Sondre (28) og Sofie (28) prøvebur kommunen

2 hours ago 1



– For vår del var dette avgjerande for at vi kom til kommunen. Saman med at vi fekk barnehageplass. Terskelen for å flytte til ein plass blir lågare når vi kan leie.

Det seier Sofie og Sondre som kom flyttande til Skjåk for eit år sidan frå Stjørdal.

Med seg på flyttelasset hadde dei to ungar og ein hund.

– Det starta med at eg søkte om reinjakt her og er glad i naturen. Vi snakka lenge om at vi skulle prøve noko anna. Da vi fekk tilbod om å leige, barnehageplass og jobb slo vi til, seier Sondre.

Skjåk kommune ligg øvst i Ottadalen i Innlandet, og har kring 2600 innbyggarar.

Den avsidesliggjande kommunen ynskjer at fleire skal kome deira veg, og har teke bustad-grep.

Sondre Dalsplass og Sofie Langås Hoem bur i ein leilegheit som kommunen har bygd. Om dei liker seg i bygda får dei kjøpe leilegheita til ein gunstig pris.

Sondre Dalsplass og Sofie Langås Hoem sett pris på å bu i ein sentrumsnær og moderne leilegheit. Han har fått jobb i eit snikkarselskap, mens Sofie jobbar i barnehage.

Foto: Knut Storvik / NRK

Kommunen bygde eigne bustader

Det unge, nyinnflytta paret viser fram den nye leilegheita i nærleiken av sentrum i Skjåk.

For to år sidan sto fire leilegheiter klar – bygd av kommunen sjølv.

Over heile Noreg finst det liknande prosjekt og bakgrunnen er at bygde-Noreg har bustadutfordringar.

– Vi var spente på om vi klarte fylle dei. Så viste det seg at vi fylte dei på tre månader og no har vi venteliste. Gjennom dette klarer vi å skaffe folk til å fylle ledige stillingar, seier Rogar Johansen, kommunalsjef i Skjåk.

Roger Johansen i Skjåk kommune

Roger Johansen i Skjåk kommune.

Foto: Knut Storvik / NRK

Han meiner at dei har fått 25 nye personar til Skjåk som følge av dette prosjektet – i deira målestokk er det mange.

– Mange av desse er yngre. For personar som ikkje har noko tilknyting til Skjåk er det eit stort steg å kjøpe bustad til fleire millionar. Da er det greitt for dei å prøvebu fyrst.

Dette meiner partia om bustad i partiprogramma sine. Sveip bortover i bildeserien under for å få eit innblikk:

  • en mann med briller og dress

    Arbeiderpartiet: Vil bygge 130 000 boliger de neste fire årene og gjenreise Husbanken. Forenkle regelverket slik at det blir billigere å bygge.

    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Erna Solberg i grønn jakke

    Høyre: Vil gjøre det enklere å bygge flere boliger raskere og billigere. Mener Husbanken har en viktig rolle. Legge til rette for økt offentlig privat samarbeid ved utbygging.

    Foto: Oskar Rennedal / NRK
  • Sylvi Listhaug med blondt hår

    Fremskrittspartiet: Vil forenkle saksbehandlingen og begrense innsigelsesretten til offentlige myndigheter. Fjerne statlig egenkapitalkrav for boliglån. Øke utbyggingstakten for studentboliger.

    Foto: Oskar Rennedal / NRK
  • Trygve Slagsvold Vedum i dress

    Senterpartiet: Vil at flest mulig skal få mulighet til å eie sin egen bolig. Vil bygge tilstrekkelig med studentboliger. Vil styrke kommunene og Husbanken.

    Foto: William Jobling / NRK
  • en kvinne som bruker briller

    Rødt: Vil bygge ut en ikke-kommersiell boligsektor. Boligene skal forvaltes ideelt, ikke kommersielt. Vil ha kollektivt eierskap. Krever andre løsninger enn det markedet kan tilby.

    Foto: Oskar Rennedal / NRK
  • Ei blond kvinne i NRK studio

    Sosialistisk Venstreparti: Mener boligmarkedet favoriserer de som har mye penger og eiendom. Vil ikke la markedskreftene styre boligmarkedet.

    Foto: Ksenia Novikova / NRK
  • en kvinne med åpen munn

    Venstre: Vil ha boligmarked som er mer tilgjengelig for nyetablerte uten arv og formue. Vil legge til rette for flere boligkjøpsmodeller som leie-til-eie. Vil gå gjennom nasjonale krav som vanskeliggjør boligbygging.

    Foto: Paul S. Amundsen / NTB
  • Dag Inge Ulstein i dress

    Kristelig Folkeparti: Videreføre selveierdemokratiet i den norske boligmodellen. Øke takten i boligbyggingen. Styrke Husbanken. Gi kommunene forkjøpsrett på en større andel av hus og leiligheter i alle utbyggingsprosjekter.

    Foto: Oskar Rennedal / NRK
  • en mann i dress som smiler

    Miljøpartiet de Grønne: Gjennomføre en boligsosial reform som inkluderer forebygging av boligutfordringer. Gi kommunene mulighet til å kreve enheter i nye boligprosjekter.

    Foto: Oskar Rennedal / NRK

Behov for fleire

Politikarane vedtok å sette av ein del millionar til prosjektet.

Til slutt kom byggjekostnaden på kvar leilegheit på 4,7 millionar kroner.

Kommunalsjefen meiner det er god samfunnsøkonomi.

– Vi har behov for fleire. No har kommunen forplikta seg til å kjøpe kvar fjerde bustad som byggjast. For vår del kan vi vel si at dette er vårt svar på demografiutfordringane distrikts-Noreg står i.

Marit Lofnes Mellingen, direktør i Distriktssenteret, meiner det er positivt at kommunar utforskar ulike bustadmodellar.

Dei jobbar saman med Husbanken om forskjellige tilskotsordningar.

– Det er ofte mangel på bustader som hindrar næringslivet og andre for å rekruttere tilflyttarar. Spesielt i distrikta er det vanskeleg å få tak i utleigebustader.

Skjåk kommune er ein av fleire kommunar i Noreg som har bygd leilegheiter for at folk kan prøvebu.

Bygging av nye bustader i Skjåk er i gang.

Foto: Knut Storvik / NRK

– Større risiko å kjøpe

Ho fortel at det ofte kan opplevast som eit stort hinder å flytte til ein ny plass utan å kjenne nokon dersom dei må kjøpe.

At folk kan prøvebu i ein kommune gje ein unik moglegheit, meiner ho.

– Det er ein større risiko å kjøpe. Vi ser at folk flytter andre plassar om dei ikkje finn bustad å leige. Kommunane som har prosjektet med prøvebu gje positive tilbakemeldingar, seier Mellingen.

Marit Lofnes Mellingen

Marit Lofnes Mellingen.

Foto: NRK

Ved sidan av Sondre og Sofie bur det enda eit ungt par.

Marte Skjerven (27) og Marius Johansen (29) vart lokka til kommunen av naturen og at dei kunne prøvebu.

– Som ung er det vanskeleg å kome seg inn på bustadmarknaden. Det er dyrt. Samtidig er det få moglegheiter å leige, og da er det vanskeleg å flytte til ein ny kommune. Vi hadde vurdert ein anna kommune om vi ikkje fann noko her.

Marte Skjerven og Marius Johansen flytta nyleg inn i leilegheita etter å ha stått på venteliste.

Marte og Marius flytta nyleg inn i leilegheita etter å ha stått på venteliste.

Foto: Knut Storvik / NRK

Sto på venteliste

Marte og Marius sto på venteliste på leilegheita i Skjåk og er glad da dei endeleg kunne flytte inn.

– Her er det sentrumsnært og nytt. Så er det også veldig bra at vi kan kjøpe til ein gunstig pris om vi trivst her.

Marte Skjerven (27) og Marius Johansen (29) har fått det livet dei drøymde om med nærleik til natur.

Marte Skjerven (27) og Marius Johansen (29) har fått det livet dei drøymde om med nærleik til natur.

Foto: NRK

Byggjer nye leilegheiter

Ikkje langt unna der dei bur er bygginga av nye bustader i gang.

Denne gongen er det byggjeselskapet Sebb AS som byggjer leilegheiter der kommunen har garantert å kjøpe ein av dei fire leilegheitene.

– For vår del er det kjempeviktig og nesten avgjerande. Sidan vi må forskottere alt er det fint å ha tryggleik i ein leilegheit som kommunen kjøper, seier Ola Aaboen, dagleg leiar i Sebb.

Ola Aaboen i Sebb.

Ola Aaboen i Sebb.

Foto: Knut Storvik / NRK

Verste tal sidan 1999

Mens byggeselskapet i Skjåk har stor ordrebok slit store deler av byggenæringa i Noreg.

Ferske tal frå Boligprodusentene viser at tala på sal og igangsetting er dei lågaste sidan 1999. Dei meiner at det er grunnleggande utfordringar i bustadforsyninga.

I mars i år skreiv NRK om Nordbolig i Hamar som måtte avvikle selskap.

– Vi har ikkje merka det, men har registrert at andre slit. Vi har ein del oppdrag til utpå seinhausten, men det går litt treigare om vinteren. Vi treng ikkje å permittere nokon, seier Aaboen.

Sondre Dalsplass og Sofie Langås Hoem bur i ein leilegheit som kommunen har bygd. Om dei liker seg i bygda får dei kjøpe leilegheita til ein gunstig pris.

Sondre og Sofie har bestemt seg for å ta eit år til i Skjåk.

Foto: Knut Storvik / NRK

Tek eit år til i Skjåk

For Sondre så nærmar reinsjakta seg på nytt. Førebels så trivst den unge familien seg godt i kommunen.

– Vi bestemte oss eigentleg for eitt år i Skjåk, men no tek vi enda eitt år. Vi ser fram til eit nytt år med jakt og mykje tid ute i naturen. Så får vi sjå om vi ender opp her på fast basis. Det er iallfall veldig fint å prøvebu.

Hei!

Takk for at du las artikkelen. Har du tankar om artikkelen eller andre tips kan du gjerne sende meg ein epost. 

Publisert 21.08.2025, kl. 13.17

Read Entire Article