Sjefen tok grep: – Om du ikkje står opp, ringer eg deg kvar morgon!

2 hours ago 2



– Eg sleit med at eg forsov meg, eg var ikkje så veldig disiplinert. Lucas Aragones (22), smiler litt av korleis han var da han starta som lærling i Krøderen Elektro for fire år sidan.

Men at guten med krølla og det store smilet ikkje klarte å stå opp blei eit irritasjonsmoment og skapte problem for bedrifta Krøderen Elektro.

Sjefen sjølv, Vegard Jelstad, ønskte å få ungguten gjennom lærlingløpet og tok grep.

– Eg sa at vi kan gjere ein «deal». Om du ikkje har sendt ei melding til meg innan kvart på seks kvar morgon, ringer eg og vekker deg. Eg var ikkje sint, eg ville jo hjelpe han, seier Jelstad, som sidan 2015 har fått 200 lærlingar til å få fagbrevet som elektrikar.

Og slik blei det i eit års tid etterpå. Viss meldinga ikkje hadde komme, ringde Vegard og bad guten om å komme seg opp så han rakk jobben. Sjølv da sjefen var på skiferie med kona sørgde han for at lærlingen hans kom seg på beina.

– Eg kjente jo at han brydde seg, seier Lucas.

Flere lærlinger fra Krøderen elektro står langs ei hylle med elektrisk utstyr og plukker ut det de skal ha.

Lucas må ofte innom lageret for å hente utstyr som skal brukast til dagens jobb. Han møter morgonen med eit smil.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Avklar forventningane og prøv å forstå dei

Bedriftsleiarar må ha større tolmod og meir omsorg med lærlingar frå generasjon Z som skal ut i arbeidslivet enn tidlegare generasjonar. Det forklarer ombodet for barn og unge i Akershus, Buskerud og Østfold, Cecilie Eldrup Evju.

  • Kvinne med langt brunt hår og olaskjorte

    Cecilie Eldrup Evju

    • Ombod for barn og unge i Akershus, Buskerud og Østfold. 
    • Jobbar med korleis ein skal møte ungdom som er på veg ut i arbeidslivet. 

Mange bedriftsleiarar er ikkje klare over dette. Nå reiser ombodet rundt og held foredrag om misforståingar mellom generasjonane, og korleis dei kan møte ungdommar frå generasjon Z når dei kjem ut i sin første jobb som lærling.

Ho ser at det viktigaste er å skape gode og trygge relasjonar frå start. Grunnen til at nokon fell frå, er at dei ikkje klarer å trivast på arbeidsplassen.

– Mange i denne generasjonen treng fleire forventningsavklaringar og bekreftingar for å skape tryggleik når vi tar dei imot ute i bedrift. Dei har hatt færre sosiale læringsarenaer enn generasjonane før dei, forklarer Evju. Dei er ikkje vande til å samhandle med framande.

– For eksempel har mange av lærlingane aldri hatt ein sommarjobb, og da er det desto viktigare at sjefen skaper denne tryggleiken, meiner ombodet.

Sveip for å forstå betre og få nokre gode råd frå ombodet for barn og unge:

  • Kva kjenneteiknar generasjon Z?

    Dei er fødde mellom 1997 og 2012. Desse ungdommene er heildigitale og ambisiøse. Dei formative åra deira var prega av koronapandemien.

    Mange meiner at dei for eksempel er dårlegare på small-talk, fordi dei ikkje har hatt dei samme sosiale arenaene som tidlegare generasjonar.

  • Korleis er gen Z når dei startar i arbeidslivet?

    Denne generasjonen er opptekne av å yte maksimalt når dei først er på jobb. Dei stiller kritiske spørsmål, er nysgjerrige og vil ha klare rammer.

    Eldre generasjonar (f. eks. sjefar frå generasjonen Baby boomers 1946-1964) kan synast at dei spør veldig mykje, men desse ungdommane er vane med å få raske svar.

    Dei ønskjer seg ein sunn balanse mellom jobb og fritid. Dei vil jobbe smartare, ikke hardare.

  • Er du arbeidsgjevar? Her skal du få nokre råd:

    Ver tydeleg. Sel inn krava kort, enkelt og konsist. Ønskjer du ein lærling som skal bidra, må du vere tilgjengeleg for å svare på spørsmål. Snakk for eksempel om oppmøte, kvifor det er viktig å ikkje kome for seint.

    Dei treng bekrefting, for dei er vanee med likes fra sosiale medium. Får dei ikkje det, er det eit dårleg teikn. Dei treng å vite at det dei gjer er bra.

    Ver tilgjengeleg for ein prat, ha ein god dialog og lytt. Anerkjenn kunnskapen deira.

    Ver oppmerksam på at lærlingen kan gøyme seg bak mobilen fordi hen er usikker.

Sjefen puggar der folk bur

– Han bur der ja, og han bur der. Så begynner eg å lage eit bilde oppi hovudet mitt, seier Vegard Jelstad energisk.

Flere lærlinger fra Krøderen elektro står langs ei hylle med elektrisk utstyr og plukker ut det de skal ha.

Krøderen Elektro er éi av Noregs største elektrobedrifter på lærlingar i forhold til talet på tilsette.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Sjefen på Krøderen Elektro forklarer korleis han prøver å memorere når det plutseleg kjem tjue nye lærlingar på ein gong. Bedrifta han leier har 200 tilsette der over 30 prosent er lærlingar. Fram til nå har han valt å ha ansvaret for dei sjølv. Han vil kjenne namn og bakgrunn på alle lærlingane han har til kvar tid.

– Dei skal ha ei god opplæring og dei skal bli sette, seier han med høg stemme.

– Dette er unge menneske som skal ut i arbeidslivet for første gong. Dei er veldig usikre. Om du blir sett med ein gong, har du mykje lettare for å komme deg fort opp og tru på deg sjølv, seier Jelstad overbevisande.

Da Are Aase (20) begynte som lærling gjekk firmaet han jobba i konkurs. Han hadde høyrt rykte om at Krøderen Elektro var ein god stad å vere. Da han ringde Jelstad, blei han tatt inn i varmen med éin gong. Her har dei alltid plass til éin til, men du skal vise at du duger. Dei tar ofte inn lærlingar som ikkje har trivest andre stader.

– Sjølv om du er lærling betyr du noko i dette firmaet her, seier Are. Om du ikkje kjenner deg trygg på arbeidsplassen, blir du jo aldri flink. Vi skal jo lære ganske mykje på 2,5 år i læra. Det hjelper at du har ein sjef som er interessert i kven du er.

Set tydelege krav

I elektrobedrifta har dei laga eit system for at lærlingane i opplæringstida skal oppleve å bli verdsette og sette. Det er heilt i tråd med det ombodet meiner er viktigast: Sjå dei, anerkjenn dei og først da kan du stille krav.

Etter ein oppstartssamtale kan det titt og ofte komme ein telefon frå sjefen sjølv om kva dei treng. Jelstad spøker med at det er lov å seie at ein ikkje trivst med den ein har opplæring med.

– Men eg seier at om du har prøvd alle dei 200 tilsette her, da må du gå i deg sjølv.

En ung lærling og sjefen hans står ved en hylle med elektrisk utstyr og ser.

For Lucas blei sjefen den gode hjelparen. Han trong å forstå at han var viktig for bedrifta.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Lucas, som ikkje klarte å stå opp om morgonen, har fått fagbrevet og fekk jobb i bedrifta han stadig forsov seg frå. Han trur det kunne blitt vanskeleg om han ikkje hadde hatt ein sjef som heldt han i øyra og viste omsorg:

– Da hadde eg framleis forsove meg og antakeleg ikkje fått jobb etter læretida.

Og om du lurer på om Lucas framleis er trøytt om morgonen svarer han smilande:

– Eg har ikkje vore trøytt på lenge nå.

Publisert 13.02.2026, kl. 10.11 Oppdatert 13.02.2026, kl. 10.30

Read Entire Article