Canada er inne i sin nest verste skogbrannsesong nokosinne. Det skriv The Working Forest.
Så langt er nesten 50.000 km² tatt av flammane, melder CIFFC.
Det svarer til eit område nesten på størrelse med Innlandet fylke.
Illustrasjon frå Nasa som viser skogbrannar i Canada og USA dei siste 24 timar fram til laurdag morgon.
Grafikk: NasaRøykspreiing
Resultatet av brannane er at røyk har spreidd seg over enorme område.
I juni viste satellittbilde at røyk hadde spreidd seg over Atlanterhavet og til Europa.
I delar av Frankrike var røyken så merkbar at han førte til dårlegare sikt.
Store delar av det nordlege USA merka røyken. Både i mai og juni blei det sendt ut åtvaringar til innbyggarane i delstatane Michigan, Wisconsin; Nebraska og Minnesota.
Illustrasjon som viser forventet utvikling av røyk fra skogbranne de neste 48 timene. Jo mørkere brunt, jo mere røyk.
ArcgisSende brev til ambassaden
Denne veka har seks medlemmer av Representanthuset klaga til Canada.
Dei seks er Republikanere frå delstatane Wisconsin og Minnesota. Begge ligg nord i USA og nær nokre av områda i Canada med mange brannar.
I eit brev til den canadiske ambassadøren til USA skriv dei blant anna:
«Veljarane våre har fått avgrensa høva sine til å vere utandørs og puste trygt på grunn av den farlege luftkvaliteten som følger av brannane.»
Kongressrepresentant Tom Tiffany er ein av dei som har skrive under brevet.
Foto: Tom Tiffanys gjenbruk«I våre område er sommarmånadene den beste tida å vere utandørs, nyte friluftsliv saman med familien og skape nye minne, men røyken frå brannane gjer dette vanskeleg.»
Dei seks krev nå at Canada tar grep for å avgrense brannane og den skadelege røyken.
«Med all teknologien som vi har tilgjengeleg, både for å forhindre og nedkjempe skogbrannar, kan denne trenden snuast om ein tar dei rette grepa».
Sjå heile brevet nedst i saka.
I juni hadde røyken frå skogbrannane i Canada drive over Atlanterhavet og var tydeleg synleg mot Mont Blanc i Alpane.
Foto: AFPSterke reaksjonar
Brevet har vekt sterke reaksjonar i Canada, skriv BBC. Statsministeren i delstaten Manitoba, Wab Kinew, seier at brevet er eit forsøk på å bagatellisere ein livsfarleg situasjon.
Manitoba måtte denne veka erklære unntakstilstand for andre gong denne sommaren.
Michael Waddington er professor ved McMaster-universitetet i Hamilton, Ontario. Han studerer skogbrannar og seier til New York Times at eit varmare klima gjer kanadiske område til ei kruttønne.
– USA er hovudgrunnen til det, seier Waddington og viser til USAs historiske rolle når det gjeld utslepp av klimagassar.
Har blitt verre
Dei tre siste åra er dei verste brannårene i Canada sidan år 2000.
2023 var ein marerittsommar. Da blei eit område større enn halve Noreg tatt av flammane i Canada. Det var meir enn dobbelt så mykje som noko tidlegare år.
- Les også: 2023-brannane i Canada sprengde skalaen
2024 var det nest verste sidan år 2000. Sommaren i år er allereie nesten like ille som heile fjoråret, sjølv om det ennå er første halvdel av juli.
Publisert 13.07.2025, kl. 15.29