Skal det byggast meir på Dale, må det lagast ny vegtrase gjennom Gramstad

1 day ago 6



Det ligg store utfordringar med omsyn til dette pågåande reguleringsarbeidet, og ein må tenkja på å få etablert gode framtidsretta løysingar. Foto: Jon Ingemundsen

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Dersom ein vil prøva å realisera meir utbygging og aktivitet på Dale, må ein tenkja heilt nytt omkring vegstrekningen gjennom bustadområdet på Gramstad.

Dalevegen vart etablert i 1913 i samband med oppretting av Rogaland psykiatriske sjukehus. Vegen går også i dag i ein svingete og smal trase gjennom eit etablert bustadfelt.

I seinare år har ein fått fleire hus, og då med mange farlege inn og utkjørsler. Trafikksituasjonen i dag er ikkje bra, og det opplevast til tider vanskelege trafikkforhold. Dette skuldast mellom anna auka utbygging i området, for eksempel i Strondavika, og sterk trafikkauke i samband med stor aktivitet til attraktive turområde både på Gramstad, Fjogstad og på Daleområdet.

Kva må gjerast i framtida?

Det er ikkje framtidsretta å leggja til rette for meir biltrafikk gjennom dette området. Det har opp gjennom åra vore heldt fleire informasjonsmøte omkring mogleg auka utbygging på Dale. Svaret frå alle bustadeigarane på Gramstad har vore eintydige. «Skal ein tillata meir byggjeaktivitet på Dale, må det etablerast ny vegtrase gjennom Gramstad utanom eksisterande bustadområde»

Det er tenkt ny veg med innslag i terrenget før ein svingar av Dalevegen ned og gjennom Gramstad. I tillegg må det i samband med ny vegtrase også etablerast nytt vegkryss/rundkøyring for Fv4494 og Fjogstadvegen. Eksisterande kryss fungerer dårleg i dag, og vil bli endå vanskelegare med forventa auka trafikk i framtida.

Publisert:

Publisert: 31. mai 2025 13:57

Read Entire Article