Rådmannen i Narvik får sparken – får 20 månader med etterlønn

5 hours ago 2



Ein ny kommuneleiar i Nordland er på veg ut av stillinga si.

I dag får rådmann i Narvik, Lars Skjønnås offisielt sparken etter sju år.

– Når ein har ein slik jobb kan ein ikkje bli overraska over at noko slikt skjer, så det må ein berre handtere profesjonelt, skriv Skjønnås i ein e-post til NRK. Han legg til:

– Det er sjølvsagt synd at det blei slik, men eg ønsker kommunen lykke til i arbeidet med alle moglegheitene og utfordringane som står i kø.

Det har vore misnøye i arbeidsforholdet over tid.

– Grunngivinga er slitasje, med mange tøffe saker over lang tid, seier ordførar Rune Edvardsen (Ap).

Ordfører Rune Edvardsen (Ap) i Narvik.

Ordførar i Narvik, Rune Edvardsen (Ap) seier dei har fått til mykje saman dei siste sju åra, og trekker spesielt fram Alpin-VM og kommunesamanslåing.

Foto: Frida Brembo

Brukt ein månad på å bli einige

Allereie 16. mai bestemte kommunestyret i Narvik at Skjønnås måtte gå. Ordføraren og Skjønnås har dermed brukt over ein månad på å bli einige om ein avtale.

– Vi reknar oss for ferdig med saka no. Det blir ikkje noko meir frå nokon av partane. Vi går vidare og ser framover, ikkje bakover, seier begge to.

Ifølge Edvardsen er sluttavtalen som er inngått er i tråd med arbeidsavtalen frå 2018.

Der står det blant anna at Skjønnås får fem månader arbeidsfritak og 15 månader etterlønn. Til saman får han dermed 20 månader med lønn.

– Eg har i alle år hatt eit godt samarbeid med både ordførar og dei to varaordførarane. Eg kjem i ein periode no til å vere tilgjengeleg for kommunen for informasjonsoverføring og dokumentasjon der det måtte vere ønskeleg, seier Skjønnås.

Rådmann Narvik kommune i bygget hvor det skal etableres hydrogen brenselsceller og 500 arbeidsplasser.

Lars Skjønnås har vore rådmann i Narvik i sju år.

Foto: Frida Brembo

Oppseiing avslørt på pendlartog til Oslo

At Skjønnås skulle få sparken blei også leke på ein litt spesiell måte.

Førre månad skreiv avisa Framover at ein direktør i KS snakka høgt i mobiltelefonen på toget om at rådmannen i Narvik skulle kastast.

Oppseiinga skulle haldast strengt hemmeleg inntil ein avtale med rådmannen var signert, men så fekk lokalavisa eit tips.

Ein passasjer på eit pendlartog inn til Oslo hadde høyrt samtalen frå KS-direktøren. Der fekk ho opplysningar som ho meinte var eit grovt brot på teieplikta.

KS har beklaga det som skjedde, og opplyser til Framover at jobbsamtalar bør gjennomførast utanfor det offentlege rommet.

Fleire kommunedirektørar har fått sparken

Skjønnås føyer seg inn i rekka av kommunedirektørar nord i Nordland som har måtta gå det siste året.

I begynninga av mai fekk kommunedirektøren i Andøy, Andreas Jordell sparken.

Sluttavtalen blei inngått berre dagar etter at Jordell fekk tyn frå mangemillionær og styreleiar Benn Eidissen i prestisjeprosjektet The Whale, etter at han foreslo å gjere eit milliontilskot om til lån.

Kommunedirektør Andreas Jordell, Andøy kommune

Kommunedirektøren i Andøy fekk tyn for å foreslå å gjere om tilskot til prestisjeprosjektet The Whale om til lån. Ei veke seinare har Andreas Jordell og kommune blitt einige om ein sluttavtale.

Foto: Geir Bjorn Nilsen

Litt lengre sør i Vesterålen, mista kommunedirektør i Hadsel Janne Kankaala jobben i september i fjor.

Det skjedde da ordførar Kjell-Børge Freiberg kalla inn til eit ekstraordinært styremøtet om økonomi, men enda i staden opp med å sparke Kankaala.

Enda litt lengre sør, gjekk kommunedirektøren i Moskenes i Lofoten, Siri Halvorsen av i august 2024.

I forkant hadde det vore ein konflikt mellom ordførar Hanna Sverdrup og Halvorsen. Ifølge Lofotposten hadde Halvorsen levert eit varsel som blant anna var retta mot Sverdrup.

Publisert 19.06.2025, kl. 10.18 Oppdatert 19.06.2025, kl. 10.27

Read Entire Article