Måndag morgon opna nye Jotunheimen privatistskule i Lom. Og lærar Liv Mona Jonsgaard (39) slapp å bli arbeidslaus.
Nedlegginga av seks skular og skulestader i Innlandet vekte sterke kjensler og politisk strid i fjor.
Difor var det stor stas og høgtid då lokal eldsjel og styreleiar Hanna Skjåkødegård til applaus frå hundrevis av frammøtte - opna den nye Jotunheimen privatistskule i Lom måndag morgon.
Det betyr eit vidaregåande skuletilbod for elevar som elles måtte ha reist lange avstandar til andre skular - og at tidlegare tilsette på vgs. i Lom - får jobbe i same bygg som dei mista den tidlegare jobben sin.
Var fortvila
Liv Mona Jonsgaard blir kontaktlærar for vg3-elevar på den nye skulen.
– Det er lenge sidan eg har vore so glad. Dette er ikkje til å tru. No viser vi verkeleg fram kva som bur i oss oppi her, seier Liv Mona Johnsgaard til VG tidleg måndag morgon.
Røysta og ansiktet hennar syner at ho er bevega. Men det er gledestårer denne gongen.
Då VG møtte henne etter at politikarane hadde signalisert nedlegging i fjor haust, var ho fortvila:
– Eg ser ikkje anna alternativ enn å bli arbeidslaus. Vi er gardbrukarar. Vi har ungar. Mange har husdyr. Vi kan ikkje sitje tre timar i bil dagleg for å jobbe i Otta eller på Vinstra, sa Jonsgaard.
Ho slapp tårer og kjensler laus då også.
Måndag morgon er stemninga mykje lysare.
Tidleg følgde ho sjetteklassingen sin til skulen i heimbygda Skjåk. Så bar det rett til den ny-gamle arbeidsplassen på Jotunheimen privatistskule. Den ligg i nett same bygget som der gamleskulen vart nedlagt.
– Eg tok beslutninga i mai. Då vart eg så sikker på at dette var rett, då vart eg med vidare, skildrar læraren om korleis ho fekk den nye jobben.
Klokka ni klypte styreleiar Hanna Flækøy Skjåkødegård snora, og skulen vart høgtideleg opna.
Den er eit plaster på såret etter at dei fekk nei frå fylkestinget til å opprette ein fullverdig privatskule.
Lokale krefter har sponsa skulen med over 65 millionar kroner.
– Gir det offentlege oss godkjenning, skal vi fikse resten sjølv, sa Skjåkødegård til langvarig ståande applaus i fleirbrukshallen i Lom etter skuleopninga.
Ei rekkje av Noregs fremste politikarar er inviterte til opninga. Både Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Frp-leiar Sylvi Listhaug deltek. I tillegg: Bjørnar Moxnes frå Raudt, lokale ordførarar, lærarstaben og sjølvsagt elevane ved den nye skulen.
Tidlegare statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg kom ikkje. Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) prioriterer skulestart på Østensjø i Oslo i staden.
– Skuffa over Ap
Ap og Høgre var saman med MDG dei tre partia i Innlandet fylkesting som utgjorde eit knappast mogeleg fleirtal for å legge ned dei vidaregåande skulane i Innlandet.
Dei tre partia ville heller ikkje godkjenne Lom-skulen som ein fullverdig privat vidaregåande skule med statsstøtte - då denne saka var til handsaming i fylkestinget i vår.
Lærar på både den nedlagte og nye skulen i Lom, Liv Mona Jonsgaard, er spesielt skuffa over Arbeidarpartiet, som ho sjølv har vore medlem av i årevis.
– Eg er skuffa over at ingen av dei mest framtredande politikarane frå Ap kjem hit. Eg kjem frå ein Arbeidarparti-familie sjølv. Dei kunne godt ha kome hit og høyrt, sett og prata med folk her, seier Jonsgaard.
Ho er ikkje medlem i partiet lenger.
Både Lom og Skjåk Ap er i praksis lagt ned etter skulestriden i Lom og Innlandet.
Erna Solberg har sagt til VG at ho forsvara skulenedleggingane, medan Støre og Nordtun ikke har ønske å blande seg inn i Innlandet fylkesting sitt ansvarsområde.