Rekordtidleg eksamenstrekk

4 hours ago 1



Regjeringa si framflytting av eksamen gjer at både muntleg og skriftleg eksamen blir trekt allereie 28. april neste år - få dagar før fredag 1. mai.

 Gabriel Aas Skålevik / VGRUSSETREFF: Frå landstreffet i Kongeparken i Rogaland 2. mai i vår. Neste år blir både trekkdato, eksamen og truleg russefeiringa flytta. Foto: Gabriel Aas Skålevik / VG
Oppdatert torsdag 23. oktober kl. 15:38
  • Både skriftleg og muntleg eksamen trekkast 28. april 2026; elevar får vite fag tidleg, men muntleg tema først 24–48 timer før.
  • Endringa flytter eksamen til før 17. mai.
  • Uro i skulane: fleire instansar, også direktoratet, har vore kritiske.
  • Udir viser til seinare standpunktvurdering og at skulane skal sikre nok timar.

I praksis vil det seie at elevar i vg3 får vite kva fag dei blir trekt til eksamen tysdag den 28. april.

Mange elevar vil då få vite i veldig god tid kva fag dei også kjem opp i til muntleg eksamen. Men dei får ikkje vite tema. Førebuingsdelen får dei kjennskap til høgst 48 timar - og minst 24 timar før dei skal opp til eksamen, ifølgje Pedersen.

VG har registrert ganske stor uro ute i skulane knytt til at 28. april 2026 er ny dato for eksamenstrekk. Ei heil rekke instansar, også fagdirektoratet sjølv, gjekk mot framflyttinga av eksamen. Eit hovudargument var at skulane allereie frå før hadde problem med å gi elevane nok undervisningstimar før eksamen.

– Godt forankra endringar

Men Øyvind Pedersen i Utdanningsdirektoratet stadfestar endringane:

– Flytting av eksamen fører med seg fleire endringar, men desse endringane er godt forankra, og vi samarbeider med skulane og fylkeskommunane for å få dette til på ein god måte. Det er første gong vi vi trekker både skriftleg og munnleg eksamen samtidig og det er ei stor endring for skulane, ifølgje Pedersen som jobbar i avdeling for eksamenstenester i Utdanningsdirektoratet.

– Kvifor så tidleg trekkdato?

– Det er flyttinga av eksamen som er bakgrunnen for endringane. For at eksamensperioden skulle flyttast til før 17. mai utan å gi for store konsekvensar for skulane, har vi endra trekkordninga. Det er naudsynt for at skolane skal oppfylle kravet til timetal for elevane og organisere avslutninga av skoleåret på ein føreseieleg og trygg måte, svarar Pedersen.

Datoar for eksamen i 2026

Slik blir eksamensplanen for sentralt gjevne skriftlege eksamenar 2026:

  • 4. mai: Teknologi og forskningslære, framandspråk, språk, samfunnsfag og økonomi  (vg3)
  • 5. mai: Norsk hovudmål (vg3)
  • 6. mai: Språk, samfunnsfag og økonomi  og engelsk (vg3) 
  • 7. mai: Biologi, informasjonsteknologi, språk, samfunnsfag og økonomi  (vg3)
  • 8. mai: Fysikk, språk, samfunnsfag og økonomi (vg3) 
  • 11. mai: Norsk sidemål (vg3)
  • 12. mai: Kjemi, geografi og språk, samfunnsfag og økonomi  (vg2, vg3) 
  • 13. mai: Matematikk, språk, samfunnsfag og økonomi  (vg3) 
  • 19. mai: Matematikk, framandspråk, engelsk og yrkesfag (vg2, vg3)
  • 20. mai: Framandspråk, engelsk og yrkesfag (vg1, vg2, vg3)
  • 21. mai: Matematikk og yrkesfag (vg2, vg3)

I tillegg kjem dei lokalt gjevne eksamenane. Datoane for desse blir bestemt lokalt

(Kjelde: Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet.)

Utdanningsdirektoratet gjennomførte ei høyring sist sommar (frå 12. juni til 20. august), der eit fleirtal av dei som svara, støtta forslaget om ein felles trekkdato for alle eksamenar, både skriftlege og ikkje-skriftlege (tidlegare munnleg) eksamenar, opplyser Pedersen.

Seinare standpunktkarakter

– Kan de forstå at ein del lærarar og elevar er redde for at dette vil ta vekk fokus og læring frå andre fag i mai månad?

– Ei felles offentleggjering av både skriftleg og munnleg eksamen kan føre til at elevane prioriterer fag dei veit dei skal ha eksamen i. På den andre sida kan godt arbeid med vurdering, standpunkt og læring òg bidra til å motivere elevane til jamt arbeid i alle fag, svarar Pedersen i Udir.

Han minner om at elevane får standpunktkarakterar i alle fag. Desse utgjer om lag 80 prosent av karakterane på vitnemålet.

– Det som er nytt, er at standpunkt kan setjast etter at skriftleg eksamen er gjennomført, noko som gir rom for undervisning òg etter eksamen.
Vi har tillit til at skulane legg til rette for at elevane får god undervisning gjennom heile skuleåret, presiserar Øyvind Pedersen.

Politisk styrt

– Kva tenkjer de som fagdirektorat om eksamens-endringane og følgjene av desse?

– Statsråden har teke si avgjerd og grunngjev endringa med eit politisk ønskje om å endre russefeiringa. Vi følgjer opp avgjerda ved å leggje eksamensplanen innanfor dei rammene, svarar eksperten i eksamenstenesta.

 Gøran Bohlin / VGBESTEMTE ENDRINGANE: Kari Nessa Nordtun (Ap) er kunnskapsministar i Støre-regjeringa. Foto: Gøran Bohlin / VG

I mars i år kunngjorde kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) at eksamen skulle flyttast frå og med våren 2026. Drivaren var at også russetida skulle flyttast. Elevane skulle prioritere læring framfor feiring.

Ditt syn på at eksamen og eksamenstrekket kjem tidlegare på våren enn nokon gong?

aDet er eg for - fordi det vil skyve russetida og standpunkt-karakterane til etter eksamen.bDet er eg mot - fordi det blir for kort tid å gjennomføre timetal på før eksamen.cVeit for lite om konsekvensane til å ta stilling.

– Målet er at dette vil bidra til at mai handlar meir om eksamen og læring, og mindre om russefeiring. Endringane i både eksamensdatoar og seinare standpunktskarakterar vil bidra til meir merksemd rundt skule i heile mai månad. Festen får kome etter testen, sa Nordtun (Ap).

– Vil ikkje elevane no få for kort tid til å lære det dei skal før eksamen, Øyvind Pedersen i Udir?
-
Vi må løyse endringane i fellesskap, og vi samarbeider tett med fylkeskommunane og skulane. Det er dei som har ansvaret for at elevane får den opplæringa dei har krav på, svarar Pedersen.

Publisert: 23.10.25 kl. 15:25Oppdatert: 23.10.25 kl. 15:38
Read Entire Article