«Pedojegerar» tiltalte etter knivstikking i skogholt

1 month ago 55



Tiltalen kjem etter at ein mann i 50-åra blei angripen av maskerte tenåringar i eit skogholt i Indre Sogn i fjor sommar. To av dei er tiltalt for medverknad til grov kroppsskade, dei andre to for medverknad til grov kroppskrenking.

Alle fire er tiltalte for å ha hensett ein annan person i hjelpelaus tilstand. Ein av gutane er også tiltalt for å ha filma og delt angrepet.

Ein 14-åring var sikta for drapsforsøk. Saka mot han er lagt vekk sidan han var under den kriminelle lågalderen då hendinga skjedde.

Berre ein av dei erkjenner straffskuld. To av ungdommane nektar, medan den fjerde ikkje har teke stilling til det.

Knivstukken i arm og hals

Mannen i 50-åra blei knivstukken i armen og halsområdet, og blødde ifølge bistandsadvokaten kraftig då han sjølv ringde politiet.

Knivstikking i Luster (5 av 5)

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Ifølge konstituert statsadvokat Sigurd Granli har tenåringane hatt ei oppfatning av at fornærma var pedofil, og dette skal ha vore motivet bak angrepet.

– Det som allereie er kjent, er at dei har planlagt å møte fornærma i saka her, seier han.

Den fornærma mannen i 50-åra blei sjølv sikta for å ha avtalt møte med ein person under 16 år med mål om seksuell omgang.

Mannens bistandsadvokat, Rolf Knudsen, skriv til NRK at dei ikkje vil kommentere tiltalen, utover at det er ei alvorleg sak.

Ein video av angrepet sirkulerte på sosiale medium etter hendinga, og hadde i løpet av få dagar blitt sett over 80.000 gangar.

Avtalte å møtast på nett

Relasjonen mellom tenåringane og mannen i 50-åra har vore ein sentral del av etterforskinga.

Politiet har tidlegare sagt at tenåringane hadde avtalt å møte mannen, og at dei hadde hatt kommunikasjon på nett.

Statsadvokat Granli stadfester dette.

Knivstikking i Indre Sogn

Ein mann 50-åra blei knivstukken i eit skogholt i Indre Sogn sommaren 2024.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde

Politiet sikra delar av kommunikasjonen som føregjekk på nett. Dei tok også beslag i ein kniv etter valdshendinga.

Kim Villanger er forsvarar til ein av dei tiltalte, og seier til NRK at hans klient ikkje erkjenner straffeskuld.

– Dette er ei sak som dreier seg om unge menneske, og det har vore svært belastande at saka har tatt så lang tid hos politiet.

Ser alvorleg på saka

Granli seier at hendinga er eit eksempel på at ein tar lova i eigne hender.

– Det er noko påtalemyndigheitene ser strengt på, og som i rettspraksis kan vere eit skjerpande omstende.

Han understrekar at det først og fremst er staten si oppgåve å drive med rettshandheving.

– Slike saker stel kapasitet frå politi og domstolar, som dei kunne vore brukt til å etterforske andre saker, seier Granli.

Sigurd Åsnes Granli, statsadvokat

Konstituert statsadvokat Sigurd Granli seier at påtalemyndigheitene ser alvorleg på saka.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

I tillegg kan det hende at politiet ikkje kan bruke bevisa, sidan dei ikkje har blitt henta inn på rett måte.

– Dei som er med på denne type aktivitet, set seg sjølve i fare for å delta i alvorlege straffbare handlingar enn det som opphavleg var planlagt. Dei møter også personar som kan vere ein fare for dei, seier statsadvokaten.

Fleire liknande hendingar

Han bekreftar at dei er kjende med at det har vore liknande hendingar som knivangrepet i Indre Sogn.

Videoar der såkalla «pedojegerar» går til angrep, har ved fleire høve blitt delt på nett.

Kripos har reagerer sterkt på valdsbruken, og at dei involverte er svært unge.

I Trøndelag tingrett blei to mindreårige gutar dømde til ungdoms- og samfunnsstraff for å ha banka opp ein mann i «pedojakt».

– Dette er noko vi er kjende med at finst, og at det dels er kontakt på ulike forum på internett når det gjeld den type ting, seier Granli.

Publisert 03.03.2025, kl. 19.59

Read Entire Article