Baneheia-saka
Jan Helge Andersen held fram med å trekke frikjende Viggo Kristiansen inn i Baneheia-drapa.

Han snakkar lågt, er ikkje sikker, seier han hugsar lite og blir av lagmannsretten stadig beden om å repetere kva han seier.
25 år etter dei brutale barnedrapa i Baneheia i Kristiansand, tviheld Jan Helge Andersen på sin mangeårige forklaring:
Viggo Kristansen var på åstaden og var den som drap og valdtok Lena Sløgedal Paulsen (10).
Sjølv sat han stort sett med ryggen til, før han ifølge seg sjølv vart truga til å knivdrepe den yngste jenta, Stine Sofie Sørstrønen (8).

– Eg hugsar ho sa ho hadde vondt for puste, sa Andersen lågt i vitneboksen.
Vart ikkje trudd
Men Viggo Kristiansen er reinvaska og frikjend for drapa i Baneheia. Han har fått unnskyldningar frå justisministeren og Riksadvokaten.

Refser Andersen-forklaring: – Dratt gjennom gjørma
Og i Sør-Rogaland tingrett vart Jan Helge Andersen i fjor sommar dømd til to års fengsel for drapet på Paulsen. Frå før har han altså sona straffa for drapet på Sørstrønen.
– Jan Helge Andersen var aleine på åstaden med jentene. Retten er ikkje i tvil om at det var han som drap Lena etter at han hadde utsett begge jentene for seksuelle overgrep, konkluderte tingretten i fjor.

Skulle vera saman etter drapa
Andersen anka.
Onsdag sette han seg i vitneboksen i Gulating lagmannsrett. Han ville ikkje gi noko fri forklaring og lagdommarane gjekk difor rett på sak.
Torsdag er aktoratet godt i gang med utspørjinga av 44-åringen.
Deira poeng er å vise lagdommarane og meddommarane at Andersen sin versjon ikkje er til å lita på. Både «mobilbevisa» og mangelen på DNA frå Kristiansen på åstaden var med på å frikjenne han.

Difor er det berre Andersen si forklaring som drar Kristiansen inn i saka. Aktoratet bora i dette gjennom heile rettsdagen torsdag.
– Kvifor skulle de heim til Viggo etterpå?, spurte statsadvokat Andreas Schei.
– Oppi all denne jævelskapen så var dette ei handling som knytte oss saman, svara Andersen.
– Ja? Den burde vel tvert imot støte dykk frå kvarandre?, repliserte Schei og synte med det til at Andersen påstår at Kristiansen skal ha truga han til drepe eit forsvarslaust barn.
– Var sterkare enn meg
Kvifor det er gjort DNA-funn frå Andersen frå mellom anna toppen og trusa til Lena Sløgedal Paulsen, forklarer han med at det må ha skjedd oversmitte under arbeidet med å skjula lika.
– Men trusa var vel under buksa hennar?, påpeika statsadvokat Schei.
– Eg veit ikkje. Einaste moglegheita er at eg har tatt i buksestrikken når vi dreiv å manøvrerte dei på plass. Elles kan eg ikkje forklare det, svara Andersen.
Statsadvokatane var også opptekne av ein heilt spesiell detalj i Andersen sin forklaring. Etter at han skal ha blitt truga av Kristiansen til å drepe den yngste jenta, Stine Sofie, fekk han nemleg kniven i handa.

TV 2 Nyheter: Bak overskriftene
TV 2 Play
Schei påpeika for retten at Andersen både er tyngre og høgare enn Kristiansen.
– Så, når du har kniven, er du framleis redd for at han skal ta både deg og jenta?, spurte han.
– Eg har ingen sjanse mot han. Han er sterkast. Høgde og vekt spelar ikkje alltid ei rolle. Eitt spark i handa mi og problemet med kniven hadde vore løyst for hans del, påstod Andersen.
Vitnar neste veke
Også fredag er sett av til Andersen si forklaring.
Måndag 28. april reiser lagmannsretten til Kristiansand for å gå på synfaring i Baneheia.
Tysdag 29. april er Viggo Kristiansen kalla inn som vitne i Gulating lagmannsrett. Det vart til tider ampert under hans vitneforklaring i tingretten i fjor.
Som TV 2 tidlegare har skrive, aksepterer ikkje lagmannsretten at det blir spelt av video frå Kristiansen sitt vitnemål i tingretten.
Lagdommar Elisabeth Deinboll meiner nemleg at «utspørringen av Kristiansen i tingretten faktisk fremstår i strid med uskyldspresumsjonen og i strid med straffeprosessloven § 134» og at ei ny avspeling av vitnemålet difor vil «representere en fortsatt krenkelse».
Difor må Kristiansen nok ein gang inn i ein rettssal for å svare på spørsmål i Baneheia-saka.