Konklusjonen er tydeleg: Myndigheitene har ikkje klart å redusera isolasjonen av innsette, trass tidlegare åtvaringar.
– Me er uroa over at stadig fleire ser ut til å bli innelåste på cella nesten heile døgnet, seier sivilombod Hanne Harlem.
OVERLEVERING: Sivilombud Hanne Harlem overleverer dokumentet til stortingspresident Masud Gharahkhani.
Foto: Peter Mydske / Stortinget– Aldri vore verre
Tysdag overleverte Sivilombodet ei særskilt melding til Stortinget, basert på besøk i ti høgsikkerheitsfengsel i 2023 og 2024.
NRK var med på eit av dei umelde besøka i fjor haust. Alt då uttalte Sivilombodet at forholda i norske fengsel aldri har vore verre.
Besøksrunden viser at utfordringane med innlåsing og isolasjon av innsette framleis er svært alvorlege.
Funn frå rapporten viser at:
- Mange innsette bruker mindre enn åtte timar utanfor cella dagleg.
- Fleire blir sittande isolert i 19–22 timar i døgnet utan at det er grunna åtferd eller vedtak.
- Enkelte er innelåst meir enn 22 timar i døgnet.
- Hovudårsakene er mangel på tilsette, dårlege bygningsforhold og stramme budsjett.
Sivilombodet meiner situasjonen er i ferd med å forverra seg og åtvarar om at omfattande innlåsing kan føra til brot på menneskerettane.
– Urovekkande
I 2019 varsla Sivilombodet Stortinget om dei helseskadelege forholda og isolasjon i norske fengsel. No slår dei fast at situasjonen er blitt verre.
– Det er gjort tiltak etter våre anbefalingar i 2019, men det er urovekkande at forholda rundt isolasjon ser ut til å ha forverra seg etter at me varsla, poengterer Harlem.
Rapporten peikar også på at fleire innsette har dårlegare helse enn før, med auka rus- og psykiske lidingar.
Fengsla melder om fleire med krevjande åtferd, noko som gjer det vanskeleg å ta vare på sårbare innsette og hindra vald og konfliktar.
– Innsette som allereie slit, blir enda dårlegare av isolasjon. Dette må takast på alvor, seier Harlem.
Sivilombodet etterlyser umiddelbare tiltak for å sikra at innsette får minst åtte timar ute av cella kvar dag – slik internasjonale standardar krev.
STERKT KRITISK: Sivilombodet besøkte Ålesund fengsel i fjor haust. Rapporten som kom like før jul var svært kritisk.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKInternasjonal kritikk mot norske fengsel
I januar fekk Noreg hard kritikk frå Europarådets torturkomité (CPT) for soningsforholda. Også her blei omfattande isolasjon trekt fram som eit alvorleg problem.
– Me må følgje opp denne rapporten grundig, seier statssekretær Even Eriksen (Ap) i Justis- og beredskapsdepartementet.
Europarådets komite mot tortur anbefaler at tilsette brukar minst åtte timar utanfor cellene kvar dag.
Men i alle fengsla Sivilombodet besøkte i 2023–2024 var det éin eller fleire fellesskapsavdelingar der alle innsette utan eit dagtilbod blei låst inne i minst 17 timar i døgnet. I helgene var det i mange tilfelle endå verre.
Desse forholda krev umiddelbar handling, meiner Sivilombodet.
– Det er behov for gjennomgripande tiltak, seier Harlem.
Publisert 04.03.2025, kl. 17.46 Oppdatert 04.03.2025, kl. 18.01