Reagerer på at «humorvideo» skal bli vist i retten: – Respektlaust

2 hours ago 1



– Eg måtte spørje advokaten min om dei hadde sendt feil.

Slik reagerer tidlegare fotballspelar Runa Lillegård etter å ha sett videoklippa som skal bli brukt mot ho i retten.

Det er nesten tre år sidan den tidlegare Vålerenga-spelaren fekk ein ball i hovudet under ein toppseriekamp.

Ho lever framleis med store hovudsmerter, og kan verken jobbe eller studere.

Lillegård har prøvd å få det som skjedde i 2022 godkjend som yrkesskade, men har fleire gonger fått avslag frå Nav.

Denne veka blir saka tatt til lagmannsretten.

Ikkje einige

– Det som gjer hendinga unik, er at Runa blir treft i hovudet av ein hard klarering frå kort hald, der ho er ubudd og dett på ein måte som ein svært sjeldan ser på ein fotballbane, seier Trine Skjelstad Jensen.

Ho er advokaten til Lillegård.

– Det er kombinasjonen av treffet frå ballen og fallet som gjer at hendinga avvik frå den ordinære gangen i spelet, forklarer ho.

Jensen samanliknar saka til Lillegård med «fotballspelardommen» frå 2006.

– Konklusjonen må vere at skaden er resultat av ein arbeidsulykke, og at ho har krav på yrkesskadedekking, slår Jensen fast.

Nav hevdar derimot at episoden ikkje kan reknast som ein arbeidsulykke, og har avvist krava hennar fleire gonger, inkludert i Trygderetten.

Nav sin vurdering er at dette er noko ein må forvente på ein fotballbane, og har derfor avslått det, seier regjeringsadvokat Kristoffer Nerland.

«Funny YouTube-klipp»

No blir saka tatt til lagmannsretten. Der skal Lillegård ha med seg tre ekspertvitne.

– Me ser behov for at fotballekspertar kan belyse saka etter at Nav sin klageinstans meinte slike hendingar ofte skjer på fotballbanen, og at tilsvarande fall er normalt etter alminnelege hovudduellar, seier Jensen.

Nav på si side stiller ikkje med vitne, men kjem til å leggje fram diverse dokument, i tillegg til fleire videoar som skildrar folk som får fotballar i hovudet.

I den eine Youtube-videoen blir det berømte biletet av Marouane Fellaini, tidlegare Manchester United-stjerne, vist.

en mann med en fotballball

BEVIS: Det berømte biletet av Fellaini som får ballen i fjeset i 2017 er blant bileta som blir brukt i videobeviset til Nav.

Foto: Boris Grdanoski / AP / NTB

Runa Lillegård reagerer på videoane som skal bli vist i retten.

– Det dei videoane der seier meg, er jo at Nav er heilt «off», seier ho oppgitt.

Den fyrste Youtube-videoen er av fleire reporterar som får uventa ballar i hovudet. Ein annan viser kjappe klipp av fotballspelarar som får ballar i fjeset.

Ein av videoane har «dubstep-liknande» musikk i bakgrunnen.

– Det er liksom «funny YouTube-klipp» av spelarar som får morosame ansiktsuttrykk medan dei headar ballen. Respektlaust, meiner Lillegård.

Advokaten hennar meiner at videoane ikkje seier noko om kor vanleg ei hending er på fotballbanen, men snarare tvert om.

Professor dr. juris Morten Kjelland, ved Universitetet i Søraust-Noreg, har vanskar med å sjå at videoane har nokon direkte bevisverdi.

– Det er vanskeleg å sjå korleis dette skal kaste lys på ein relevant måte over det som skjedde. Jusen etterspør ikkje om sjølve skadehendinga er noko som er førekome ofte eller sjeldan. Det vil også vere å leggje fram underhaldningsvideoar som statistikk, seier Kjelland og legg til:

– Eg trur ikkje det er formålet med regjeringsadvokaten. Men det kan vere ein mogleg tanke bak det å avdramatisere det som har skjedd og på den måten indirekte farge og setje eit klima i retten.

en mann som står foran en vegg med innrammede bilder

INNBLIKK: Regjeringsadvokat Kristoffer Nerland seier at videobeviset skal gje dommarane innblikk i kva som skjer på ein fotballbane.

Foto: Jane Rasmussen / NRK

Regjeringsadvokaten: – Skal bli gjort på respektfull måte

Regjeringsadvokaten seier at filmane skal skildre kor tilfeldig fotball kan vere.

– Videoklippa blir berre vist for å gje dommarane eit innblikk i det som ofte skjer på ein fotballbane. Dei viser situasjonar der spelarar får fotballen i hovudet med stor kraft og duellar der det er tilfeldig kor ballen hamnar, seier Nerland og legg til:

– Eg vil også gå nøye gjennom situasjonen Lillegård var i, og det skal eg gjere på ein grundig og respektfull måte.

Han forklarar kvifor dei ikkje vel å ha vitne i rettssaka, men berre legg fram dokument og videoar:

– Det er alltid ein strategisk vurdering i kva grad ein skal kalle inn vitne. Me har jo forsking og statistikk som viser at det er ganske vanleg at ein får ein ball i hovudet som fotballspelar, legg han til.

Professor dr. juris Morten Kjelland kjem med denne vurderinga av saka til Lillegård:

– Eg kjenner ikkje detaljane i saka, men på generelt grunnlag er det å få ein ball i hovudet, og bli skadd av det – det skal mykje til for at det skal føre fram til ei yrkesskadedekning. Det som er gjennomgangsmelodien i praksisen frå dei siste 20-25 åra er at det må vere noko som er utanfor den ordinære gongen til spelet for at ein skal få ei dekning, seier han og legg til:

– Då må det nok sannsynleggjerast frå Lillegårds side at nettopp det er tilfellet. Her kan små detaljar i kva som har skjedd vera utslagsgjevande for at ein er over grensa og får ei dekning eller om ein ikkje oppfyller det kravet.

Rettssaka går torsdag og fredag i Borgarting lagmannsrett.

Publisert 20.08.2025, kl. 23.25

Read Entire Article