Rybak med kraftig oppgjer: – Ein kamp for å stå opp for seg sjølv

1 hour ago 1



No opnar Alexander Rybak (39) opp om den mørke baksida av kjendislivet.

Etter fleire år i USA er Alexander Rybak tilbake i det norske Melodi Grand Prix-sirkuset.

Men vegen tilbake har vore prega av langt meir enn berre førebuingar til sceneshow under MGP-finalen på Lillehammer.

Den siste tida har det blitt spreidd rykte om Rybak via sosiale medium, også her i Noreg.

Både i tekst- og videoform har ulike personar kome med udokumenterte påstandar om artisten.

Rykta skal blant anna ha det til at han har lurt til seg kyss frå unge jenter han møtte i all offentlegheit etter ein konsert i 2009.

Då var han 23 år og var på ein stor turné etter Eurovision-sigeren med «Fairytale» og møtte fans rett etter konsertane kvar gong.

Rybak fortel at han med åra har lært seg å leve med rykte og sladder, men det tar på, innrømmer han.

– Målbevisste folk med eit overtak kan vere det farlegaste som finst, meiner Rybak.

Han vel no å vere ærleg om fortida i håp om å leggje rykta daude.

Alexander Rybak til MGP-sak

Rybak snakkar ut om rykta og sladderen han har blitt utsett for.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Kyss på scena

Han meiner at det er fleire episodar i livet som gjer at rykta no har fått ny fart i sosiale medium.

  • Den første er videoar i sosiale medium frå 2023 med udokumenterte påstandar frå kvinna i USA som no er tiltalt for å ha stalka Rybak.
  • Så hendinga frå 2010 då Rybak som 23-åring var på scena for å overlevere trofeet til den tyske vinnaren Lena Meyer-Landrut (19).

Når han på scena føre millionar av TV-sjåarar, ber om eit kyss på kinnet, snur han ansiktet andre vegen og får eit kyss på munnen.

– Det var uprofesjonelt av meg, og eg vil ikkje gøyme meg bak at det var «ei anna tid». Eg angrar på det og eg skulle ønske det ikkje hadde hendt, seier Rybak.

Sjølv om avisene smelte til med titlar om «sigerskyss» og ingen kritikk, ser Rybak no at det burde ha vore ugjort.

– Eg skjønte ikkje alvoret då. Eg synest det er fint viss det kan brukast som eit døme for unge gutar på kva dei ikkje skal gjere.

Sjølv lo Lena Meyer-Landrut bort det heile då ho blei spurt om kysset av Dagbladet i 2010.

– Eg blei ikkje flau. Eg synest Alexander Rybak er både høfleg og hyggeleg, sa ho under eit besøk i Noreg.

Ho har ikkje kommentert at dette no blir trekt fram igjen etter at det blei kjend at Rybak skal delta i årets MGP.

Lena Meyer-Landrut fekk eit kyss frå Alexander Rybak under Eurovision-finalen i Noreg i 2010.

Oppgitt av rykta

Han trekkjer også fram songen «Oah» med tekstlinjene «You’re way too young for me. But I don’t mind», som han skreiv til kjærasten sin i 2010.

– Den har vore bensin på bålet for dei som spreier rykte. Eg vert så oppgitt over rykte og tull, seier Rybak.

Alexander Rybak blei raskt ein superkjendis her i Noreg då han vann Eurovision.

Alle såg gladguten med fela på scenen, men det gav også personlege utfordringar for han.

Han har fleire gonger vore open om at han begynte å bruke sovepiller for å takle stresset og angsten som følgde med.

– I 2020 klarte eg å kjempe meg ut av misbruket og eg vil aldri tilbake dit, uansett kort tøft det tidvis kan vere, seier Rybak no.

Alexander Rybak foran piano

Alexander Rybak har bygd eit eige heimestudio, og det er her han spelte inn heile det nye albumet sitt.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Kvinne tiltalt for stalking

Då han flytta til USA for å ta ein master i komposisjon på UCLA, fekk han store problem med ein kvinneleg stalker.

Rybak oppfatta ho først som ein ven, men det skulle ikkje gå lang tid før alt endra seg.

– Blant anna laug ho om at ho budde i same bygning som meg og at ho gjekk på same skule som meg, seier han.

Falske rykter om Rybak

FBI meiner at det denne kvinna har posta om Rybak er reint oppspinn og eit resultat av stalking.

Foto: Skjermdump / sosiale medium

Det som starta som ubehagelege møter og meldingar i USA, eskalerte til ei føderal sak for FBI.

Kvinna skal i løpet av 2026 møte i retten, tiltalt for stalking av fleire personar og familiane deira, mellom anna den norske Eurovision-vinnaren.

Ho sende tusenvis av meldingar, e-postar og møtte ved fleire høve opp ved huset hans, på universitetet og oppførte seg truande.

FBI-tiltale

Skjermdump frå deler av den omfattande tiltalen mot kvinna i USA. Ho er tiltalt av FBI, men ikkje dømt enno.

Foto: Skjermdump / FBI

Nekta å forlate garasjen

Rybak skildrar ein kvardag prega av overvakingskamera og konstant frykt.

Ved eitt tilfelle blei ein konsert gjennomført med politivakt etter ein bombetrussel.

– Eg blei dritredd, seier Rybak.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå kvinna, førebels utan å lukkast.

Han syner fram ei rekkje e-postar frå kvinna og videoar der ho blant anna nektar å forlate Rybak sin eigedom i Los Angeles.

Blant anna eit tilfelle der ho har snike seg inn i garasjen til Rybak. På videoen ser vi han roleg forsøke på å få ho til å gå, men ho nektar.

Sjølv om kvinna blei arrestert av FBI, hevdar Rybak at ho har halde fram med å spreie rykte og sende e-postar, sjølv etter at laptopen hennar blei konfiskert.

Alexander Rybak spiller piano

Alexander Rybak tryllar fram fine tonar på pianoet. For han har alltid musikken vore ein måte å vise kjensler på.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Veldig vondt

NRK har sett at innboksen til Rybak er full av e-postar som stammar frå denne kvinna og falske profilar.

– Det var veldig vondt då stalkeren begynte å spreie rykte om meg og heile verda trudde ho.

I kommentarfelta under videoar ho la ut, spreidde det seg nye udokumenterte rykte om Rybak og mykje hat mot han som person.

Falske rykter om Rybak

Det finst ingen haldepunkt for at denne forma for ryktespreiiing har noko sanning i seg. FBI har også konkludert med at kvinna som sette i gang ryktene, har utført alvorleg stalking mot Rybak.

Foto: Skjermdump / sosiale medium

Til slutt valde Rybak å forlate USA og å flytte heim til Noreg for å byggje eit nytt liv.

– Heldigvis har eg med meg mastergraden min som eg klarte å gjennomføre trass i at ho prøve å øydeleggje livet mitt, seier han.

Vil ha familie

Han fortel at situasjonen har vore ei ekstrem påkjenning, særleg kombinert med politiske skuldingar knytt til hans deltaking i Grand Prix.

Likevel vel han no å stå opp og fram, og er klar for scena under MGP-finalen på Lillehammer 28. februar.

– Det handlar litt om det songen min handlar om òg: å stå opp for seg sjølv når heile verda følast som ho skal rase saman.

Sjølv om han er med i MGP for å vinne, er draumen for dei neste fem åra noko heilt anna enn glitter og stas.

– Eg har verkeleg lyst til å leve familielivet, seier Rybak og smiler.

Alexander Rybak med Lego.

Det å bygge Lego har vore ein god måte for Rybak til å dempe angsten og finne ro i livet.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Leve her og no

Det hadde sjølvsagt vore lettare å ikkje vere med i Grand Prix når det er eit så betent tema for mange.

– Men eg må stå for det eg har starta og gjennomføre det.

No handlar kvardagen om å finne roa og fokusere på menneska han møter i den verkelege verda, framfor hatet på internett.

– Mi største utfordring er å leve her og no. Eg har lært meg å ikkje svare på hat på nettet, men heller svare med kjærleik i det verkelege livet, avsluttar han.

Publisert 01.02.2026, kl. 11.29

Read Entire Article