Laurdag morgon blei forskingsraketten MaxiDusty-2, skoten opp frå Oksebåsen på Andøya. Det skriv Andøya Space på sin nettside.
Raketten nådde heilt opp til 125 kilometer som er høgt oppe i atmosfæren, før han landa trygt i havet med fallskjerm.
Målet var å samle støv og partiklar frå den øvste delen av luftlaget, noko som kan gi ny kunnskap om dei spesielle nattlysande skyene. Dette er område som verken fly eller satellittar kjem til.
– Eg er kjempestolt av teamet og samarbeidet med UiT. Alt gjekk heilt knirkefritt, seier Kolbjørn Blix, leiar for Andøya Space Sub-Orbital.
Det var NTB som omtalte det fyrst.