Regjeringa legg fram samtykkelov før påske

1 month ago 52



Regjeringa kunngjorde måndag morgon at dei kjem til å leggje fram ei ny samtykkelov før påske.

– Alle i Noreg skal kjenne seg trygge. Og vi ser at når det gjeld seksualisert vald, så er det veldig viktig at vi sikrar ein betre rettstilstand her i Noreg, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).

Samtykkelov kan bli behandla av Stortinget før summaren

Ei samtykkelov inneber at begge partar må gje eit tydeleg samtykke før dei har sex.

For at lovforslaget skal kunne bli behandla av Stortinget før summaren, må det leggjast fram innan utgangen av april.

Justis og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

Foto: Alf Simensen / NRK

Fleire har frykta at regjeringa ikkje ville rekke fristen.

Ordlyden i lovforslaget er førebels ukjend.

Regjeringa har i det tidlegare samarbeidet med Senterpartiet (Sp) skrive i Hurdalsplattforma at ordlyden «skal spegle at seksuell omgang utan samtykke er forbode og definert som valdtekt».

Det har vore mykje debatt om ei samtykkelov bør innførast eller ikkje.

Forsvarsadvokat meiner det kan føre til eit bevisproblem

Forsvarsadvokat Mette Yvonne Larsen er kritisk til innføringa av ei samtykkelov.

portrettbilde av Mette Yvonne Larsen

Forsvarsadvokat Mette Yvonne Larsen er kritisk til innføringa av ei samtykkelov.

Foto: Mirwais Moquim

Ho meiner at ei slik lov vil føre til eit større bevisproblem og at ho kan gå ut over rettstryggleiken.

– Det å gjere ei straffbar handling eller eit straffebod avhengig av at noko skal vere verbalisert, har eg ikkje noko tru på. Vi har ei samtykkelov i dag, og viss nokon seier nei, og det let seg dokumentere, så er det straffbart, seier Larsen.

Publisert 03.03.2025, kl. 06.37 Oppdatert 03.03.2025, kl. 06.50

Read Entire Article