Ploging er ei berebjelke i velferdsstaten

2 hours ago 1



 På Trysil for å «maksimere sesongoppkøyringa».

Eg vil ikkje ploge. Helst skulle eg ikkje vore i sporet i det heile.

Publisert: 01.02.2026 10:00

Men for oss som er belemra med kjærastar med skiambisjonar på våre vegne, er ploging eit nødvendig onde.

Omtåka på sal

Hittil har eg sleppt billeg unna, med relasjonar som «aldri igjen gidder å ha med partnar i sporet». Vinn — vinn.

Men ikkje alle har gitt opp. Nokre har gjerne ein draum om at vi skal svinse om kvarandre, i soloppgang og solnedgang, bak ein like ivrig samojed.
Omtåka i startfasen lurte eg meg sjølv til å kjøpe skøyteski. «Den største kjærlighetserklæringen!» var det visst.

Då var det gjort. Idet nedbøren krystalliserte seg, måtte Sats-mølla bytast ut med prepp.
For ikkje å gløyme isrinken på Trysil helga før, for å «maksimere
sesongoppkøyringa». Månaden med brest i halebeinet rister eg vel av meg.

50/50 kor staven tref

Som snowboardar i ski-/fårekle, er ploging halmstrået mitt.

Ikkje lenger er eg polstra med støvlar, skinne og hjelm, på ei brei, stødig fjøl. Eg har mjuke tøysko, knapt festa i smale tannpirkarar. Èitt element er delt i fire, som på eitt eller anna vis skal samkøyrast.

Det er nifst. For alle. Spesielt i bratte 15-gradersheng. Med sving, blokkert sikt, hundar og ungar. Og null kontroll.

Og her, på mitt mest frustrerte, er tida inne for optimaliseringstips:
«Ti centimeter lenger frem med staven, så kjenner du ikke bakken!»

Det er 50/50 om staven i det heile hamnar utafor skia. Så då plogar eg litt til. På trass.

Lite trening på B-føre

Tidlegare har eg fått innspel frå tilfeldig forbipasserande. «Ho treng hjelp», tenkte han nok, pensjonisten som galant sigla forbi og ropa: «Bøy i knærne! Opp i sporet!»

Som hovudregel meiner eg uoppfordra råd er greitt berre når det er fare for helse.
Det var det her.

Teknikkurs er fortrengt. Eg terpar lite. Vintrar skal nytast til fjells (og nei; det inkluderer ikkje haugar under tregrensa).

Då får vi helle tole tilnamnet «estetisk fråstøytande egoistar» (vestlending på Austlandet). Men eg tenker vi er i godt selskap: Sjølv Johaug og Weng tyr til ploging.
At marka ikkje toler det, er vel òg ein erkjenning av at dette ikkje er plassen for ski. Som vi utafor ringen veit. Hurrungane, Isfjorden og Lyngen byr på skikkeleg sole. Uansett ferdsel.

Berebjelke i velferdsstaten

Venner skader seg stygt. Månader med øydelagt skulder, hjerneristingar og knekte lem.

Dersom dei fleste som skulle vore født med ski på beina, på eitt eller anna tidspunkt blir dratt ut i sporet, er det eit samfunnsøkonomisk problem. Med mindre du plogar. Slik kan ein seie at ploging er ei berebjelke i velferdsstaten.

Eg kom over fjellet med brett, vart møtt med klassisk diagonalgang. Ord som sikt, pudder og skredfare blei til gli, prepp og smøring.

Då går skia i kryss. Ikkje av lyst, men fordi halebeinet har fått nok. Og forholdet krev sine kompromiss, sjølv med premature stavtips.

Til teknikkgestapoen: Unnskyld. Men så lenge det finst markamisjonærar, finst det òg pårørande plogarar.

Read Entire Article