To norske lag nekta å møte spanske Sant Cebria i Norway Cup etter ein valdsepisode der ein dommar vart slått i hovudet, men Rana-laget stiller i 16-delsfinalen.
– Me skal spele, seier Rana sin sportssjef Jimmy Fjelldalselv til Nettavisen.
Personen som slo dommaren er ikkje del av fotballlaget frå Spania, men bror til ein av spelarane på fotballaget.
Mellom anna laget Fløy og Os Turn valde å ikkje spele mot laget.
Norway Cup sin jury fann ikkje grunn til å sanksjonere Sant Cebria.
(NTB)