også med hovudet – at vi har 43 prosent sannsyn å komme til ein semifinale, seier Kristoffer Løkberg.

Det norske herrelandslaget i fotball jubler sammen på banen etter en kamp på en fullsatt stadion. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Noreg: Norsk Regnesentral har gitt Noreg like stor sjanse til å slå England, som dei hadde mot Brasil.

Foto: Bildbyrån

NRK sin «VM-sjansen» gir Noreg 43 prosent sjanse for at dei vinn mot England.

– Det er jo at England har eit betre lag enn Noreg totalt sett. Det er hakket meir solid og robust enn det norske. Det er heilt riktig at det er 60–40 fordel England, legg Løkberg til.

Også fotballekspert Petter Veland seiar seg einig.

– England er ikkje store favorittar mot Noreg. Eg vil faktisk si at Brasil var ei enda større favoritt mot Noreg, enn kva England er mot Noreg. England har ofte svikta under press.

– Slår ein Brasil, skal det absolutt vera mogleg å vinna mot England, tilføyer Veland.

Har Norge en sjanse mot England?

Absolutt, dette er helt åpent.

Kvartfinale 11. juli klokken 2300. Bilde av Erling Braut Haaland

Vinnersjanse

Prognosen tar utgangspunktet i Norsk Regnesentral si metode, men legg også til ekspertar sine innvendingar på styrkeforholda til laga.

– Det er fleire som har gått inn og vurdert laga, og då vurderer vi Noreg høgare, sterkare og betre enn ein gjer ved berre å sjå på statistikk og tal. Vi har gjort våre subjektive vurderingar, legg Løkberg til.

Mann i brun jakke og hvit kragegenser ser mot kamera. Bak ham er et bilde av en fotballspiller og en grønn bakgrunn med en logo. Han har kort, lyst hår og blå øyne. Bildet er tatt på nært hold. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FAVORITT: Kristoffer Løkberg ser på England som favorittar i kvartfinalen.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Om Noreg går sigrande ut ventar mest sannsynleg Argentina (58 prosent sjanse) i semifinalen. Då har Noreg 20 prosent sjanse for å ta seg til finalen.

Kven som eventuelt møter «oss» i finalen er ikkje prognosen sikker på. Her får Spania 32 prosent og Frankrike 31 prosent sjanse for å nå finalen.

Der Norsk Regnesentral gav Noreg 5,3 prosent vinnarsjanse gir VM-sjansen til NRK nasjonen 8,7 prosent sjanse til å vinne VM.

Pokal i gull med en ball på toppen.

Kan Norge vinne vm?

Joda, håpet bare vokser og vokser.

Til samanlikning er det er 1,4 prosent sjanse for å få tvillingar ved graviditet i Noreg.

Er du glad i spel er det 0,000019 prosent sjanse å få sju rette på éin kombinasjon i vanleg lotto og 4,6 prosent sjanse for å få yatzy på tre kast (sjølvsagt tvungen).

Talknusar ueinig

Den internasjonale statistikk- og analyse-leverandøren Opta er ikkje einig med verken Norsk Regnesentral eller NRK.

Dei anslår Frankrike som dei største favorittane, med 27,32 prosent sjanse for å vinne VM. Spania som nummer to med «berre» 21,33 prosent.

Dataknusaren har etter åttedelsfinalane Noreg som sin femte største favoritt til å vinne VM, framfor Sveits, Marokko og Belgia.

Men dei gir Haaland & Co 37,65 prosentpoeng til å avansere til semifinalen.

Publisert 09.07.2026, kl. 06.37

Read Entire Article