Olje- og gassprisen stig – Trump truar med å sprenge viktig gassfelt

1 week ago 13



Gassprisen stig 30 prosent torsdag morgon, og prisen på nordsjøolje ligg på 113 dollar per fat, opp frå 73 dollar før Iran-krigen starta.

Det statlege energiselskapet i Qatar, QatarEnergy melder om store øydeleggingar etter eit iransk missilangrep mot gassanlegget Ras Laffan natt til torsdag.

Ras Laffan er eitt av dei største anlegga i verda for produksjon og eksport av flytande naturgass, LNG.

Ifølge nyheitsbyrået Reuters brenn det kraftig på staden, men ingen skal vere skadd.

QatarEnergy melder om store øydeleggingar etter nytt iransk missilangrep mot gassanlegget Ras Laffan. Videoen er delt av nyheitsbyrået Agence France Press (AFP).

– Ekstremt dramatisk

– Vi såg kva som skjedde i 2022. Då gjekk prisane rett i taket. Det var om lag tilsvarande, litt større volum som forsvann frå Russland. Då fekk vi gassprisar tilsvarande opp mot 600 dollar per fat, seks gonger så mykje som gassprisane er no. Dersom dette varer ved, så er det ekstremt dramatisk, seier oljeanalytikar Trond Omdal.

Utanriksdepartementet i Qatar ser på angrepet som ei farleg eskalering, eit tydeleg brot på landet sin suverenitet og ein direkte trussel mot nasjonal tryggleik.

Like etter meldingane om angrepet, kom Donald Trump med nye truslar mot Iran.

Han truar med å øydelegge heile det iranske naturgassfeltet South Pars, dersom Iran angrip Qatar igjen.

Et industrifelt med flere raffinerier og røykrør er synlig i horisonten. Syntetisk flamme blusser fra en av strukturene. Området er preget av grått vær med lav sikt. Det er ingen mennesker i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Store øydeleggingar på gassanlegget Ras Laffan, ifølge Qatars statlege energiselskap QatarEnergy.

Foto: Stringer / REUTERS,NTB

Svar på israelsk angrep

Bakgrunnen er at Israel onsdag angreip ein liten del av South Pars. Iran svarte med å angripe gassanlegget Ras Laffan i Qatar.

Trump hevdar at USA ikkje visste om det israelske angrepet, og at Qatar er heilt uskuldige.

– USA visste ingenting om dette spesifikke angrepet, landet Qatar var på ingen som helst måte involvert, og hadde heller inga aning om at det kom til å skje, skriv han på Truth Social.

No truar Trump med å sprenge heile det viktige gassfeltet.

– Ingen fleire angrep skal skje i regi av Israel knytt til dette ekstremt viktige og verdifulle South Pars-feltet, med mindre Iran på uklokt vis bestemmer seg for å angripe eit svært uskuldig land, i dette tilfellet Qatar. I så fall kjem USA, med eller utan hjelp eller samtykke frå Israel, til å sprenge heile South Pars-feltet i lufta, med ein styrke og eit omfang som Iran aldri har sett før, skriv presidenten.

South Pars er eitt at dei største felta i verda for produksjon av naturgass.

– Alle angrep på infrastruktur er eit «verste fall-scenario». Begynner ein å ta ut energiinfrastrukturen, så kan ein ikkje lenger starte opp igjen anlegget i løpet av veker eller månader. Då kan det ta år, sa råvareanalytikar Ole Hvalbye i SEB, til NTB onsdag.

Angrep mot gassanlegg i Abu Dhabi

Også i Abu Dhabi blei eit gassanlegg angripe av rakettar natt til torsdag.

Drifta ved gassanlegget Habshan er stansa etter angrepet, ifølge Reuters.

Raketten skal ha blitt skoten ned, men vrakrestar trefte både gassanlegget og oljefeltet Bab. Ingen personar skal vere skadd i hendinga.

Uro i marknadene

Det er sterk uro i olje- og gassmarknadene i verda etter USA og Israel sine angrep på Iran.

Hormuzsundet ved innløpet til Persiabukta er i praksis stengt etter krigsutbrotet.

Vanlegvis fraktar blir 20–30 prosent av råoljen og rundt 20 prosent av den flytande naturgassen i verda (LNG) – i stor grad frå Qatar – frakta gjennom denne passasjen.

Publisert 19.03.2026, kl. 04.53 Oppdatert 19.03.2026, kl. 08.55

Read Entire Article