Søvnekspert rosar vanen til stjernene: – Veldig positivt

17 hours ago 1



– Eg spelte kvar dag, før kvart skirenn i VM, seier Johannes Høsflot Klæbo.

Han er ute på ei treningsøkt i Granåsen. Når han kjem heim att, skal ein ikkje sjå bort ifrå at det blir ein runde med dataspel.

– Eg er glad i gaming, fordi det er min måte å vere sosial på om vinteren.

Gjennom store delar av året lever han isolert, mellom anna for å unngå å bli sjuk. Han fortel at han brukar å ta fram spelkonsollen i september, når vêret blir dårlegare og det blir mørkare på kvelden.

Det er Klæbo ikkje aleine om. Fleire av dei største idrettsstjernene er opne om at dei spelar.

– Me gamar Minecraft i lag. Sit og gamar og lagar hus og slikt, sa Erling Braut Haaland til reporterane i A-laget.

Der avslørar fotballspelaren at han og kjærasten likar å spele dataspel i lag.

en person som bruker hjelm

LANGRENNSLØPAR: Johannes Høsflot Klæbo.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Ikkje nødvendigvis negativt

Klæbo fortel at det er skytespel som er favoritten.

– Det er sikkert nokre søvnekspertar som seier det ikkje er så bra. Men eg søv godt, gliser skistjerna.

Gode nyheiter, Klæbo! Søvneksperten er faktisk positiv.

– Eg synest det er betre at folk spelar dataspel enn at dei ligg i senga og bekymrar seg, seier Ståle Pallesen.

Ståle Pallesen

FORSKAR: Ståle Pallesen har forska på søvn og dataspel.

Foto: Magnus Vabo

Han er professor i psykologi ved Universitetet i Bergen, og har dessutan forska på dataspel og søvn.

– For nokon kan det vere ein mental avleiar frå ting som elles ville forstyrra søvnen deira.

Han held fram:

Gaming er ikkje nødvendigvis noko negativt, så lenge det ikkje går utover førebuingar, trening eller søvn – som er heilt avgjerande for restitusjon, seier Pallesen.

Spelte før kvart VM-gull

Mykje tyder på at gaminga ikkje har gått over førebuingane til Klæbo, som tok seks av seks gull under VM i Trondheim.

Langrennsløparen fortel at han spelte dataspel kvar dag under meisterskapet.

– Om det berre var ein kjapp runde, så tok eg alltid ein runde før eg la meg, seier han.

en person som bærer en krone

GULLOPPSKRIFT: Klæbo vann seks VM-gull under meisterskapet i vinter.

Foto: Lise Åserud / NTB

Systematikk og disiplin

Erik Grasaas forskar også på søvn. Han meiner ein fint kan «game», om ein har god systematikk rundt det.

– Viss ein set av litt tid til spel, og ein har god systematikk og disiplin på det, så trur eg det er ein fin ting å kunne spele, seier Grasaas.

Søvnforsker Erik Grasaas ved Universitetet i Agder.

SØVNFORSKAR: Erik Grasaas er fysioterapeut og forskar ved Universitetet i Agder. Han har forska på unge og søvn.

Foto: UiA

Forskaren legg ikkje lok på dataspel i utgangspunktet gir dårlegare søvn. Og fortel at det finst undersøkingar der ungdom sjølv seier at gaming går utover søvnen deira.

– Ein sit gjerne tett på skjermen. Det er veldig mykje stimuli, mykje fargar, det er mykje lyd og blått lys. Det utløyser mykje stoff som gjer at det er vanskeleg å falle til ro rett etterpå.

Grasaas trur mange idrettsutøvarar har kontroll på eigne spelevanar, og at dei klarer å tilpasse seg og få nok søvn.

en mann i sportsuniform

FOTBALLSPELAR: Erling Braut Haaland spelar til vanleg for Manchester City og det norske landslaget. På fritida likar han å spele dataspel.

Foto: Hannah McKay / Reuters / NTB

– Når det er snakk om Haaland, så har eg har fått inntrykk av at han går med gule glas i brillene og slike ting. Eg har eigentleg inntrykk av at han er ganske opptatt av å optimalisere alle forholda rundt seg.

Han held fram:

– Eg trur nok han klarer å finne den balansen, for han er sikkert veldig bevisst på det.

Søvnforskaren trekkjer fram det å stå opp og leggje seg til same tid kvar dag, som noko av det viktigaste for å få god søvn.

Avkopling

– For min del er det avkopling. Eg føler at eg gjer noko anna. Og på vinteren er det godt å tenke på noko anna enn berre langrenn. Så eg tenkjer det er positivt, seier Klæbo om eigne spelevanar.

– Når du er på reise 200/300 dagar i året, så blir det vanskeleg med desse fysisk sosiale relasjonane. Spesielt viss du driv med ein individuell sport, seier André Baumann, dagleg leiar i Bredde-e-sportsforbundet.

mann med hettegenser

DAGLEG LEIAR: André Baumann er dagleg leiar i Bredde-e-sportsforbundet. Han har tidlegare jobba som ernæringsfysiolog på Olympiatoppen.

Foto: Privat

Baumann har sjølv vore «gamer» og meiner det kan hjelpe med avkopling frå eit elles travelt toppidrettsliv.

– Toppidrettsutøvarar har, etter mi erfaring, klart fokus og klare mål. Gaminga blir brukt til avkopling, men det går ikkje utover prioriteringane dine i idretten, seier Baumann.

Også søvneksperten er einig.

– For mange kan dataspel fungere som ein mental avkopling i ein kvardag med stort press, seier Pallesen.

Brukar du gaming som avkopling?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

For Klæbo er gaming også viktig for å ikkje bli einsam gjennom sesongen.

– På sommaren prøvar eg å treffe kompisar. På hausten blir det mindre tid til det. Då er det min måte å vere sosial på. Me sit og pratar «skjit». Ein føler at ein er med folk, når ein ikkje treffer dei, fortel han.

– Gaming kan fylle viktige sosiale funksjonar når ein er mykje isolert, og samtidig hjelpe til å kople av frå press og stress. Det er eigentleg veldig positivt, seier Pallesen.

Publisert 24.10.2025, kl. 11.08

Read Entire Article