Gjennom åra har komikarane Herman Flesvig og Kevin Vågenes etablert seg i eliteserien når det gjeld å glede publikum med stadig nye roller.
Ikkje minst i seriar som «Førstegangstjenesten» og «Parterapi».
No har dei klare for å vise fram heilt nye karakterar i NRK sin nye adventsserie «Nissene i skjul».
– Skriv konstant
Etter fleire år i bransjen, reflekterer Flesvig no over korleis det er å skape nye karakterar.
– Det kjem nye karakterar heile tida. Nokre funkar, andre ikkje. Men så lenge eg kosar meg med det, trur eg det går fint.
Han hentar inspirasjon frå folk han møter, spesielt på reise. Til dømes når han sit og ventar på ein flyplass.
– Eg skriv konstant notat eller legg merke til folk eg ser. Det kan vere alt frå klesstil til måten dei pratar på. Ofte blir det ein smørje av forskjellige folk, seier Flesvig til NRK.
Herman Flesvig som karakteren Ola Halvorsen.
Foto: NRKHerman Flesvig som Preben Lohrengren.
Foto: NRKHerman Flesvig som vekter.
Foto: NRKRobert Stoltenberg og Herman Flesvig.
Foto: NRKHerman Flesvig og Mikkel Niva i samband med programmet «Friminutt».
Foto: NRK
Kevin Vågenes under innspelinga av «Nissene i skjul».
Foto: Heather Vigdis Ørbeck Eliassen / NRKObserverer folk
Også Kevin Vågenes finn mykje inspirasjon i det og dei han ser rundt seg når han lagar nye karakterar.
Skodespelaren fortel at mange av karakterane hans kjem frå observasjonar han har gjort heilt sidan barndommen.
– Eg har alltid vore glad i å sjå på folk, seier han til NRK.
Han fortel korleis han alltid har vore oppteken av stemningar i rommet, og merkar seg korleis folk snakkar, reagerer og oppfører seg, seier han.
Han meiner at ein møter eit stort spenn av mennesketypar berre gjennom oppveksten.
– Når ein har fullført vidaregåande, har ein eigentleg eit heilt kartotek av ulike lærarar og medelevar. Måten dei snakkar på, gir tilbakemeldingar, kjeftar, det er så mykje å hente, seier han.
Kevin Vågenes (t.v.) i serien «Parterapi».
Foto: NRKKevin Vågenes i «Hva skjedde med Solveig?».
Foto: NRKKevin Vågenes saman med Robert Stoltenberg.
Foto: NRKKevin Vågenes i «Parterapi».
Foto: NRK
Fører låvenisse-tradisjon vidare
Flesvig og Vågenes spelar hovudrollene i «Nissene i skjul», som får premiere på NRK TV 1. desember.
Låvenisse-feberen starta på TVNorge i 2001. No gir sjefnisse Espen Eckbo stafettpinnen vidare til yngre krefter i splitter ny serie.
Espen Eckbo fortel at han kjenner både glede og stoltheit over at yngre komikarar tek over formatet han sjølv utvikla saman med Kristian Ødegård for over 20 år sidan.
– Det er jo ei blanding av stoltheit og skrekk, på ein måte. Men eg gler meg til å sjå serien.
Eckbo er sikker på at Flesvig, Vågenes og dei andre skaparane av serien forvaltar arven på ein god måte.
– Eg kan i alle fall ikkje sjå for meg nokon med betre føresetnader for å gjere det. Både Herman og Kevin kunne ha fylt skoa mine kvar for seg, men at dei hadde lyst til å gjere det saman, var ei ekstra stor julegåve.
– Veldig stort
Herman Flesvig legg heller ikkje skjul på at det har vore både stort og moro å få føre stafettpinnen vidare.
– «Nissene på låven» har vore ein serie eg såg då eg var liten, og som eg trudde var ekte veldig lenge. Så det å få vere med og vidareføre det, er veldig stort.
Tradisjonen tru er serien også denne gongen ein parodi på realitysjangeren.
Dei har henta inspirasjon frå populære realityseriar som «Forræder» og «Spillet».
Flesvig fortel at det alltid er litt skummelt å introdusere nye karakterar, men at han kjenner seg trygg i eit sterkt lag.
– Eg er i trygge hender med mange flinke folk. Kevin, som eg meiner er ein av dei beste karakterskodespelarane vi har, og resten av gjengen gjer at eg ikkje føler eg må bere dette aleine.
Espen Eckbo, Henrik Elvestad, Siw Anita Andersen, Atle Antonsen og Eivind Sander var i den originale serien.
Foto: TVNorge– Veldig moro
Herman Flesvig skildrar innspelinga som ei oppleving med god stemning og mykje humor.
– Det var heilt leirskulestemning. Eg har hatt det veldig moro.
Flesvig understrekar at prosjektet er eit lagarbeid, og at det gjer han mindre stressa.
– Dette er ikkje ein solojobb. Vi er mange som bidreg for at det skal bli gøy.
Når det gjeld kva publikum kan vente seg, håpar han at folk kjenner igjen både karakterar og konsept.
– Det er litt parodi på dei fleste julekalendrar. Vi har spel, forræderi og typar som folk har sett før. Eg håpar folk kjenner seg igjen.
Mikkel Niva og Herman Flesvig i samband med innspelinga.
Foto: Heather Vigdis Ørbeck Eliassen / NRKPublisert 29.10.2025, kl. 06.59
























English (US) ·