Paven er ein mektig politikar. For truande er han nær Gud, for folk utan tru er han berre ein gammal mann

12 hours ago 7



GJESTEKOMMENTAR: Medan kardinalane vel ny pave kan me nytta høvet til å freista å forstå trua.

Ballong med avdøde pave Frans, utanfor ein katedral i Buenos Aires. Foto: Agustin Marcarian / Reuters
  • Aslak Sira Myhre

    Aslak Sira Myhre

    Nasjonalbibliotekar

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Våren 1152 hende det noko stort i Norge. Noko det skulle snakkast om i hundreår etterpå. Den engelske kardinalen Nicholas Brekspear vitja landet. Det var midt i den tida som vert kalla borgarkrigstida, ein periode på over hundre år kor Norge paradoksalt nok var både herja av innbyrdes krigar, ofte med fleire kongar som regjerte på same tida, men samstundes vart forma som eit stadig sterkare sentralisert kongedømme.

Brekspear kom verken for naturopplevinga eller maten, han omtala begge deler i heller negative ordelag etterpå, men han var der som utsending for den sterkaste makta i Europa på den tida, den katolske kyrkja. Denne kyrkja, med paven i Roma i spissen, sende Brekspear til Norge for å oppretta eit norsk erkebispesete. Det var verkeleg ei storhending, erkebispesete med tilhøyrande erkebiskop styrka kyrkja og paven si makt i Norge, men den gjorde og at me vart lausrive frå det tidlegare danske og før det tyske erkebispesete, og at den norske kongemakta fekk ein mykje sterkare posisjon.

Pavane ikkje tittgjengde i Norge

Brekspear si vitjing er skrive mykje om i så vel sagalitteraturen som kyrkjelege annalar, men det er ein ting som gjer han endå meir spesiell. Då Brekspear kom attende til Roma etter vel utført oppdrag, var paven i Roma, på den tida Anastasius i ferd med å gå bort. Og konklaven som då vart samla, valde nettopp engelskmannen Brekspear til ny pave. Han tok namnet Hadrian, og var med det den fyrste paven som hadde sett for på norsk jord. Ifølge Snorre var han som pave særskild glad i nordmenn og hadde alltid tid til dei når dei vitja Roma.

Så vidt eg veit er det berre ein annan av dei til saman 266 pavane sidan St. Peter si tid som har vore i Norge. Det er ting som tyder på at Brekspear sine rapportar om dårleg mat og vanskeleg klima har gått i arv i embetet, i alle fall gjekk det meir enn 800 år før den neste vitja oss. Det var pave Johannes Paul den andre, som mot slutten av det tjuande hundreåret gjennomførte den einaste offisielle pavevitjinga som har vore her i landet.

Desse to hendingane illustrerer på mange måtar både kor nær og kor fjernt den katolske kyrkja har vore i norsk historie. Brekspear og pavane etter han var heilt sentrale, tidvis dei meste sentrale, aktørane i norsk politikk utafor Norges grenser. Dei skreiv ut skattar, utnemnde erkebiskopar og prelatar, lagde lover og reguleringar og lyste folk, ja til og med ein konge, i bann når dei ikkje fekk viljen sin. Og endå viktigare enn det, paven og alle hans menn var dei einaste som kunne gå i forbøn for folk på vegen mellom det levande livet og den evige lykka i paradiset. Denne skjærselden som den tids tru sa at me alle måtte reinsast i, var ikkje berre metafysikk, men ei konkret verkelegheit etter dauden som folk i samtida var livredde for.

Mange var katolikkar i smug

Når pave Frans no er lagt til kvile og over hundre kardinalar igjen er samla i Roma for å avgjera kven som skal verta den nye paven, så er det denne kombinasjonen av verdsleg og religiøs makt som utspelar seg framleis. Paven er ikkje berre overhovudet for verdas største religiøse organisasjon, og dermed ein viktig politisk figur, han er også Paven, ein som står nærare Gud. For katolikkar over heile verda er dette fortsett noko sjølvsagt, men for oss i Norge, truande som ikkje truande, er denne kombinasjonen av verdsleg og religiøs tenking i dag ganske framand. Det er kan hende ikkje så rart, for like lenge som den katolske trua var trua i Norge, så var han forboden etter reformasjonen.

Den norske reformasjonen var ikkje fyrst og fremst ei folkeleg rørsle som gjorde opprør mot avlatsbrev og tok trua attende frå presteveldet. Det var tvert om ein reformasjon ovanifrå, ei reform frå den danske kongen som både sikra kongemakta kontroll over alt gods og gull som kyrkja hadde samla seg opp, og det var mykje, og samstundes kvitta han seg med det norske riksrådet og den siste resten av ei sjølvstendig norsk styringselite. Dette kan ikkje ha vore særleg populært blant folk i Norge, mange ville rett og slett ikkje gje frå seg trua si. I skogane vart de halde hemmelege katolske messer i tiår, ja til og med hundreår etter reformasjonen, og den katolske kyrkja gav ikkje frå seg makta over dei protestantiske områda frivillig. I Stavanger hadde me til dømes ein lutheransk biskop som i det skjulte var agent for paven og arbeidde for det som vart kalla motreformasjonen.

Ein politisk leiar eller nærast Gud?

For å sikra seg mot den slags, vart katolisismen og katolikkar forbode i kongeriket Danmark- Norge, og det var noko me heldt fast i skremmande lenge. I grunnlova frå 1814 var ikkje berre jødar, men også katolikkar og jesuittar forbode i riket. Og sjølv om Wergeland gjorde ein innsats for jødane, slik at jødane og katolikkane fekk tilgjenge frå 1851, så var jesuittane framleis persona non grata i Norge fram til 1956. Det vil faktisk seie at fram til dette året, så ville til dømes Pave Frans ikkje hatt lov til å vitja Norge, om han ville. Han var nemleg jesuitt.

Den katolske kyrkja er i dag den raskast veksande trusretninga i Norge. Det er mest på grunn av innvandring, men det skjer og i ei tid kor religion og tru ser ut til å gjera eit slags comeback i store delar av verda. Eller kanskje er det ikkje det det gjer, kanskje har trua vore der blant folk heile tida, og at det berre er den offisielle politikken som har vore sekulær. Om ein skal forstå verda må ein framleis freiste å forstå tru, verda har ikkje endra seg så mykje frå mellomalderen som me kanskje likar å tenke.

Når kardinalane i Roma no er samla for å velje ny pave, så vel dei ein av verdas viktigaste politiske leiarar. Men det er ikkje slik for dei og for dei truande. For verdas katolikkar så finn dei fram til han som er nærast Gud. Utan trua deira er paven berre ein gammal mann.

Publisert:

Publisert: 2. mai 2025 20:34

Read Entire Article