I langtidsplanen til Forsvaret vil regjeringa gje til saman 500 millionar til oppgradering av Sola militære flyplass.
Det kjem fram i ei pressemelding måndag.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen og statssekretær i Forsvarsdepartementet Marte Gerhardsen var til stades på Sola då planane vart lagt fram.
Flyplassen på Sola er ein del av eit forsvarssamarbeid med USA og har vore ein viktig stasjon for amerikanske jagarfly.
Måtte stenge flystasjonen
Tidlegare har Sola vore nødhamn for blant anna amerikanske jagarfly.
Men i desember i fjor vart alle militære fly stengd ute frå den militære flystasjonen på Sola i Rogaland.
Avinor hevda tilstanden ved flystasjonen var uforsvarleg.
Årsaka er manglande vedlikehald av vegbana og garasjane til flya. Blant anna asfalten på rullebana skal vere frå 1950-talet. Og det er synlege sprekker i betongen på oppstillingsplassen, der det no gror ugras.
Lause bitar i betongen og asfalten gjer også at det er fare for at dei kan sugast inn og skade flymotorane.
Slik flyplassen er i dag, toler den ikkje operasjonar med Noregs eigne F-35 jagarfly og overvakingsflya P-8.
Jagarflya F-35 kan ikkje med dagens standard operere på Sola sin militære luftstasjon slik dei kan her på Rygge flystasjon.
Foto: NTBUtanlandske fly, som ber om å få lande og fylle drivstoff på Sola, får beskjed om at dei må gjere det på eige ansvar.
Ei omfattande rehabilitering
I statsbudsjettet for 2026 skal Forsvaret bruke 10 millionar på rehabilitering av taksebana Foxtrot for jagarfly og pusse opp hangarar for 7,5 millionar.
– Det er viktig at vi får opna taksebana på Sola, blant anna for å kunne ta imot allierte fly, seier statssekretær Marte Gerhardsen i Forsvarsdepartementet i pressemeldinga.
Men ikkje før 2032 er heile 500 millionar kroner sett av i Forsvarets langtidsplan til vidare oppgraderingar av Sola militære flyplass.
Der det også blir poengtert at det er viktig at flyplassen kan nyttast til militære føremål også fram til den fullstendige rehabiliteringa.
I tillegg har NATO planlagt å investere midlar på Sola flyplass dei komande åra.
Frå 2027 er det godkjent prosjektmidlar på kring 90 millionar.
– Viktig for tryggleiken vår
– Det er eit bilete på den alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen vi står i, seier nestleiar, Tina Bru (H) til NRK.
Nestleiar i Høgre, Tina Bru seier dette er ei viktig oppfølging av at Sola vart ein del av forsvarssamarbeidsavtalen med USA som Solberg-regjeringa forhandla fram
Foto: Erik Waage / NRKUnder førre regjering vart Sola ein del av forsvarssamarbeidsavtalen med USA.
– Det nære samarbeidet med våre allierte er viktig for tryggleiken vår, og ein rehabilitering av Sola militære flyplass betyr mykje for både Rogaland og Noreg, held Bru fram.
Fleire politikarar i Rogaland har lenge etterlyst midlar til rehabilitering frå regjeringa.
– Det er på høg tid at vi får gjort naudsynt vedlikehald på Sola, seier stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa (SV).
Stortingsrepresentant frå Rogaland, Ingrid Fiskaa (SV) sit i utanriks- og forsvarskomiteen.
Foto: Ole Berg-Rusten / Ole Berg-Rusten / NTB– For å kunne styrke den nasjonale forsvarsevna må vi fyrst få det forsvaret vi har til å fungere. Då er betre vedlikehald avgjerande, saman med meir personell, øving og trening, seier Fiskaa til NRK.
Gir meir til forsvaret
Søndag vart det også kjend at statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil auke løyvingar til Forsvaret med 4,2 milliardar. Det kom fram då statsministeren var på besøk til Madlaleiren førre helg.
Det betyr at forsvarsbudsjettet vil bli på kring 112 milliardar kroner, i tillegg til støtta til Ukraina. Formålet er å få fleire tilsette, vernepliktige og reservistar. I tillegg skal dei investere i nytt materiell.
Statsminister Jonas Gahr Støre var førre helg på besøk hos militærleiren på Madla.
Foto: Carina Johansen / NTBStatsministeren understrekar auken er i tråd med langtidsplanen for Forsvaret som Stortinget har vedteke.
Publisert 25.08.2025, kl. 15.02 Oppdatert 25.08.2025, kl. 15.59