Rekord for overnattingar: – Lenge sidan vi har opplevd eit slikt trykk

1 day ago 7



– Folk kjem jo seint på kvelden og er fortvila fordi det er umogleg å finne plass, seier Trude Sande Beinnes.

Som dagleg leiar ved Sande camping i Loen, har ho hatt travle sommardagar.

– Ein dag talde eg anrop på telefonen og fekk kring 120. Det seier litt om trafikken vi har for tida.

I Loen har det stort sett vore smekkfullt på campingplassane. Så snart nokon reiser vidare, står det nye klare til å overta plassen.

Hos Sande har fleire stått i kø i håp om at ein ledig plass skal dukke opp.

en mann i et basseng

Trude Sande Beinnes i Loen.

Foto: Sande Camping / Privat

– Lenge sidan vi har opplevd eit slikt trykk

4,8 millionar overnattingar blei registrert ved kommersielle overnattingsstader i juni, ifølge tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det er det høgste talet for juni som SSB nokon gong har registrert.

Det er ikkje berre på campingplassane det har vore stor trafikk – også for hotella ser juli ut til å bli ein rekordmånad.

Det er ein auke på 3,6 prosent fleire overnattingar i juni i år, samanlikna med juni i fjor, ifølge SSB.

– Det er lenge sidan vi har opplevd eit slikt trykk som det har vore no, fortel hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotell i Balestrand.

– Vi merker heilt klart at det gode vêret har spelt ei rolle. Nordmenn reiser jo etter vêret, og då er jo vestlandet ei perle.

Fleire overnattingsstadar NRK har vore i kontakt med, fortel at juli har vore ein særs god månad, og at det er lenge sidan dei har registrert ein så høg etterspurnad.

Ein kombinasjon av godt vêr, fleire fridagar og at sju av ti nordmenn ferierer i Noreg i år har verka inn på dei gode tala, ifølge SSB.

Kor ferierer du i sommar?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Rekordtal

Det har vore ein auke i talet på overnattingar for nesten alle norske byar og regionar i juli også, ifølge NHO Reiseliv.

Sjølv om dei nøyaktige julitala ikkje er heilt klare, er det snakk om ein vekst i talet på bestillingar på 10–20 prosent samanlikna med juli i fjor.

– Det ser ut som at tala for denne sommaren blir rekordhøge. Heile bransjen er glad og fornøgd, seier Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Kristin Krohn Devold smiler med et skjerf rundt halsen

Direktør i NHO Reiseliv er godt nøgd med besøkstala for juni, og seier det ser svært lovande ut for juli.

Foto: Oda Hveem

– Er norsk reiseliv i stand til å ta i mot såpass mange turistar?

– Dei turistane vi tener pengar på, er dei som bur på hotell og et på restaurant. Dei vi ikkje tener pengar på, er dei som villcampar i naturen med bubil. Det siste året har vi kanskje fått ein uønskt vekst av dei vi ikkje tener pengar på, seier Devold.

Ho meiner utfordringane som dei høge besøkstala kan føre med seg, som til dømes bubilar og turistbussar som lagar kaos på smale vegar, ikkje er ei reiselivsutfordring, men ei samferdselsutfordring.

– Kaoset dette skaper for dei lokale dreg heile reiselivet ned i vanry, utan at dei gjestane som bur på hotell, campingplassar og i utleigehytter har skuld i det.

Kuldeturistar

Dei siste åra har reiselivet snakka om at mange som kjem til Noreg, er kuldeturistar.

Det engelske ordet «coolcation» har blitt hyppig brukt i media og av reiseoperatørar som SAS. Aftenposten har tidlegare stilt spørsmål ved om det er ein reell trend.

Franske turistar i Odda

Julian og Thomas frå Frankrike er glad for den kjølige temperaturen ved Trolltunga camping i Odda, men skulle gjerne ønskja at regnet held seg unna.

Foto: Tale Hauso / NRK

Krohn Devold seier dei klart ser tendensen med turistar som kjem til Noreg fordi dei liker det kjølige vêret.

– Vi har sett at dette heng saman med skogbrannar og hetebølger i andre deler av verda. Det er jo ei negativ side ved dette, ved at det er klimaendringar som ligg bak.

Likevel meiner ho den norske reiselivsnæringa har trekt gulloddet.

– Det er uendeleg mange menneske som ønsker seg eit kjøligare alternativ om sommaren.

Kamp om plassane

Blant dei mange som ferierer i Noreg i år, er paret Nadia Zetterdahl og Kenneth Ammerud.

Dei fekk seg ein ettertrakta plass på Sande camping i Loen.

– Vi fekk beskjed om å springe ned og ta plassen, seier Zetterdahl.

en mann og kvinne som poserer for et bilde ved siden av en vannmasse

Zetterdahl og Ammerud var heldige og fekk kapra seg det dei sjølv kallar for ein kremplass på Sande camping.

Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRK

Paret hadde ringt på førehand og fekk vite at nokon heldt på å pakke saman. Dei kunne kome innom og førebu seg på å stå litt i kø.

– Då pakka vi raskt saman, og så fekk jo vi denne kremplassen her, så det var vi veldig heldige med.

Publisert 05.08.2025, kl. 20.29

Read Entire Article