To veker før nasjonaldagen er eit oppdatert langtidsvarsel på plass.
Mellom fjord og fjell i Sogn kan ein nærast ta på seg badedrakta. Lenger nord er fare for at dunjakka kan kome til nytte.
– Temperaturane ser ut til å stige jamt fram til nasjonaldagen, seier statsmeteorolog Sigrid Auganæs.
Meteorologane sin tabell for heile landet viser kor store forskjellane kan bli.
«Typisk» 17. mai vêr?
Ein kan kanskje ikkje seie at det er noko som heiter typisk 17. mai vêr. Men ifølge meteorologane ser prognosane foreløpig ganske «normale» ut.
Det er framleis to veker til nasjonaldagen, men langtidsvarselet kan gi oss nokre indikasjonar på korleis det vil sjå ut.
– Det ser foreløpig ut som det blir litt kaldare enn det var i fjor, seier Auganæs.
Som tek kraftig atterhald:
– Men det er framleis tidleg, og mykje kan skje, seier statsmeteorolog Sigrid Auganæs.
Men det einaste som er sikkert foreløpig er at ingenting er sikkert.
Kjøligare enn fjoråret
Fjorårets var varmare enn normalt, og Steinkjer stakk av med varmerekorden på 26,1 grader.
Då kunne nok fleire kjenne sveitten under bunadsskjorta.
Dei minste ved Torridal skule i Kristiansand kunne nyte 20 grader.
Foto: Jon Anders Møllen / NRKI Bergen tok regnet ei pause og lét Bryggen skine i 24 varmegrader.
Foto: Silje Rognsvåg / NRKTromming i 22 gode grader i Kristiansunds gater.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKPå slottsbalkongen kunne dei vinke til folket i sol og 23 varmegrader.
Foto: Javad Parsa / NTBOgså Trondheim kunne skilte med 23 grader ved fjorårets feiring.
Foto: Gorm Kallestad / NTBI Kirkenes var det andre bollar med topptemperatur på nesten 6 grader.
Foto: Kristin Humstad
Eit par sveittedråper kan det bli i år også, men truleg ikkje like mange...
Dei foreløpige prognosane kviskrar om temperaturar som stort sett ligg mellom 10 til 18 grader.
Sydenvarme i Sogn og vinter i Troms
Det blir truleg store variasjonar i det langstrekte landet vårt.
I Tromsø kan temperaturen krype heilt ned til dunjakke, ullundertøy og minusgrader, med prognosar ned i minus ein.
Om ein snur snuten sørover og innover blant fjord og fjell, kan det bli reine sydenvarmen.
I saftbygda Sogndal kan det vere lurt å få i seg noko leskande om dei potensielle 27 gradene blir realitet.
Foto: Sondre DalakerI Sogndal i Vestland seier prognosane at det kan bli heilt opp i 27 grader. Men.
– Det er ikkje så sannsynleg at det blir 27 grader, men det kan skje, seier Auganæs.
Resten av landet ser foreløpig ut til å få mellom 10 og 20 grader. Og kanskje litt nedbør?
– Bra bunadsvêr
Om du skal ta på deg ullundertøy under bunaden, dra fram regnponchoen eller bytte ut bunaden med ein lindress eller lett sommarkjole, er ikkje heilt sikkert ennå.
– Men alt i alt ser det ut til at det blir bra bunadsvêr, seier Auganæs.
Meteorologen trur det blir ein fin dag for dei bunadskledde.
Foto: NTBRett og slett verken veldig kaldt eller veldig varmt. Men om nokre dagar er det heile litt meir sikkert.
– Prognosane endrar seg etter kvart. Når vi er innanfor tidagarsvarselet vårt, då blir det litt enklare. Også kan vi spikre prognosane cirka tre dagar før.
Men inntil vidare kan du følge utviklinga på yr.no.
Publisert 02.05.2025, kl. 20.15