Toppidrettssjef Tore Øvrebø er offensiv og trur på 35 norske medaljar under vinter-OL i Italia, det kjem fram då han møtte pressa i Olympiahallen, onsdag.
– Det er både krevjande og realistisk, seier Øvrebø.
Målet for Paralympics er åtte medaljar.
– Me har jobba over tid med idrettane for å finne eit fornuftig nivå på målsettingane, legg han til.
– Eg er lettare sjokkert over at Tore Øvrebø for ein gong skuld er heilt realistisk i sine medaljemål, seier NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt.
For OL i Beijing i 2022 var målet 32 medaljar. Noreg tok med seg 37 medaljar, der 16 av dei var gull. Det er rekord for eit vinter-OL.
– Mange av dei store medaljegrossistane har lagt opp før OL, seier Øvrebø til NRK.
Neste års meisterskap går utan mellom andre Therese Johaug og Johannes Thingnes Bø.
Johaug tok tre gullmedaljar, mens Thingnes Bø tok fire gull og ein bronse førre OL.
Leikane varer frå 6. til 22. februar. Opningsseremonien er på San Siro i Milano fredag 6. februar.
Avslutningsseremonien finn stad i det berømte amfiteateret i Verona 22. februar. Alt Milano og Verona er nemnt, og fleire stadar og nokre av idrettane kjem her i det svært spreidde meisterskapet:
* Langrenn, hopp og kombinert er i Val di Fiemme.
* Alpint for menn skjer i Bormio.
* Alpint for kvinner skjer i Cortina d'Ampezzo.
* Skiskyting går føre seg i Anterselva.
* Alle konkurransar på is innandørs er i Milano.
* Snowboard- og freestyle-utøvarane skal konkurrere i Livigno.





















English (US) ·