– Så enkelt kan skulen fiksast

1 day ago 3



DEBATT: Eigentleg er det ikkje så vanskeleg. Som barna, treng skulen berre kunnskap, tryggleik og tillit.

«Om skulen ikkje er trygg for alle, er det ikkje lett å utvikla seg til den beste versjonen av seg sjølv,» skriv Helge Kristoffersen. (Illustrasjonsfoto) Foto: Berit Roald / NTB
  • Helge Kristoffersen

    Hovudtillitsvald i Sandnes kommune, Norsk Lektorlag

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er ikkje mange vekene att til valet, og skule er garantert eit viktig tema for politikarar og veljarar. Det er klart for alle at skulen er viktig og at noko må gjerast. Partia har sine detaljerte program med korleis skulen skal bli betre. Men eigentleg er det ikkje så vanskeleg. Som barna, treng skulen berre kunnskap, tryggleik og tillit.

Still krav

Kunnskapen er ikkje berre eit tre i Edens hage. Same kva læreplan skulen lever under er det noko som skal lærast og då må læraren kunna faget sitt. Lærarutdanninga må vera solid innan 2–3 fag og formidlinga av desse faga. Gjennom arbeidslivet må arbeidsgjevar syta for godt fagleg og tverrfagleg samarbeid, og dessutan jamleg oppdatering.

Med dei krava nåtid og framtid stiller til omstilling og kritisk tenking, er det faktisk viktig at læraren har den forskingskompetansen som mastergraden gir. Den som kan faget sitt skikkeleg lukkast og betre med tilpassing for dei som strevar med faget og dei som treng fleire utfordringar. Legg til rette og still krav til innhald og formidling i skulen.

Det må vera trygt

Om skulen ikkje er trygg for alle, er det ikkje lett å utvikla seg til den beste versjonen av seg sjølv. I tillegg til alt som skal lærast, skal ein gå frå barn til vaksen. Alle kan nok fortelja om ein trygg kontaktlærar som gjorde ein forskjell. Men like mange kan nok fortelja om at dei ikkje blei sett og at vaksne ikkje hadde tid til dei.

Lærarar er folk som bryr seg. Det er faktisk ein viktig del av jobben å syta for at miljøet er godt i klassen. Til dette trengst det ei elevgruppe som helst ikkje er på stort meir enn 25, og nok tid. Med dette er det meste løyst, men nokre gonger trengst også meir. Andre yrkesgrupper er viktige og dei må få vera i skulen på eigne premissar. Helsesjukepleiar er viktige, men det krevst og miljøpersonale, barnevernspedagogar, vernepleiarar og ulike former for spesialpedagogar. Alt må gjerast for å sikra trygg og god oppvekst.

Dum plass å spara

Det er ikkje få som applauderer ein tillitsreform i skulen og det offentlege. Læraren treng tillit til å velja det beste læremiddelet for elevane, om det er digitalt eller analogt. Læraren treng tillit til sjølv å vurdera kva som trengst av lekser. Den einskilde skulen treng tillit til å organisera timeplan og elevgrupper til beste for elevane. Skulen treng gode leiarar på attraktive vilkår til å bygga gode lag kring elevane.

Det har blitt eit omkvede i politikken at det er folk og ikkje pengar som manglar. Skulen skal syte for folka i framtida og er ein dum plass å spara. Sjølv om det skulen ikkje er noko ein berre kan kasta pengar på for å fiksa, er det faktisk slik at underfinansiering er det største problemet. Kommunane treng ein sterk og fri økonomi. Med gode økonomiske rammer kan samfunnet krevja ein god skole med nok kompetente vvaksne.

Faktisk er ikkje skule vanskelegare enn noko anna. Kompetanse, tryggleik og tillit er godt drivstoff for å utvikla skulen som grunnmuren i samfunnet vårt. Det handlar berre om nok og rette folk på rett stad til rett tid. Kompetente folk som får tid og rom til å gjera jobben sin.

Publisert:

Publisert: 4. august 2025 14:00

Read Entire Article