Setter inn ekstra skogbrannhelikopter

16 hours ago 5



– Vi kan ikkje akseptere at kvinner i Nordland får eit dårlegare helsetilbod fordi Helse Nord vurderer å omdisponere ein heimel for gynekolog.

Det seier Åshild Pettersen i Sosialistisk Venstreparti i ei pressemelding frå Nordland fylkeskommune.

– Eg er svært bekymra for følgene dersom Helse Nord går vidare med planane, seier ho, og fryktar lenger ventetid og dårlegare oppfølging.

Reaksjonen kjem etter AN gjorde det kjent at Helse Nord vurderer å omdisponere avtaleheimelen til gynekolog Irina Eide. Viss det skjer, vil Nordland stå att med berre éin avtalespesialist i gynekologi for heile fylket.

– Det blir heilt uhaldbart med éin avtalespesialist for heile Nordland, seier Eide til avisa, og får støtte frå fastlege Marius Edvardsen.

Eide hadde nær 2600 konsultasjonar i 2025, er i dag ein av to såkalla avtalespesialistar i grynekologi i Nordland. Begge held til i Bodø, men tar imot henviste pasientar frå heile fylket. Avtalespesialistar driv praksisen privat, men med offentleg avtale og som del av den offentlege helsetenesta.

Helse Nord stadfester til avisa at vurderinga pågår, og seier denne skal vere ferdig 8. mai.

Nordlandssjukehuset vurderer kapasiteten innan gynekologi som god.

– Vi meiner at sjukehuset har kapasitet til å handtere dette pasientvolumet, seier avdelingsoverlege Stine Andreasen ved Kvinneklinikken til avisa.

Ho understreker at medisinsk prioritering vil avgjere kven som får hjelp raskast.

– Når vi seier at vi har kapasitet, betyr det at vi vurderer det som mogleg å handtere pasientane utan at det oppstår fristbrot.

Read Entire Article