Det er åtvara mot å bade i nærleiken av ein bekk ved den populære Hauklandstranda i Vestvågøy kommune i Lofoten, melder kommunen.
– Kommunen rår frå bading i heile bekken som renner ned mot Hauklandstranda, inkludert området ved utløpet der bekken møter havet. Dette er eit populært område for dei minste å bade, men kommunen anbefaler no å ikkje bade her.
Grunnen er at kommunen har funne høge verdiar av såkalla koliforme bakteriar i ein bekk som renn ned til stranda.
Desse bakteriane er ofte å finne i avføring frå husdyr og menneske. E.coli bakterien er ein slik bakterie.
– Koliforme bakteriar er ei stor gruppe bakteriar, der mange kan vekse både i vatn og jordsmonn, og i tarmen hjå dyr og menneske, står det på Mattilsynet sine sider.
Kommunen vil vidare sette opp plaktar på stranda og vil undersøke kjelda til forureininga.







English (US) ·