Skal granske meldingar etter at sjakkstjerne døde – utskjelt russar ynskjer etterforsking velkomen

3 hours ago 1



– Det er ein tragedie. Han var min kjæraste son. Han var 29. Daniel var eit liv. Han var så briljant, så utruleg snill og kjærleg, omtenksam, gåvmild, inspirerande.

Det seier Elena Naroditsky ifølge Fox News. Ho er mora til nå avdøde Daniel Naroditsky.

Søndag vart den 29 år gamle stormeisteren, sjakkommentatoren og innhaldsskaparen Daniel Naroditsky funnen livlaus i si eiga leilegheit.

Ifølge NBC skriv politiet i ein rapport at dødsfallet til amerikanaren kan ha vore eit resultat av ein overdose, og det blir etterforska som eit mogleg sjølvmord.

en mann spiller sjakk

STORMEISTER: Daniel Naroditsky var ein amerikansk stormeister i sjakk og ein populær innhaldsskapar og sjakkommentator.

Foto: AP

I dagane etter dødsfallet har ein feide mellom Naroditsky og tidlegare verdsmeister Vladimir Kramnik blitt vist til.

Kjernen i konflikten var at Kramnik fleire gonger skulda Naroditsky for å ha vore ein juksemakar.

Naroditsky nekta for jukseskuldingane og meinte at Kramnik prøvde å øydelegge livet hans.

Nå skal Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE) granske meldingane mellom dei to.

Reagerer sterkt

Naroditskys mor Elena Naroditsky fortel, ifølge Fox News, at konflikten med Kramnik gjekk hardt inn på sonen.

– Det var ingenting som var viktigare for Daniel enn verdigheita hans og hans namn som sjakkspelar. Den tidlegare verdsmeisteren prøvde å seie at han er ein juksemakar, seier Elena Naroditsky og viser til Kramnik.

Nå har over 21.000 signert ein underskriftskampanje mot Kramnik der dei krev at han blir utestengd og fråteken titlane sine. Utsegnene til russaren har også ført til at Fide har starta ei etterforsking.

Fleire profilerte sjakkspelarar har reagert sterkt på behandlinga av Naroditsky før hans død.

Den spansk-svenske sjakkprofilen Anna Cramling er blant dei.

Anna Cramling

SJAKKPROFIL: Anna Cramling er ein stor sjakkprofil som har over 1,5 millionar abonnentar på YouTube.

Foto: Privat

– Ver så snill, Emil Sutovsky(dagleg leiar i Fide) og Fide, gjer noko med Vladimir Kramnik. Handlingane dykkar vil bli hugsa i sjakkverda i årevis. Gjer alt i dykkar makt for at rettferda sigrar. For Daniel Naroditsky og alle andre som er offer for netthets, skriv Cramling på X.

Sjakkstjerna Hikaru Nakamura fyrer også laus.

– Kramnik kan dra og rotne i helvete, seier han i ein strøym ifølge Aftonbladet.

Kramnik svarer

NRK har vore i kontakt med Kramnik, som har svart på NRK sine spørsmål på e-post.

Han svarer ikkje direkte på kritikken frå andre i sjakkmiljøet, og heller ikkje om Fides etterforsking.

Kramnik skriv at han er prega av dødsfallet.

– Som alle normale menneske, så reagerer eg med sjokk og sorg, blanda med sinne. Det er fordi noko var synleg gale med Daniel dei siste to dagane, og dei offentlege åtvaringane mine og rop om hjelp til nokon nære var forgjeves, skriv Kramnik i ein e-post til NRK.

På sine X-konto har Kramnik laurdag lagt ut eit skriv der han mellom anna påpeikar:

– Eg har aldri kome med personlege åttak eller fornærminger mot Daniel Naroditsky.

Vladimir Kramnik

KRAMNIK: Vladimir Kramnik var verdsmeister i sjakk frå 2000 til 2007.

Foto: NTB

Når det gjeld kritikken og etterforskinga, så viser han i staden til eit intervju han har gjort med den russiske TV-kanalen Match TV.

– Eg sa ingenting stygt om han, og eg krev at Fide bekreftar desse «skuldingane» om mine uverdige ord etter hans død med eit faktisk sitat, seier Kramnik i intervjuet med den russiske kanalen.

Sjakkspelaren sa i same intervju at han har planar om å saksøke forbundet.

Den tidlegare verdsmeisteren seier til NRK at han har vore i kontakt med politiet og at han håpar det blir ei grundig etterforsking av dødsfallet. Kramnik fortel at han er villig til å hjelpe politiet dersom det skulle vere behov for informasjon frå hans side, og at han meiner det er mange ting kring dødsfallet som bør undersøkjast nærmare.

– Han skreik etter hjelp

NRK har også snakka med Keti Tsatsalashvili.

Ho er kvinneleg stormeister i sjakk og kjente Daniel Naroditsky gjennom mange profesjonelle samarbeid i jobben med formidling av sjakk

Ho er ikkje i tvil om at konflikten med Kramnik prega hennar tidlegare kollega.

– Hundre prosent. Han endra seg heilt. Eg kunne ikkje kjenne han igjen, seier 33-åringen Tsatsalashvili til NRK.

en kvinne i hvit overdel står med hendene i siden og ser inn i kamera.

STORMEISTER: Keti Tsatsalashvili er kvinneleg stormeister og har også jobba mykje med formidling av sjakk. Ho kjente Naroditsky gjennom profesjonelt samarbeid.

Foto: Privat

Ho fortel om ein episode der ein diskusjon mellom Naroditsky og Kramnik enda med at Naroditsky skreik ut «Eg kan vise alt, eg kan bevise kva du vil».

– Da tenkte eg: Kva er det vi gjer? Dette er så ille! Han blir øydelagd framfor oss. Da skjønte eg at dette ikkje var morosamt lenger.

– Ansiktet hans var forandra så mykje. Han skreik etter hjelp. Tidlegare smilte han alltid, seier Tsatsalashvili.

Naroditsky og Keti

KOLLEGAER: Naroditsky og Tsatsalashvili jobba saman ved fleire høve. Her frå ein reklameplakat i 2022.

Foto: Privat

Arkadij Dvorkovitsj, president i Fide, uttalte denne veka at han formelt har oversendt alle relevante offentlege utsegner frå Kramnik – både før og etter Naroditskys død – til etikk- og disiplinærkommisjonen til forbundet for gjennomgang.

Han lova at forbundet vil sette i verk «eigna tiltak» i alle tilfelle der offentleg trakassering eller mobbing blir observert.

Høydepunkter Galatasaray - Bodø/Glimt 3-1 - bilder fra TV 2

Publisert 25.10.2025, kl. 17.24 Oppdatert 25.10.2025, kl. 17.41

Read Entire Article