– Også legar har eit liv

1 month ago 23



KOMMENTAR: Mens helsetoppar og politikarar tenker og ber om nye rapportar, går legane stille ut og bort frå sjukehusa våre.

43 legar har slutta på SUS i løpet av eitt år. Tillitsvalde Zuzana Huncikova (for overlegane) og Malene Tangedal Mehus (for dei yngre legane) er bekymra. Foto: Lars Elias Bratland Hellman
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

43 av 1000 legar har slutta på sjukehuset vårt. På eitt år. Over halvparten av dei er overlegar. Mens politikarane diskuterer seg fram til korleis ein skal løysa alt i helsevesenet vårt, eller kanskje ikkje, mens endå eit utval skal diskutera korleis oppgåvene må fordelast mellom for få folk på sjukeheimar, sjukehus og fastlegekontor. Mens vi høyrer frå Bergen at det er like ille på Haukeland. Der har 70 av 2000 legar slutta.

Men av dei Aftenbladet har snakka med, er det likevel slett ikkje sånn at alle forsvinn over i private sjukehus. To av dei har blitt fastlegar i kommunen, ei jobbar som gynekolog med avtale, du kan bli henvist til henne frå fastlegen din, det kostar ikkje skjorta. Ei har flytta, og jobbar på eit mindre, offentleg sjukehus ein annan stad i landet, og tel stadig på knappane om også ho skal gå tilbake til å vera fastlege. Dei tar ikkje unisont farvel med det felles helsevesenet vårt.

Ein fot og ein arm er ikkje nok

Men dei er slitne, desse legane, vaktbelastninga er for stor, krava til effektivitet for mange, viljen til fleksibilitet frå arbeidsgivar er for liten, vikarbruken for stor. Dei er trøytte av å bli styrte som om sjukehuset var ei bedrift, og ikkje staden for sjuke og skada menneske som skal trøystast, hjelpast, og kanskje bli friske.

Dei vil kunna ha eit liv utanom jobb, legane, og dei vil ha nok tid med pasientane. Dei vil kjenna at dei når over det dei skal, og sjølv få avgjera kva det er. Sånn i det store. Sidan dei nå har den utdanninga og erfaringa dei har. Og sidan det alltid er menneske det handlar om. Som ikkje alltid passar inn i eit gitt system.

Og sjølv om ein er lege, går livet i fasar. Det må arbeidslivet ta innover seg. Uansett kor mange nye sjukehusbygg ein vil byggja seg, uansett kor mykje ein slit med å få folk til å fylla vaktlistene, uansett kor mykje ein slit med å få sjukefråværet ned.

Det kostar

Alt det blir sjølvsagt verre når ein ikkje klarer halda på folka sine. Det blir verre når ein stadig må få inn nye folk, stadig kalla inn vikarar. Det blir verre forhold å jobba under, for dei som alt er der. Fordi kompetanse og erfaring forsvinn ut dørene, og ikkje kan erstattast på kort tid. Fordi ein stadig må strekkja ut ein fot og ein arm for å dekka over det som står opent. Fordi systemet over dei strekker for lange armar inn i pasientbehandlinga.

Ein kunne tenkja seg at vikarbruken og overtida ville gå ned, dersom det var folk nok på vakt i utgangspunktet. Dersom det alltid var sett opp ein ekstra, der det går, så det ikkje var krise om ein annan blei sjuk. Dersom nok helsesekretærar fanst, som kunne ta unna oppgåver ein ikkje treng vera legespesialist for å gjera. Dersom arbeidsgivar klarte å vera meir fleksibel, så også arbeidslivet kunne gå i fasar, slik resten av livet gjer det. Mange andre arbeidsgivarar klarer det.

Men det kostar alltid ekstra å skifta rytme. Det kostar alltid ekstra å leggja om. Ein måtte inn med høgare budsjett på fast lønn, samtidig som det ville ta tid før vikarbruken og kanskje sjukefråværet gjekk ned. Og det er jo sant at det ikkje er enkelt å få tak i nok folk. Vi har ikkje i haugar og lass med legar av alle spesialiseringar. Desto viktigare å halda på dei ein har, og finna ut kva som skal til for at dei blir. «Vi går tomme for folk før vi går tomme for pengar,» blir det sagt om helsevesenet vårt.

Men så bruk pengar, då, så vi ikkje går tomme for folk.

Det knirkar

Vi utdannar ikkje ein gong nok legar.

Vi lar dei gjera det i utlandet. Vi klarer heller ikkje oppretta nok stillingar til at dei får spesialisera seg, etter enda utdanning. Dei blir ståande i kø. Eller gåande som vikarar. Og viss sjukehusa ikkje klarer halda på unge legar dei sjølv har utdanna til spesialistar, må dei kanskje begynna om igjen. Med nye.

Kanskje heng det også igjen litt gamle og knirkete haldningar i ein del sjukehusvegger. Der det nærmast skal vera eit kall å jobba, der ein lege på mystisk vis har uendeleg mykje større kapasitet enn alle andre menneske i alle andre jobbar. Der ein ikkje heilt har fått med seg at det er ingen som tar seg av alt der heime lenger. Den andre er også i jobb. Kanskje til og med i det same helsevesenet. Kanskje dei har barn saman og greier.

For dei som står pasientane nærmast, for legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, blir slitasjen stor når hender og håver og krefter ikkje strekk til. Dei jobbar på ein stad og i eit yrke der andres liv og helse er prisgitt dei.

Det må gi meining

Kor god tid ein lege eller ein sjukepleiar har ved sjukesenga, kan verka direkte inn på den sjuke. Kor mykje dei får bruka av eige skjønn og kunnskap, til å avgjera kven som treng tida og hjelpa først og mest.

For ennå er det sånn at pulsen din går ned, viss eit anna menneske legg handa si over di.

Ingenting av dette er naivt dilldall eller arroganse eller å be om altfor mykje pengar.

Det er faktisk. Det er jordnært. Og det gir meining.

Det må det, skal vi halda nok liv i dei offentlege sjukehusa våre.

Også legar må få ha eit liv utanom jobb. Og jobben må gi meining.

Kom igjen, sjukehussjefar og politikarar. De må nesten snu dette nå. For ein del av oss kjennest det livsviktig, det med gode sjukehus for kven som helst.

Publisert:

Publisert: 21. september 2025 09:28

Read Entire Article