Narkokartella i Mexico rekrutterer born ned i seksårsalderen. Nå fortel nokre av borna korleis dei ble lokka inn i nettverket.

Publisert 13.07.2025 21:43 Sist oppdatert 14 minutter siden
Sol hugsar det fyrste drapet ho gjorde for eit meksikansk kartell - ei kidnapping ho utførte saman med ei handfull andre unge medlem.
Det byrja med tortur og endte med drap. Då var ho berre 12 år gamal.
Alt starta nokre få månadar tidlegare.
Sol stod og solgte roser utanfor ein bar då ein mann ho kjende kom bort til ho.
Mannen var del av et eit av Mexico sine mange narkokartell. Sol vart fyrst rekruttert til enkle oppgåver som å halda vakt, men det vart fort meir komplisert.

– Eg trudde dei elska meg
Kartellet likte Sol sin barnslege iver etter å læra nye ting, den urokkelege lojaliteten hennar, og kanskje viktigst av alt: at statusen som mindreårig verna ho mot strengare straffer dersom politiet skulle få tak i ho.
– Eg stolte blindt på sjefen, fortel Sol til Reuters.
No er ho 20 år gamal og sit på eit rehabiliteringssenter i Mexico. Her prøver ho å lappe saman livet att.
– Eg trudde dei elska meg.
Sol vil ikkje sei kor mange ho har drept i løpet av tida si i kartellet. Ho fortel at ho har vore avhengig av amfetamin sidan ho var ni år gamal.
Då ho var 16, vart ho arrestert for kidnapping, og sona tre år i ungdomsfengsel, ifølgje advokaten hennar.

«Pollitos de colores»
Ekspertar Reuters har snakka med seier at born som Sol er offer for ein kjent strategi frå meksikanske kartell.
Dei rekrutterar mindreårige ved å utnytta ynskjet deira om tilhøyrsle og status.
På kartell-slang blir borna kalla «pollitos de colores» eller «fargerike kyllingar», etter små levande kyllingar spraya med sterke fargar, som blir selde på meksikanske marknadar. Dei er billege og lever ikkje lenge.
Nyheitsbyrået har kontakta born som framleis er aktive medlem i kartella via TikTok og Facebook.

Mange av dei har delt bilete av seg sjølve der dei held våpen. Dei aktive medlemma var mellom 14 og 17 år gamle.
Dei fleste vart rekrutterte av slektningar eller vener, og slutta seg hovudsakleg til kartellet av eit ynskje om å høyra til eit fellesskap.
Fleire kom frå heimar prega av vald og narkotika, og hadde eigne rusproblem før dei vart med i kartellet.
– Når du blir med, er dødsdommen din allereie underskriven, seier eit 14 år gammalt medlem som har jobba for eit kartell i åtte månadar.
– Men det er verdt det, fortel han. No har han ei kjensle av at han høyrer til ein familie.

Så mange som 30.000 born
Sjølv om ekspertar og kjelder innad i kartella seier at rekruttering av born blir meir og meir vanleg, er det lite statistikk som stadfestar omfanget.
Amerikanske «Beurau of International Labor Affairs» estimerar at om lag 30.000 born har blitt med i kriminelle grupper i Mexico, skriv Reuters.
Aktivistgrupper anslår at tallet på born som står i faresonen for å bli rekrutterte kan væra opp mot 200.000.

Det er uklart om desse tala har endra seg over tid, men ekspertane er einige i at dei rekrutterte borna blir yngre.
Ein rapport frå den mexicanske regjeringa frå 2024 viser at born ned i seksårsalderen har teke del i organisert kriminalitet. Han peikar på bruken av sosiale medium, teknologi og videospel som verktøy og lokkemiddel for å verve unge rekruttar.
Drepte læraren sin
19 år gamle Isabel fortel òg historia si frå eitt av Mexico sine rehabiliteringssenter. Her blir ho behandla for ekstreme traumer og depresjon. Sjølv vart ho rekruttert til kartellet av onkelen sin då ho var 14 år.

Onkelen hjalp Isabel med å drepa ein tidlegare lærar som hadde valdteke ho då ho var 11 år gamal. Ho fortel om ein barndom prega av rusmisbruk, valdtekt og incest.
Manglande lovgivnad
Til trass for at den mexicanske regjeringa under tidlegare presidentar, og no under leing av Claudia Sheinbaum, har fokusert på å bekjempa kartellvald, ser ein lite framgang, ifølgje ekspertane Reuters har snakka med.
Dei løftar fram mangelen på ein klar straffelov som forbyr rekruttering av mindreårige til organisert kriminalitet, og det omfattande problemet ned bornearbeid i Mexico.

Tall frå 2022 viser at 3,7 millionar born i alderen fem til 17 år i landet var i arbeid, noko som utgjer 13 prosent av denne aldersgruppa i Mexico.
Frå Mexico til Sverige
– Sjølv om dei yngste kanskje berre er nyttige til enklare oppgåver, som å levera meldingar eller halda vakt, gjer lojaliteten og formeevna deira dei til ein ressurs. Dei er billege og lette å erstatte. Når dei er åtte år gamle, kan dei vanlegvis handtera eit våpen og drepa, fortel eit aktivt kartellmedlem.
Det er synlege parallellar mellom born som arbeider for mexicanske kartell og mellom bornesoldatar som kjempar i land som Sudan og Syria. Likevel skil kartella seg ut fordi dei er profittorienterte og på grunn av den kulturelle påverknaden dei har i landet.
Tilfelle av born involverte i organisert kriminalitet har ikkje berre auka i Mexico dei siste åra. Også i Sverige har talet på alvorlege kriminelle hendingar begått av born auka, inkludert drap utført av gjerningspersonar ned i ungdomsskulealder.
Også i Noreg varslar politiet om rekruttering av born til organisert kriminalitet. Nyleg åtvara dei mot bruk av Vipps til kvitvasking av pengar for kriminelle.
Det er likevel ikkje alle born som blir rekrutterte «frivillig». Nokon blir òg tvungne inn i kartella.
På flukt frå døden
Daniel var 16 år då han vart tvungen til å slutta seg til eit kartell på Mexico sin stillehavskyst i 2021.
Kartellmedlem dukka opp på ein fest han var på, og tvang han og andre born med seg ved å truga dei med våpen.
Dei neste tre åra jobba Daniel for kartellet - han starta med å halda vakt, vart ein innkrevar som samla inn vernepengar, og endte til slutt opp som drapsmann.

Mange av venene hans døydde undervegs – nokre for handa til rivalar, andre vart drepne av hans eige kartell, anten for å setje eit døme, fordi dei nekta å følgje ordre, eller fordi dei prøvde å stige i gradene.
I november i fjor flykta han frå kartellet til Nord-Mexico, og etterlet kjærasten og den tre år gamle sonen deira. Der søkte han om asyl i USA gjennom CBP-appen, ei ordning president Donald Trump i seinare tid har avvikla.
Daniel gøymer seg no nær grensa - redd for livet, og endå meir redd for at det gamle kartellet skal komma etter familien hans.
Han sparar pengar for å kunne betala ein smuglar som kan få han over til USA.
Søken etter eit nytt liv
Rehabiliteringssentra har blitt ein stad der unge tidlegare kartellmedlem får hjelp til å bearbeida det dei har opplevd.

For Sol er det viktig å starta eit nytt liv i Mexico. No studerar ho juss og vil byrja ein karriere og eit liv vekk frå verda av død og vald ho levde i som born.
Ho vil spesialisera seg i bornerett og væra ein mentor for dei unge som blir freista av eit liv i kriminalitet.
– Eg trudde aldri at eg kom til å bli 20 år, eg trudde alltid at eg kom til å døy før, seier Sol medan ho kjempar mot tårene.
