– På eit tidspunkt såg det ut til at brannen hadde roa seg, men så kom det eit vindkast.
Det seier pensjonisten, Lulu, til avisa L'Indépendant. Ho blei overasska over kor raskt flammane flytta seg under brannen i departementet (fylke), Pyrénées-Orientales, sør i Frankrike.
Då ein brannmann banka på døra og bad ho om å evakuere, måtte ho handle raskt.
– Eg rakk berre å hente bilnøklane og låse døra. Eg tok ikkje ein gong pillene mine med, seier ho til avisa.
Lokalavisa møter ho i eit forsamlingshus med andre evakuerte frå området, som ligg rett ved grensa til Spania.
Jean, som også er pensjonist, fortel at han ikkje har sett liknande på tretti år.
– Flammane var om lag femti meter frå huset mitt. Eg blei litt redd sidan eg har problem med å gå, seier han til avisa.






Slukningsarbeid pågår i nærheten av Trevillach.
Video: ReutersSkadeleg røyk
I byen Ille-sur-Têt møter fransk TV ein mann som nettopp har fått beskjed av politiet at han bør komma seg unna røyken frå brannen.
– Eg høyrer brannen og føler at han kjem nærare og nærare. Ja, eg må sjå å komma meg unna, seier han.
Denne mannen fekk beskjed av politiet at det ikkje er bra å pusta inn røyken frå brannen.
Foto: Se PotionNTB skriv i dag at over 10.000 personar er evakuerte. Dei melder også at det er rundt 46 kvadratkilometer som har brunne. Brannen er framleis ute av kontroll.
– Denne morgonen er forholda i ferd med å bli verre igjen, seier innanriksminister i Frankrike, Laurent Nunez, til den franske TV-stasjonen TF1 måndag.
Då statsminister Sébastien Lecornu orienterte nasjonalforsamlinga om situasjonen i dag, fortalde han at 145 kvadratkilometer er brunne ned. Det er tre gonger så mykje som på same tid i fjor, sa han. Og i fjor var den same landsdelen ramma av rekordstore brannar.
Åtvarar om brannfare i store delar av landet
Det brenn også i Ardèche, litt lenger nord i landet. Her er 40 brannfolk sette inn i kampen mot flammane.
Heile 57 fylke i Frankrike er no sette i auka beredskap på brannfaren. Landet har opplevd to hetebølger sidan mai, og det kan bli fleire.
– Med hetebølgjetemperaturane som er varsla for denne veka, strekkjer faren seg over ein stor del av det franske fastlandet, åtvarar det franske meteorologiske instituttet.
Flyet prøver å slukke brannen.
Foto: MATTHIEU RONDEL / AFP / NTBEit utbrent område.
Foto: Alexandre Dimou / Reuters / NTBRøykskyer legg seg over området.
Foto: JC MILHET / AFP / NTBLokale kunne følge med på brannen på avstand.
Foto: JC MILHET / AFP / NTBUtbrente bilar ved ein campingplass, frå tredje juli.
Foto: JEAN-CHRISTOPHE MILHET / AFP / NTBFoto: Bruna Casas / Reuters / NTB
Brannbilar sløkk langs vegen i Ille-sur-Tet i nærleiken av Perpignan, Frankrike.
Foto: Alexandre Dimou / Reuters / NTBFleire fly bidrar i slukningsarbeidet.
Foto: Bruna Casas / Reuters / NTBHer brenn det i nærleiken av Herault. Over 700 brannmannskap deltek i slukkinga.
Foto: GABRIEL BOUYS / AFP / NTB
– Det er ein stor sjanse for at det kan komme fleire hetebølger no i juli og inn starten av august, som vil herje med spesielt sørlege deler av Europa.
Det sa klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt til NRK før helga.
Dei høge temperaturen i kombinasjon med tørt vêr gir høg skogbrannfare og store delar av Sør-Europa har vore ramma. I helga har det vore store brannar i både Portugal og Spania.
Tour de France påverka
Måndag går siste del av den tredje etappen i Tour de France utan publikum. Dette er fordi skogbrannen herjar om lag 60 kilometer frå mållinja i Les Angles ifølge nyheitsbyrået Reuters.
Syklistane skal sykle etappen som vanleg, men berre det mest kritiske støtteapparatet får sleppe inn i løypa. Det skriv nyheitsbyrået Reuters.
Årets Tour de France ser ut til å bli ein varm affære. Her er det Tadej Pogacar frå Slovenia og Isaac Del Toro frå Mexico, som kryssar målstreken søndag 5. juli.
Foto: AP400 kattar fanga i brannen
Mange av dei evakuerte har ikkje fått med seg kattene sine. L'Indépendant skriv i dag om organisasjonen, «Un Gîte une gamelle,» (Eit ly, ein skål), som har satt i gang ein kampanje for å redde katter som er fanga i brannen.
Dei fortel at over 400 katter fortsatt er igjen i brannområdet. No samlar dei inn kattebur for å kunne redde dei ut.
Ifølge avisa skal alle burene bli returnerte til eigarane når oppdraget er utført.
Publisert 06.07.2026, kl. 16.40 Oppdatert 06.07.2026, kl. 17.03












English (US)