Regjeringa har den siste veka blitt skulda for at dei har vore så selektive med sanninga i valkampen at det grensar til «løgn» og «lureri».
På toppen har finansminister Jens Stoltenberg vore in absentia – på bokturné i utlandet.
Fredag kveld fekk opposisjonen ny ammunisjon da det kom for dagen at Støre-regjeringa stoppa anbodsprosessen på Stad skipstunnel allereie i sommar – og heldt det for seg sjølv.
I staden for å innvie fleire i «løyndommen», fekk Stortinget unnvikande svar om kva som gjekk føre seg.
Berre i august fekk regjeringa fleire skriftlege spørsmål frå Stortinget om kva som var status for anbodsprosessen for Stad skipstunnel, blant anna frå Erling Sande (Sp), Alfred Bjørlo (V) og Helge André Njåstad (Frp).
I alle tilfelle svarte den ansvarlege statsråden at regjeringa ville komme tilbake med eit utfyllande svar etter valet – i samband med statsbudsjettforslaget for 2026.
– Ikkje formålstenleg å gå i gang med forhandlingar
Laurdag formiddag tok Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss sjølv initiativ til å forklare seg om saka.
I dette intervjuet med NRK forsvarer ho:
- Kvifor regjeringa sa nei til at Kystverket kunne forhandle ned prisen på skipstunnelen
- Kvifor regjeringa heldt tett om «stoppordren» i valkampen
- Kvifor regjeringa ville gjort det same på ny
– Det er verken vanleg eller tradisjon for å kommunisere alle saker før statsbudsjettet blir lagt fram, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Foto: Fredrik Varfjell / POOL / NTB– I juni instruerte du Kystverket til å sette tunnelforhandlingane på pause. Kvifor gjorde du det?
– Fordi pristilboda ikkje var i nærleiken av den grensa som Stortinget hadde bestemt, og fordi Kystverket vurderte at det ikkje var realistisk å komme innanfor kostnadsramma. Da var det ikkje formålstenleg å gå i gang med forhandlingar. Alternativet ville vere å føre tilbydarane bak lyset. Med såpass høge tal – nesten ei dobling på fire år – måtte saka uansett tilbake til Stortinget.
– Du legg det fram som at departementet ikkje hadde anna val enn å stoppe prosessen. Men no har Kystverket fått grønt lys til å fortsette forhandlingane likevel – sjølv om pristaket er det same. Kva tenker du om det?
– Det er Stortinget sin fulle rett å komme med nye vedtak, og vi skal følge opp det. Dersom det kjem tilbod innanfor den vedtatte kostnadsramma (5,3 milliardar kroner), så skal vi sjå på det.
– I august fekk du fleire spørsmål frå Stortinget om kva som var status for anbodsprosessen for Stad skipstunnel. Kvifor ville du ikkje svare det som sant er: at prosessen var sett på pause?
– Fordi det var ei budsjettsak som høyrer heime i eit større bilde. Og det var det vi valde å gjere: å legge det fram i samband med statsbudsjettet.
– Ifølge opposisjonen var det snarare valtaktiske grunnar til at de heldt tett: De ønskte minst mogleg merksemd om det som var ei politisk sensitiv sak?
– Igjen, eg meiner at dette er ei sak som høyrer heime med totaliteten i statsbudsjettet. Det handlar om at vi har store oppgåver å løyse. Vi skal trygge landet, velferda og økonomien til folk. Da må vi snu på kvar krone og bruke pengane så effektivt som mogleg.
Regjeringa sa nei til Kystverket
Ifølge departementet var prisanslaga så høge – rundt 9,4 milliardar – at det ikkje var noko poeng for Kystverket å gå vidare. Til det var avstanden til den vedtatte kostnadsramma (5,3 milliardar kroner) ganske enkelt for stor.
Kystverket har brukt 290 millionar kroner
Skipstunnelen er greia ut 20 gongar sidan 1990. Berre sidan 2021 har Kystverket brukt 290 millionar kroner på grunnerverv, geologiske undersøkingar og prosjektering.
Regjeringa sette forhandlingane på pause
Regjeringa sette forhandlingane om skipstunnelen på pause før valet. Det skal ha skapt irritasjon i Kystverket, etter det NRK erfarer.
– Kjernen i kritikken er at «den hemmelege stoppordren» inngår i eit mønster der regjeringa er så selektiv med kva ho fortel og ikkje fortel at det grensar til «løgn» og «bløffing». Kva tenker du om det?
– Det er verken vanleg eller tradisjon for at regjeringa kommuniserer alle saker før statsbudsjettet blir lagt fram, og dette var som sagt ei stor sak. Det var snakk om nesten 10 milliardar kroner, og da er det etter vår vurdering ei sak som høyrer heime i ein større samanheng – i lag med statsbudsjettet.
Regjeringa nekta Kystverket å forhandle om kostnadskutt for Stad skipstunnel før valet. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner regjeringa «kortslutta» prosessen av taktiske omsyn.
Foto: Javad Parsa / NTB– Det er likevel ikkje snakk om milliardar
– I lys av kritikken, ville du vore meir open om stoppordren om du fekk sjansen på ny?
– Eg og regjeringa har heile vegen vore tydelege på at vi ser dette spørsmålet i ein statsbudsjettsamanheng. Det gjeld også dei skriftlege svara som eg har gitt.
– Da regjeringa annonserte at ho legg vekk tunnelplanane 10. oktober, sa Støre at det «ikkje var mogleg å ta prisen ned». Men til Teknisk Ukeblad seier den eine entreprenøren at dei kan komme tilbake med sparetiltak som kan utgjere «store summar». Kven snakkar sant?
– Det er likevel ikkje snakk om milliardar. Og det er jo det som er saka her. Dette prosjektet har gått frå litt over 5 milliardar til nesten 10 milliardar. Ståstaden vår er at denne kostnadsauken ikkje forsvarer nytta av prosjektet.
– På Vestlandet finst det framleis folk som trur og håpar at skipstunnelen blir verkelegheit. Har du ei helsing til dei?
– At vi no får høve til å sjå endeleg pris, og at det er fullt og heilt opp til Stortinget å vurdere om det er forsvarleg å gå vidare.
– Dei tre «vertskommunane» Stad, Kinn og Vanylven seier sjølv at dei har brukt 100 millionar kroner på å førebu tunnelen, og har bede om å få refundert utgiftene. Kva er realismen i dette?
– Eg er veldig klar over at kommunane har hatt kostnader til dette prosjektet, både med planarbeid og tiltakssøknader for ulike prosjekt, som å nytte steinmassar frå tunnelen. Men det er ikkje sånn at dei blir kompenserte for desse utgiftene. På den andre sida får vi alle eit auka økonomisk handlingsrom utan denne tunnelen, også vestlandet.
Ismail Burak Akkan / NRK
Dag-Inge Ulstein, KrF-leiar
Dette er uryddig av regjeringa. Under valkampen blei det bede om innsyn i talet for prosjektet, men det blei avslått fordi anbodet gjekk føre seg. Dersom regjeringa allereie hadde stoppa prosjektet i juni, betyr det at dei valde å halde det skjult av taktiske omsyn. Det er ikkje slik ein bygger tillit, akkurat. Dette er ikkje berre dårleg handtering – det er å føre folk bak lyset.
Frederik Winness Ringnes / NRK
Frank Sve, Frp
Dette er enda ei sak der Støre og samferdselsministeren har rundlurt veljarane. I Møre og Romsdal reiste førstekandidaten til Ap rundt og lova at dette prosjektet skulle byggjast, og hevda at «Ap leverer der Frp sviktar, også på Stad». Korleis kan Noreg ha ei regjering som ikkje snakkar sant og fører veljarane bak lyset?
Arne Flatin
Paul Sindre Vedeld (Sp), ordførar i Vanylven kommune
Eg synest det heile vitnar om ein useriøsitet som manglar sidestykke. Vi har lenge vore klar over at Stad skipstunnel aldri har vore ei prioritert sak for det sentrale Arbeidarpartiet, men at styrande organ opererer på slike måtar vitnar om taktikkeri og er usmakleg. Heile saka føyer seg inn i rekka av saker der samferdselskronene blir brukt på Austlandet, og berre smular på vestlandet.
Arne Stubhaug
Frank Willy Djuvik, leiar i Måløy vekst
Eg trur alle forstår at regjeringa hadde bestemt seg for å foreslå å vrake Stad skipstunnel lenge før valet. Etter mitt syn er det likevel respektlaust å ikkje la Kystverket fullføre forhandlingane med entreprenørane. Heldigvis har eit fleirtal på Stortinget fått prosjektet inn på rett spor ved å be Kystverket om å fullføre forhandlingane og legge fram ei sak for Stortinget.
Christian Nygaard-Monsen / NRK
Remi Sølvberg (Raudt), medlem av transportkomiteen på Stortinget
Det kan hende det hadde vore klokt av regjeringa å la anbodskonkurransen fortsette, så det blir interessant å sjå kva prislappen til slutt blir. Men vi er bekymra for at kostnadene til staten for planlegging og arrangering av anbodskonkurranse berre aukar og aukar og kjem i vegen for andre gode tiltak på vestlandet og i heile Noreg.
Sunnmøre Regionråd
Sverre Øvrelid Steen, Dagleg leiar i Sunnmøre Regionråd IKS
Kunnskapen om skipstunnelen og ringverknadene er mangelfull austafjells, og vi registrerer at regjeringa handterer prosjektet på ein måte som viser uvilje til å ta ei viktig satsing på kysten på alvor. Her på Vestlandet har vi vanskeleg for å tru at dei ville gitt same behandling til Intercity – som dessutan slepp moms i rekneskapen, og der dei samfunnsøkonomiske krava er slappe.
Hans-Olav Landsverk / NRK
Trygve Slagsvold Vedum, Sp-leiar
Ap-leiinga har gått målretta etter å kutte i distriktstiltak, og har stoppa Kystverket sin moglegheit for å få lågast mogleg pris for Stad skipstunnel. Forunderleg nok har Jens Stoltenberg i same budsjett som han seier at skal vere så sparsam, sett av pengar til å bygge to ekstra bygg i regjeringskvartalet.
Thomas Fure / NTB
Alfred Bjørlo, Venstre
Det føyer seg inn i rekka av Ap-bløffar til veljarane før valet. Her har dei rett og slett stoppa ein statleg etat frå å gå i forhandlingar om å få prisen ned. Dette holder ikkje mål, og er enda eit eksempel på at Arbeidarpartiet prøver å lure veljarane langs kysten.
Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd
Dette er svært kritikkverdig at regjeringa. Førehandlingane ville etter alt å dømme fått prisen ned. I tillegg får staten tilbake momsen frå bygginga av Stad skipstunnel. Berre dette gjer at staten sine kostnader kjem ned i 7,5 milliardar kroner.
Remi Sagen / NRK
Britt Giske Andersen, Maritimt Forum Nordvest
Vi noterer ei handtering frå regjeringa som vi ikkje akkurat applauderer og registrerer igjen ein manglande vilje til å ta prosjektet seriøst. No er vi først og fremst glad for at forslaget frå Sp, KrF og V, fekk fleirtal på Stortinget og dermed fekk prosjektet på rett kjøl igjen, med at anbodsprosessen no blir fullført.
Silje Guddal
Ove Kjøllesdal, dagleg leiar i Stad Vekst AS
Støre burde sagt dette før valet. Men som med mykje anna informasjon så venta han til etterpå fordi det kunne påverke valet. Så er det rart at prisen blir gitt med moms. Det er ikkje regelen for andre prosjekt innan veg og jernbane. Utan moms er prisen rundt 7,5 milliardar kroner. Det er ikkje så høgt når vi er klare over dei store prisstigningane som har vert dei siste åra.
Publisert 25.10.2025, kl. 15.01





















English (US) ·