Skal ha forgifta dottera (1)
Mor blir skulda for å ha sprøyta tarmbakteriar inn i blodet på dottera. For overlegen på Barneklinikken sat det langt inne å tenke tanken.
– Dette er ein type medisinsk barnemishandling som vi ikkje har vore borti før. Det er gjerne det aller, aller siste ein tenker på.
Det sa overlegen på Haukeland universitetssjukehus til Hordaland tingrett tysdag.
Han har jobba på barneklinikken ved sjukehuset sidan 2004.
Og det var han som i januar 2023 til slutt ringte politiet.
– Blir beundra
Der fortalde han kva han og kollegaene mistenkte hadde skjedd med ei eitt år gamal jente, som hadde vore innlagt hjå dei sidan november året før.
No er mora, ei kvinne i 30-åra, tiltalt for å ha sprøyta bakteriar rett i blodet til dottera via venekateter ho var tilkopla på sjukehuset.
Skal ha forgifta dottera (1): – Var i livsfare
Som TV 2 tidlegare har omtala, nektar kvinna for dette. Eit heilt sentralt tema i retten er fenomenet «medisinsk barnemishandling», tidlegare omtala som Münchhausen by proxy.
Spesialist i psykiatri, Pia Jorde Løvgren, forklarte dette for tingretten tidlegare tysdag.
– Motivasjonen for at ei mor kan skade barnet sitt på denne måten kan vera heilt umogleg å forstå, sa ho om det spesielle fenomenet.
– Det kan handle om at ein får merksemd og beundring for å vere ei sterk mor som klarer å stå i ein situasjon med eit alvorleg sjukt barn. Eller digital «påskjønning» via sosiale medium eller internett, til dømes. Andre har forklart at dei får eit «rush» av å lure legar, heldt ho fram.
Münchhausen by proxy
Münchhausen by proxy brukes om situasjoner hvor en person, oftest omsorgsperson, påfører en annen, oftest et barn, sykdom eller skade for at vedkommende selv kan få oppmerksomhet og medfølelse på grunn av dennes skade eller sykdom.
Eksempler er nesten-kvelning av barn eller tilførsel av skadelige medikamenter eller andre kjemiske stoffer. Overfor hjelpere som tilkalles kan overgriperen fremstå som helt uvanlig omsorgsfull og uegennyttig overfor barnet og får derfor ekstra sympati og støtte. Den eksakte forekomsten av slik adferd er ukjent.
Ho la til at det for helsepersonell kan vera høg terskel for å tenke at ein foreldre kan stå bak eit barn sine symptom.
– Det viktigaste er å tru og forstå at det finst foreldre som er viljuge til å gå langt for å skade barnet sitt for å få gode. Slik barnemishandling er klart underrapportert, sa Løvgren alvorleg.
– Sat langt inne
– Det sat langt inne å tenke den tanken. For vi hadde ei veldig god oppfatning av mor som omsorgsperson for jenta, sa overlegen om den tiltalte.
– Ho var trøystande, roleg i situasjonane og populær hjå sjukepleiarane.
Men etter åtte blodbaneinfeksjonar, der det tre gongar utvikla seg til livstrugande blodforgifting, stod overlegen og kollegaen igjen utan svar på kvifor.
Sjeldne bakteriar
Til retten gjekk han detaljert gjennom fleire av hendingane. Det blei påvist tarm- og miljøbakteriar i blodet til jenta som han omtalte som svært, svært uvanlege.
Ein av bakterietypane som vart påvist i jenta si blodbane på julaftan 2022 sa overlegen han «knapt nok har vore borti» og at det er «få tilfelle av denne som er skildra i verda».
Han forklarte at legane hadde ulike hypotesar for kvifor dette skjedde, men at det først var på nyåret 2023 at mistanken om at mora kunne stå bak kom til han.
Mistenker avføring eller toalettvann i blodet: – Verda rasa saman
Var uroa for at jenta kunne døy
Særleg reagerte han på at den vesle jenta hadde infeksjonar i huda i dei ulike områda der venekrateret var sett på kroppen.
Katetera vart skifta ut og flytta på for å utelukke utilsikta forureining. I dag meiner påtalemakta at mora kan ha sprøyta inn til dømes urin, avføring eller toalettvatn i venekatetera.
– Det er veldig sjeldan vi ser slike kliniske infeksjonar ved staden for innstikk på kroppen. Så det var ein av årsakene til mistanken vår.
På nyåret 2023 vart jenta sendt til spesialundersøking på Rikshospitalet i Oslo. Målet var å utelukke om det var ein byll i hjartet hennar som kunne forårsake blodforgiftingane.
– Men vi hadde lenge vore uroa for [namnet på jenta]. På dette tidspunktet var vi redde for at ho ikkje ville kome seg gjennom desse episodane med blodforgifting. Vi var redde for at ho skulle døy, sa overlegen.
Innførte overvaking
Prøvane av hjartet var heilt normale. Likevel skjedde det ei ny blodforgifting i Oslo. Rikshospitalet hadde fått beskjed frå legane på Haukeland om kva dei mistenkte.
Tilbake i Bergen innførte overlegen sokalla fastvakt, som er på plass i pasientrommet til kvar ein tid. Dette informerte han mora om då dei kom tilbake frå Oslo.
– Dei neste dagane vart jenta vesentleg betre. Ho byrja å ete, leike og kom seg på alle måtar. Blodprøvane normaliserte seg og det var første gang vi såg positiv utvikling.
I dag er barnet fire år, frisk og bur framleis hjå mor og far. Barnevernet skal seinare i retten for å forklare sine vurderingar av omsorgssituasjonen til jenta.
– Alt som skal bli tatt opp no i denne saka, blir tolka som om eg har Münchhausen og at eg har skada henne og gjort henne sjuk. Men eg har ikkje gjort ho sjuk. Eg har ikkje sprøyta tarmbakteriar inn i blodet hennar. Eg er ikkje skyldig, har kvinna forklart til retten.


















English (US) ·