Floris fekk bølgetoppane til å dansa kvite utanfor Jelsa. På kaien stod det berre ein passasjer utanom underteikna. Ei kvinne som kom ned landgangen ønskte oss lukke til. Kor ille blir dette, tenkte eg før eg gjekk om bord.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
I går fekk eg melding frå ein velmeinande kollega om at eg ikkje trengde komma til byen fordi det var meldt orkan. Eg begynte å lura på om Ryfylkeruta i det heile tatt ville gå?
Hm. Kvelden gjekk med til å sikra lause gjenstandar rundt huset. Kanskje taket for i natt, begynte eg å fantasera. Om morgonen toppa Floris nettavisene. Tre og trampolinar var på avvege og ferjer innstilt, nokre hurtigbåtar også viste det seg, når eg skrolla meg nedover.
Reiarlaget skulle vurdera kai for kai seinare, stod det. Men ville eg komma meg til Jelsa frå Foreneset på grunn av alle trea som hadde blåse ned?
Ei lita pjuske av eit tre stengde deler av vegen, elles var det berre avknekte kvister og blad som vitna om skogens basketak med Floris i løpet av natta, men i byen fekk ein politikar i det minste ei grein på bilen sin.
Men rundt kvar sving stålsette eg meg for å møta eit vindfall, ein massiv granlegg eller ein bjørkestamme på tvers over vegen. Og rullinga av sjøen utanfor Foldøy, såg ikkje den litt ekstra skummel ut i dag?
Eg steig opp landgangen med tanke om å reisa med lukka auga og ha spyposen klar i fanget.
Men så blei det ikkje så veldig ille, viste det seg. Det var litt rulte å gå bort til billettluka og betala, men elles rulla det ikkje så mykje meir enn vanleg på turen til Stavanger.
Strikketøyet kom opp og pulsen gjekk ned. Mange var me ikkje om bord, men ifølge mannskapet er det ferien som må ta skulda for det. Men igjen føler eg meg litt lurt av media som tek fram dei største overskriftene og dei feitaste titlane så snart ein vind med eit namn begynner å skramla rundt hjørne, hufsa med sjøen og rista i trekroner.
Det meste er jo berre heilt vanleg vestlandsvêr. Og skadane blir vanlegvis ikkje så store korkje på eigendelar eller menneske, heldigvis.
Den største skaden at det gjer oss alle meir skvetne, og så kan det hende at me sluttar å tru på alle varsla om uvêr, og då kan det gå ganske ille, den dagen eit uvêr verkeleg slår med storslegga.
Publisert:
Publisert: 5. august 2025 10:25