Sikra ikkje telefon og harddisk som låg i skuff med sexleiketøy

5 hours ago 1



Den omfattande saka har vore under opprulling sidan våren 2023. Til no er seks menn dømde for å ha forgripe seg på den same mindreårige guten.

Fire av dei er dømde for å ha forgripe seg i lag, to og to.

Den sjuande mannen møtte i Haugaland og Sunnhordland tingrett denne veka. Han har i ei årrekkje jobba på ein skule som barne- og ungdomsarbeidar.

No er mannen i 30-åra tiltalt for fleire tilfelle av seksuell omgang med den fornærma guten då han var 14 år gamal. 

– Var anonym

Politiet meiner han betalte med ei flaske sprit den eine gongen. Han er også skulda for å ha sendt fleire nakenbilete til han.

«Irriterer meg at eg ikkje kjenner stemmen din og veit kven du er», skriv mannen på Snapchat dagen etter eitt av overgrepa som er omtalt i tiltalen.

I retten denne veka nekta han straffskuld.

– Han forklarar at han aldri såg fornærma, fordi fornærma stilte som vilkår for treff at det skulle skje anonymt. Derfor visste han ikkje at det var fornærma han hadde hatt seksuell omgang med, seier forsvarar Hallvard Gardshol Bjørndal til TV 2.

Var på jobbreise: «Ønsker å gjøre det samme. Lovet deg 3000»

Kritiske til etterforsking

I tillegg er altså fem menn sikta for overgrep mot same gut. Dei sakene er framleis under etterforsking.

TV 2 har tidlegare skrive om den massive kritikken mot politiet som er ført frå særleg bistandsadvokat Sigurd Klomsæt

I hovudtrekk meiner han og familien at politiet ikkje har undersøkt godt nok om mennene har samarbeida om å forgripe seg mot guten. 

Mellom anna har ikkje politiet sikra alle beslag dei har gjort av harddiskar, nettbrett, mobiltelefonar og laptopar.

– Eg er tilhengar av å sikre og gå gjennom mest mogleg. Andre har meint at saka er tilstrekkeleg opplyst, sa ein politioverbetjent til retten etter å ha greidd ut om tekniske funn i saka mot barne- og ungdomsarbeidaren.

Der viste han ei liste med beslag som er gjort heime og på kontoret til mannen. 16 beslag, mellom dei minnepinnar, laptopar og nettbrett, er ikkje sikra av politiet i etterforskinga.

– Det er vel ein blanding av ressursmanglar og prioritering av tid mellom ulike saker, la politioverbetjenten til.

Skrytte av trekant med 14-åring: «Han som løy på alderen»

Politiet har tidlegare kategorisk avvist teorien om at overgriparane har organisert seg eller er ein del av eit pedofilt nettverk.

– Politiet meiner at dei fleste mennene møtte fornærma uavhengig av kvarandre via appen Grindr, sa politiadvokat og aktor Else Saltveit Lokna til TV 2 i vår.

Reagerer på manglande sikring

Tysdag vitna dataanalytikar Thomas Mehlum frå analyseselskapet Agenda Risk. Han opplyste til retten at han er engasjert av familien til den fornærma guten.

Dei har ønskt at han gjer analysar av elektroniske spor. Han har fått avgrensa innsyn av politiet, men har fått tilgang til alle politidokument og relevante dommar i sakskomplekset. 

 Beate Oma Dahle / NTB
MØTTEST PÅ APP: Mykje av den første kontakten mellom guten og mennene er initiert gjennom datingappen Grindr. Her har dei avtalt vidare kontakt på mellom anna Snapchat. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Mehlum trakk fram særleg eitt politibeslag han stussa over: 

I ei skuff med eitt sexleiketøy hjå barne- og ungdomsarbeidaren, vart det også funne ein eldre iPhone og ein ekstern harddisk. 

– Eg tykkjer det er rart at det ikkje blir undersøkt, når det ligg på ein slik stad. Fornærma har i avhøyr hevda at han vart filma under overgrepa, sa Mehlum.

Politioverbetjenten som forklarte seg om digitale funn, presiserte for retten at dei har undersøkt søkehistorikken på nettet til den tiltalte mannen heilt tilbake til 2008.

– Det er ingenting som indikerer søk etter bilde som viser overgrep mot barn der, sa politioverbetjenten.

– Saka er tilstrekkeleg belyst for å ta ut tiltale og difor er ikkje alle beslag gjennomgått, supplerer politiadvokat Lokna på e-post til TV 2.

Forsvarar Bjørndal svarar slik på Mehlum sin kritikk.

– Mehlum og bistandsadvokat Klomsæt snakkar som at dersom ein hadde sjekka meir, så hadde ein avdekka eit enormt pedofilt nettverk som min klient var deltakar i. Det tvilar eg på.

– Det er ingenting i den dokumentasjonen som er undersøkt i min klient eller andre av dei tiltalte eller dømde sitt digitale materiale som indikerer ein slik organisert kopling mellom dei involverte i saka.

Politiet: – Delte Snapchat-info

Rettssaka mot den tiltalte barne- og ungdomsarbeidaren skulle eigentleg ha gått for retten i vår. 

Saka vart utsett då det vart funne Snapchat-kontakt mellom han og ein av dei andre sikta mennene i saka. Begge hadde nemleg same forsvarsadvokat.

I retten tysdag kom det fram at politiet meiner den tiltalte delte den fornærma sin Snapchat-konto med den andre sikta. 

Denne mannen, som er i 20-åra, sonar allereie ein lang dom for ei rekkje overgrep. 

Snapchat-kontakten dei imellom var seksualisert og dei delte bilete av kvarandre. I chatteloggar frå 2020 kjem det fram at den tiltalte mannen er oppteken av å få sjå ansiktet til medsikta.

«Fordi eg vil sjå at du ikkje er under 18», forklarer han.

Men dei diskuterte også andre kontaktar.

«Han du sende snapen til har enda ikkje svart meg, jo», skriv den medsikta til den tiltalte sommaren 2021.

– Du må godta

På dette tidspunktet er den fornærma guten under 14 år.

«Eg ska si til han at han må godta deg», svarar den tiltalte, før han umiddelbart sender snap-melding til den fornærma:

– Du må godta. Han er digg og vil treffa deg. Sykt deilig pikk.

Ifølge tiltalen er det først våren og hausten 2022 at barne- og ungdomsarbeidaren har seksuell omgang med guten.

Våren 2022 blir dei to på nytt vener på Snapchat, men med den andre Snapchat-kontoen til tiltalte. Same dag søkte mannen på guten sitt fulle namn på Google, viser politiet sine undersøkingar.

Den fornærma guten var i 2020/2021 elev på skulen der tiltalte arbeidde.

– Den tiltalte seier han ikkje har visst at det var han som han møtte, fordi møta var anonyme, seier politiadvokat Lokna.

Ho ba om fengsel i åtte månadar for den tiltalte då prosedyrane vart haldne i retten onsdag.

Dom er venta i starten av september.

Read Entire Article