Publisert: 07.07.2025 23:00
To lærarar frå vgs. på Austlandet har teke til orde her i avisa for å byggje ned sidemålsordninga i skulen. Eller for å seie det i klartekst: å slutte å lære elevane nynorsk. I Noreg har vi to offisielle skriftspråk, og difor er det viktig at skulen gir opplæring i begge språka.
Begge etterlyser meir forståing i debatten, men dei er mest interesserte i forståing for eigne synspunkt. Skal vi fjerne det viktigaste språkpolitiske tiltaket vi har for å sikre jamstilling mellom dei to norske språka, fordi folk på Austlandet synest det er kjedeleg med grammatikk?
Vi kan skjøne at elevane mister motivasjonen for å lære viss alt sidemålsundervisninga deira legg opp til, er å «pugge verb og substantivendinger». Ein engasjert lærar vil ikkje leggje lista så lågt.
Når elevar får god sidemålsopplæring allereie på barneskulen, slik dei skal, aukar det både motivasjon og kompetanse i faget.
Eksamen i vgs. er avgjerande for å vise at sidemål er like viktig som hovudmålet. Språkleg forståing og ferdigheiter og evne til å meistre det faglege innhaldet i norsk må til for å oppnå dei beste karakterane på både hovudmål- og sidemålseksamen. Og slik må det halde fram å vere.
Vi i Noregs Mållag er dei første til å stø opp om tiltak for å gjera ordninga betre.
Slik kan vi sikre at også dei elevane i grunnskulen og i vgs. som berre har middels interesserte lærarar, får lære nynorsk og slik også høve til å velje kva språk dei vil å bruke i framtida.