– Generelt så meiner eg at det er naturleg at vi går like langt. Og så tenkjer eg òg at eg synest det er veldig mange damer som er defensive på det her med rulleskirenn og lange distansar.
Det svarer Astrid Øyre Slind på NRKs spørsmål om kva ho synest om at kvinner og menn gjekk ulike distansar i langløpet fredag under Toppidrettsveka på Hitra.
Dei siste åra har begge kjønn gått like langt. Det same gjorde dei også under Blinkfestivalen i Sandnes tidlegare i sommar, der distansen for alle var 50 km
På Hitra var langløpet i år 52 km for menn – og 32 km for kvinner.
– Det er jo ein konsekvens av at det er for få som har stilt opp, trur eg, seier Slind.
Kortare løp – dobla deltaking
Det bekreftar arrangementssjef Daniel Myrmæl Helgestad.
– Det er fordi vi har sett ei dalande startliste for jentene, altså færre og færre damer på start. Så den enkle grunnen er at det ikkje er så mange på start som vi ynskjer å ha, seier han til NRK.
Då begge kjønn i fjor gjekk 56 km, var det berre 20 kvinner som stilte til start. Med kortare distanse i år, auka talet på påmelde til 53.
– Når vi har kutta distansen med 20 kilometer, så har vi over ei dobling av damer på start. Det har gitt effekt, fastslår Helgestad.
Arrangementssjefen skjønar at Slind skulle ynskje det var like distansar, som det nå både er i verdscupen og i Ski Classics på vinters tid.
– Men det er eit tydeleg signal om at det kanskje ikkje er alle som ynskjer å gå like langt, påpeikar han.
- N.B: Sjå Toppidrettsveka frå 19.45 på NRK 1 laurdag kveld
SAMAN I MÅL: Systrene Astrid og Silje Øyre Slind gjekk over målstreken saman i fjor. Silje gjekk likevel av med sigeren på langløpet.
Foto: NRK– Skulle ynskje det ikkje var nødvendig
Astrid Øyre Slind synest det er beklageleg at det er slik.
– Det er jo litt defensiv haldning, synest eg, av damene. Og så synest eg det er litt kjedeleg at det blir kort. Men dersom det blir eit større startfelt og meir spenning, så er jo det hovudsaka.
– Så du har ei forståing for at det faktisk blir gjort for å få fleire til å delta?
– Ja. Eg berre skulle ynskje at det ikkje var nødvendig, seier ho.
Slind påpeikar at femmil er inne på både VM- og OL-programmet for kvinner, og meiner fleire burde omfamne moglegheita til å få trening i å gå lange løp.
– Det er litt å gå på til gutane. Dei har litt råare mentalitet, mange av dei, på berre å prøve noko nytt og tore å utfordre litt, seier Slind.
VANN: Astrid Øyre Slind vann med over 2 minutt ned til andreplassen.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRKRulleskirennet blei vunne av Astrid Øyre Slind, som kunne gå aleine over målstreken på Hitra. Lotta Udnes Weng kom på andre, medan syster Silje Øyre Slind kom på tredje.
På herresida var Casper Kvam Grindhagen sterkast i spurten. Han vann framfor Mattis Stenshagen og franske Théo Schely.
– Meir enn langt nok
Fleire av konkurrentane til Slind syntest det var greitt å gå 20 kilometer kortare enn herrane.
– Eg synest det er positivt. Det blir ein annan dynamikk i løpet og slik resultatmessig trur eg ikkje det har så mykje å seie heller. I og med at det er tre andre renn denne helga her, så trur eg det blir fleire jenter på start, seier Lotta Udnes Weng.
POSITIV: Lotta Udnes Weng synest det er positivt at kvinnene går kortare enn herrane.
Foto: Terje Pedersen / NTBOgså Kristin Austgulen Fosnæs, som tok fjerdeplassen, synest tre mil var langt nok.
– Eg elskar det! Hehe! Viss ein skal gå alt her, så blir det veldig mange konkurransar. I alle fall for oss allrounderar. Vi er ikkje vande med så langt staking. Så for meg er det langt nok, seier ho.
UTANFOR PALLEN: Kristin Austgulen Fosnæs tapte i spurten mot Lotta Udnes Weng og Silje Øyre Slind og hamna på fjerdeplass.
Foto: Gorm Kallestad / NTBKonfrontert med meininga til Slind, seier ho:
– Ja, me er sikkert defensive, Astrid!
Fosnæs og Weng er tydelege på at dei ikkje hadde delteke om distansen for kvinner hadde vore over fem mil.
Identiske premiar
Sjølv om det er ulike distansar, opplyser arrangementssjef Helgestad at det er identisk premiering for kvinner og menn i Toppidrettsveka.
Sjølv om herrane hadde fire innlagde spurtprisar i langløpet fredag, mot berre to for kvinner, var premiepotten også der lik. Det betyr at kvar spurtpris i kvinneklassen var dobbelt så høg som for mennene.
Publisert 23.08.2025, kl. 13.32 Oppdatert 23.08.2025, kl. 13.39